Taylor Swift blir skulda for å promotere HEKSERI og SATANISME på turné

Eg er av den oppfatninga og meininga at mange kjendisar har blitt berømte av andre grunnar enn talent. Det er her snakk om kynisk marknadsføring frå ein industri som er berykta for å utnytte menneske, både kommersielt og seksuelt. Ein har i alle tider snakka om at artistar har «selt sjela si» for å bli rike og berømte, og der verserer eit vell av rykte og anekdotar om kva desse kjendisane visstnok skal ha gjort, og framleis gjer. Eg skal ikkje gå altfor mykje inn i sanningsgehalten til desse rykta, men når vitne etter vitne står fram i ei nærast endelaus rekkje og i utgangspunktet fortel det same, må det liggje noko i det.

Popstjerna Taylor Swift har nyleg blitt skulda for å promotere hekseri og satanisme under sin «Eras Tour». Dette melder nettstaden Screen Geek. Natural News har laga ein artikkel om desse påstandane, og dei skriv (mi omsetjing):

«I ein video som sirkulerer på nettet blir ei konservativ kvinne sett kome med detaljerte kommentarar under Swift si live-framføring av ‘Willow’, ein song frå Evermore-albumet. Kvinna skulda Swift for å utføre mørke ritual medan ho gjekk med eit heksekostyme under heile songen.

Ifølgje kvinna fanga ein fan opp ein augneblink under konserten der nokon i publikummet kan bli høyrt oppmode Swift til å ‘mane fram demonane’. Swift svarte visstnok at frasen ‘mane fram demonane’ [engelsk summon the demons] er det nye slagordet som publikum syng under hennar påståtte heksekunstritual.

Kvinna går deretter over til å hevde at demonar reagerer negativt når ein nemner Gud og Jesus.

‘Kvar gong du nemner Jesus, byrjar dei å frode rundt munnen. Dei byrjar å skrike, og dei byrjar å manifestere demonar. Demonane ønskjer ikkje å høyre om Jesus. Det er det einaste namnet dei er redde for. Det er det einaste namnet dei må svare til. Det er det einaste namnet som sender dei til helvete,’ sa kvinna.

Sosialmedieplattformer, spesielt X og TikTok, har blitt samlepunkt for oppheta diskusjonar rundt live-framføringa der Swift visstnok utfører ritual og maner fram demonar under konserten. […]

Nettbrukarar har blanda reaksjonar overfor skuldingane – enkelte trur på dei og andre svarer med sarkasme.

‘Har aldri lika Taylor Swift, men no har eg definitivt ein grunn til det. Såg akkurat ein video av hennar hekseri/ritual-framføring på nokon si Instagram-historie. Nei-hei! Få den vondskapen vekk herifrå. Truande burde ikkje lytte til dette,’ sa ein X-brukar.

‘Hei, folkens. So, openbert bruker Taylor Swift sin ‘Eras Tour’ hekseri og svart magi… Det er i dykkar beste interesse å ikkje gå på desse konsertane og i staden vennlegast gje alle billettane dykkar til meg for å halde dykk trygge,’ sa ein annan X-brukar.

Swift sjølv assosierte ‘Willow’ med heksekunst under ein spørsmål-og-svar-seanse på YouTube i 2020. ‘‘Willow’ handlar om intrigar, lyst og kompleksiteten som er med i det å ville ha nokon. Eg meiner det høyrest ut som å kaste ei trollbinding for å få nokon til å forelske seg i deg,’ sa ho.»

Taylor Swift har ved tidlegare høve òg blitt skulda for å promotere hekseri og satanisme. Ein tidlegare republikansk guvernørkandidat for delstaten Georgia, Kandiss Taylor, skulda Swift for å «påverke uskuldige sinn til å bli begeistra for den mørke sida av spiritualitet». MAGA-støttespelaren og pastoren Hank Kunneman, har skulda Swift for å vere involvert med farmasigiganten Pfizer – tilfeldigvis har Swift sin noverande kjærast, Travis Kelse, vore med i ein reklame for nettopp Pfizer. Pastor Kunneman har òg skulda Swift for å promotere hekseri og satanisme under konsertar, og påstod vidare at Swift sin progressive støtte er knytt til vondsinna praksis.

John-Henry Westen, medgrunnleggjar og sjefsredaktør for nettstaden LifeSiteNews diskuterer ein video av ein eksorsist som åtvarar folk om å gå på konsertane til Swift sin «Eras Tour» på grunn av hekseri og satanisme. Videoen kan sjåast her.

At artistar og skodespelarar skal ha inngått «avtalar med Djevelen» er ikkje eit nytt fenomen. Allereie tilbake på 1960-talet spelte til dømes enkelte artistar og grupper på denne påståtte tilknytinga til «mørke krefter». Om dei faktisk dreiv med dette, er i dag uvisst. Dei fleste hadde på den tida genuint talent – i motsetnad til i dag, der artistar og skodespelarar fyrst og fremst er ei handelsvare som skal seljast til so mange som mogleg, til stor personleg og spirituell kostnad for dei sjølve. Under ein slik kontekst kan «Djevelen» like gjerne tyde plateselskapet eller filmstudioet, og den endelause vondskapen og grådigheita som er å finne blant desse aktørane.

Kommenter innlegget