Natural News rapporterer at den britiske regjeringa åtvarar innbyggjarane mot ein potensiell katastrofe, og ber dei skaffe seg batteridrivne radioar, telys og andre forsyningar. Dette er ifølgje visestatsminister Oliver Dowden, som seier at britar må bli meir «personleg motstandsdyktige» og mindre avhengige av elektroniske apparat og dei som krev Internett-tilgang. I artikkelen står det (mi omsetjing):
«Denne bodskapen kom under hans fyrste årlege melding om ‘risiko og motstandsdyktigheit’, der han la vekt på at risikoar ‘utviklar seg fortare enn nokosinne’, og viste til den pågåande konflikten i Ukraina, ekstreme vêrforhold slik som flaum, misbruk av teknologi slik som kunstig intelligens, og at cyber-åtak blir stadig meir sofistikerte.
Senior-Tory-kabinettministeren driv for tida og lagar ei motstandsdyktigheitsnettside og akademi som vil bistå personar og føretak i å betre førebu seg på framtidige katastrofar slik som cyber-åtak, naturkatastrofar og pandemiar.
Nettsida, som er meint å bli tilgjengeleg neste år, vil tilby folk råd og rettleiing om korleis dei kan førebu seg på ei rekkje naudsituasjonar, spesielt dei som etterlèt dei utan straum for apparata som dei er avhengige av for kommunikasjon. Den vil òg kome med tips om korleis ein beskyttar seg mot trugslar slik som e-post-svindel og phishing [nettfiske].
Akademiet, som blir danna med 10 millionar pund [136 millionar kroner], skal trene opp profesjonelle som jobbar i visse roller, for å gje dei evna til krisehandtering og naudplanlegging.
Éin gjenstad som Dowden meiner alle hushaldningar bør ha, er ein radio som ikkje er avhengig av elektrisitet for å fungere, slik som batteridrivne og handsveiva variantar. Han sa at folket har blitt for avhengige av Internett. Dette tydar at dersom ein katastrofe skjer og vi ikkje kjem oss på nettet, vil dei utan tilgang til radio finne seg sjølve i eit informasjonsvakuum.
‘Det var alltid slik før at alle kunne få tilgang til ein batteridriven radio,’ sa han.
‘Kor mange menneske har eit kommunikasjonsverktøy som ikkje er avhengig av digital eller elektrisitet? Vi burde ikkje anta at motstandsdyktigheita som vi hadde som individ då vi voks opp er den same no, fordi samfunnet har blitt digitalisert,’ sa han, før han la vekt på kor viktig det er å ha ein måte skaffe seg nyheiter i tilfelle ein naudssituasjon.
Medan mange hushaldningar hadde telys og lommelykter tilgjengelege i fortida, har dette blitt mindre vanleg i moderne tider, sidan folk bruker lommelykta på smarttelefonane sine.
Han åtvara at ein katastrofe kan slå ned utan forvarsel, og folk lyt vere førebudde. Han sa òg at regjeringa si nye motstandsdyktigheitsnettside vil ha ein funksjon som lèt medlemmer av folket melde seg som friviljuge for å hjelpe til i tilfelle ei krise.
Han åtvara òg om farane ved KI [kunstig intelligens], som han seier utgjer ein ‘kronisk risiko’, og som kan gjere det lettare for kriminelle å utføre cyber-åtak.
Han sa: ‘Den metaforiske tenåringsguten på rommet sitt kjem ved hjelp av KI til å bli ein mykje betre hackar enn dei brukte å vere. Evna til einslege, vondsinna personar til å utvikle store biologiske trugslar aukar med KI. Likeeins når det gjeld kjemiske risikoar.»
Hmm, her er det noko i gjære. Dei same meldingane dukkar òg opp her i Noreg om at folk må førebu seg på katastrofar, sokalla kriseberedskap. Klart, det er lurt å ha eit beredskapslager dersom ting skulle gå til helvete, og telys, varme kle, batteri, langtidshaldbar mat og pledd burde alle heimar ha. Men alt det fokuset på beredskap tydar på at styresmaktene kanskje veit noko dei ikkje vil fortelje oss.
