Kina FORBYR bruk av ordet «covid-19» om pneumoni-utbrotet som herjar i landet

Sjå òg «Advokat Tom Renz: Sanninga om ‘White Lung Disease’», publisert 6.desember 2023.

Tenestepersonar i Kina har visstnok fått instruksar om å unngå å kalle det mystiske pneumoni-utbrotet som raskt spreier seg i landet for «covid-19». Dette melder The Sun og Natural News. Ein anonym person frå innsida avslørte denne instruksjonen til The Sun, og hevdar at Xi Jinping har gjeve topp-tenestepersonane i landet eit «hemmeleg direktiv» for å spele ned kor alvorleg det noverande utbrotet er i landet. Tenestepersonar skal ifølgje direktivet referere til utbroten som anten «mycoplasma-pneumoni-infeksjon» eller «influensa A».

Natural News skriv (mi omsetjing):

«I tillegg nemner insideren òg at både utanlandske og innanlandske medieformidlarar har fått eksplisitt instruks om å ikkje rapportere om utbrotet og låst som det ikkje skjer.

Utbrotet, som er karakterisert av ‘uvanlege symptom’ hjå råka individ, har kravd liva til mange barn sidan midten av oktober. Dei råka barna presenterer visstnok symptom slik som feber, der somme tilfelle presenterer alarmerande teikn som minner om «kvite lunger», ein tilstand tidlegare assosiert med alvorlege covid-19-infeksjonar. Mange har òg utvikla lunge-nodular, eit trekk som ikkje vanlegvis er assosiert med mycoplasma-pneumoni, som vanlegvis forårsakar ‘flekkvise infiltrat’.

Fleire sjukehus, inkludert sjukehuset tilknytt Heibei universitet, har installert provisoriske klinikkar for å handtere det aukande talet pasientar, primært barn som får intravenøs behandling. Arbeidarar i fullt smittevernutstyr har òg drive og desinfisert gater og bygningar for å stoppe spreiinga, sjølv om dei fleste tilfelle har blitt rapporterte i Beijing, Tianjin og Liaoning-provinsen.

Med det veksande talet tilfelle har Kina blitt tvinga til å gjeninnføre munnbind og sosial avstand. Det inkonsekvente mønsteret versus dei typiske mønstera for mycoplasma-pneumoni har blitt kjelde til spekulasjonar rundt den potensielle tilknytinga til covid-19-infeksjon. […]

Den USA-baserte virologen Sean Lin sa til Epoch Times i eit intervju 3.november at mycoplasma-pneumoni typisk kan behandlast med spesifikke antibiotika. Han la til at denne typen pneumoni vanlegvis ikkje resulterer i alvorlege lungeinfeksjonar eller ‘kvite lunger’.

‘Covid-19 har eigentleg aldri forsvunne i Kina,’ sa Lin. ‘Difor, frå eit profesjonelt synspunkt, burde det vere ein variant av [covid]. Eit kombinert åtak av meir enn to virus eller bakteriar er òg ein mogleg årsak.’

Tilfeldigvis døydde ni anerkjente lærde i Kina – inkludert to akademikarar – visstnok på sjukehus ei veke etter at den nye bølgja av sjukdom eskalerte i november. Alle ni gjekk bort mellom 16. og 23.november, og åtte av dei var medlemmer av Det kinesiske kommunistpartiet (CCP).

Sidan desember 2022 har legitime kjelder i Kina rapportert fleire dødsfall blant ekspertar, senior-CCP-tenestepersonar, konsernleiarar og unge og middelaldrande politibetjentar. Somme av dei døde har blitt lovprist som ‘utmerka medlemmer’.

Tilbake i august sa Falun Gong-grunnleggjar Li Hongzhi at covid-19-pandemien hovudsakleg råkar CCP og dei som blindt følgjer, forsvarer og jobbar for det. Basert på desse rapportane, ser det ut som om dette nye pneumoni-utbrotet visseleg råkar medlemmer av det vonde partiet […].

‘Når menneske blir korrupte i hjarta sine vil dei generere karma, bli sjuke og lide av elende,’ sa Li, som har fått gruppa si forfølgt av CCP. ‘Ein pandemi som det noverande [utbrotet] har kome med eit føremål og med eit mål. Det har kome for å fjerne følgjarane av det vonde Partiet og dei som støttar det vonde CCP.’»

Kan grunnen til at styresmaktene forbyr bruken av ordet «covid-19» om dette utbrotet, rett og slett vere at det er covid-19? Og kor stor karmisk rettferd er det at denne pneumonien ser ut til å råke CCP-medlemmer og deira støttespelarar? Ikkje rart at CCP vil feie denne saka under teppet.

Kommenter innlegget