Britar kan bli tvinga til å ta selfiar før dei får sjå porno

InfoWars melder at nettsider for vaksne kan tvinge britiske borgarar til å ta selfie av seg sjølv for å verifisere alderen sin før dei får lov til å sjå pornografisk innhald. Denne nye regelen blir visstnok innført for å beskytte barn. Dei skriv (mi omsetjing):

«Storbritannia sitt telecom-reguleringsbyrå Ofcom seier at nettsider burde bruke ‘ansiktsgjenkjenningsestimering’ for å bekrefte at brukarar er vaksne før dei får tilgang til porno.

‘Pornografi er altfor lett tilgjengeleg for barn på nettet, og dei nye nettryggleikslovene er tydelege på at det må endre seg,’ sa Dame Melanie Dawes, leiar for Ofcom.

‘Uavhengig av deira tilnærming, forventar vi at alle tenester tilbyr robust vern mot at barn snublar over pornografi, i tillegg til å syte føre at privatlivsrettar og fridommen til vaksne for å få tilgang til lovleg innhald blir beskytta,’ la ho til.

Tilhengjarar hevdar at selfie-rammeverket er meir privatlivsvennleg fordi det ikkje krev personleg ID eller informasjon.»

The Telegraph skriv:

«Teknologien blir av somme sett på som eit meir privatlivsvennleg alternativ til det å laste opp personleg ID eller kredittkortinformasjon, fordi det ikkje krev at ein skriv inn personleg informasjon.

Ofcom seier at barn ser nettpornografi for fyrste gong når dei er gjennomsnittleg 13 år, og ein fjerdedel ser det innan dei er 11.

Aldersestimeringssystem blir allereie brukt av sosialmedieselskap slik som Instagram for å sjekke alderen på folk, og bruker kunstig intelligens for å gjette alderen til ein person basert på tusenvis av bilete som systemet har blitt trena opp i.

Yoti, ein teknologitilbydar som blir brukt av Instagram og vaksensida OnlyFans, seier det slettar bilete so fort dei blir sjekka.»

InfoWars skriv til slutt:

«Skamma tilknytt politikken rundt å ta ein selfie for å få sjå hardporno kan ikkje berre hindre barn frå å få tilgang, men det kan halde vaksne vekke òg.

Aldersverifiseringslover har òg blitt introdusert i USA dei siste månadene, men reglane har blitt møtt med juridiske utfordringar i fleire delstatar.»

Det eg lurer på er kva garanti britar har for at selfiane faktisk blir sletta. Korleis kan dei vete at alle selfiane ikkje blir lasta opp i ein database for vondsinna føremål i framtida?

Kommenter innlegget