Du lever i ei verd dominert av gruppetenkinga til irrasjonelle kultar

Mike Adams skriv i ein artikkel publisert 9.desember 2023 på nettstaden sin Natural News at vi lever i ei verd som er styrt av kultar. Sunn fornuft har måtte vike plassen for dei dogma som den og den kulten finn for godt, og avvikande meiningar blir møtt med ekstrem intoleranse og fiendtlege handlingar slik som vald og drap. Han skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Du lever i ei verd som er styrt av kultar. Nesten alle der ute er medlem av ein eller annan kult. Du har klimakulten, som av ein eller annan grunn trur at karbondioksid er dårleg for planeten, endå karbondioksid er naudsynt for fotosyntese og for at alle tre, grastypar og matavlingar skal vekse. So har du òg LGBT-kulten som trur det er greitt å lemleste barn i namnet til transkjønnsideologi, eller å kjemisk kastrere dei etter å ha overtyda dei om at dei må vere det motsette kjønnet. Dette er berre ei form for ekstrem barnemishandling. Men kultmedlemmene pushar det som om det er ei form for opplysing.»

Kultar er òg å finne innan politikken:

«Der finst ein Trump-kult som trur Trump er Frelsaren vår, og at når han blir gjenvalt for tredje gong, so vil han kome tilbake til makta og alle problema til USA, inkludert ulovleg innvandring, krigar, korrupsjon og alt anna [vil forsvinne]. Der finst òg ein pro-Israel-kult som blir reflektert av mange kristen-sionistar i USA som trur at Israels massebombing av palestinarar (og deira hærtaking av andre arabiske nasjonar) er vegen til gjenoppbygginga av tempelet og tilbakevendinga til Kristus, som vil late kristne leve i 1000 år i ein ny Gyllen alder, openbert utan nokon muslimar, sikhar, buddhistar eller nokon som helst andre.

Der er òg Q-kulten, som trur at kvite hattar i hemmelegheit planlegg å redde USA gjennom massearrestasjonar, og at all skrekken som blir påført oss berre er ein del av ein sirleg gjennomført film som vi alle er meint å sjå, slik at vi kan bli imponert når sanninga kjem ut som ei gigantisk overrasking. Og so blir vi redda.»

Kva har so alle desse kultane til felles?

«Dei fokuserer alle på den ideen at vi kjem til å bli redda av ei kraft utanfor oss sjølve. Trump-kulten trur at Trump vil redde oss. Klimakulten trur at vitskapen vil redde oss. Der er òg ein vaksinekult som, naturlegvis, trur at det å bli injisert med eksperimentelle biologiske våpen vil redde oss. LGBT-kulten trur at transkjønnsideologi vil frigjere menneskeheita. Og so er der sataniske kultar som trur satanisme er det beste uttrykket for menneskeleg fridom. Kristen-sionistane trur at vald er svaret på å bli redda av Kristus. Og so er der alle former for kjendiskultar som trur ymse kjendisar vil redde oss om vi berre gjev dei meir makt over verda.»

Alle desse kultane søkjer altso svar utanfor seg sjølve, utan å tenkje på at det er våre eigne handlingar som kan redde verda rundt oss. Vi må byrje med oss sjølve, og ikkje satse på at Trump, «kvite hattar», «Q» eller andre figurar skal steppe inn og redde oss. Vi har venta på noko slikt altfor lenge. Det er på tide å ta ansvar og gå til handling.

«Og der er ei kjensle av desperasjon i alle desse kultane. Der er irrasjonelt håp kombinert med desperasjon. Dei treng desperat å bli redda, og dei vil leggje dette irrasjonelle håpet på ei ekstern kraft for å oppnå det. Svara som dei treng blir alltid funne på utsida, snarare enn frå innsida. Det er grunnen til at det svake sinnet har trendens til å bli tiltrekt av kultar, fordi det frigjer dei frå kvart eit ansvar knytt til handlingane deira.»

Det alle kultane òg har til felles, er at dei avviser det rasjonelle:

«I staden for å sjå på verda rundt seg, og ta til seg evidens og observasjonar (og prosessere dei på ein måte som har røter i fornuft), filtrerer dei i staden verda rundt seg til å samsvare med trua i sin eigen kult. Dei avviser all evidens som går imot deira kult, og dei omfamnar alt som forsterkar den.»

Kultar har eit ekstremt forvrengt syn på røyndommen, og dette gjeld alt frå teknokultar som trur på transhumanisme og blandinga av menneske og maskin, til transkjønnsideologar, som ønskjer å kirurgisk lemleste barn, for so å hevde at dette er framgang i staden for eit fælsleg brotsverk. På same leis trur kristen-sionistkulten at barn burde bli bomba og øydelagde dersom dei er palestinarar, «fordi dette er måten å mane fram Kristus slik at Han vender tilbake som Frelsaren deira. So ofringa av barn i Gaza er eit naudsynt steg for å bringe guden deira tilbake i eksistens. Denne trua er forresten ikkje på nokon måte ulik trua til dei gamle aztekarane, som ofra barn i trapper og altar i sin sivilisasjon, og ofte stakk dei og flerra opp brystkassane på barn og reiv ut hjarta deira. Alt dette naturlegvis utan bedøvelse, for å prøve å blidgjere gudane sine.»

Klimakulten er kan hende endå meir ekstrem, sidan dei «trur at utryddinga av menneskeheita er naudsynt for at guden deira, stundom kjent som Gaia, skal bli gjenoppretta i all si prakt.»

Desse kultane er ikkje berre sjølvmordskultar, dei er dødskultar. Dei krev alle ofring av menneskeliv for å oppnå sine eigne interne mål, og her trekkjer Adams passande nok òg fram abortkulten, som «trur mord av barn i livmora er vegen til å oppnå fridom for kvinner, typisk reproduktiv fridom eller seksuell fridom, slik at dei kan ta del i seksuelle aktivitetar utan konsekvensar ved å rett og slett ofre liva til ufødde menneskebabyar».

Det skal godt gjerast å møte nokon i dag som ikkje er medlemmer av ein eller annan kult. «Du og eg lever i ei verd omringa av menneske som for det meste er kultmedlemmer. Dei er ikkje rasjonelle. Dei prosesserer ikkje informasjon frå verda rundt seg på ein måte som er konsekvent. Og du kan ikkje lite på at dei oppfører seg rasjonelt, eller handlar i fornuft.» Dei vil fyrst og fremst handle på ein måte som tener interessene til kulten sin:

«Med andre ord kjem transkjønnskulten til å velje seg barn som bytte og lemleste millionar av dei om dei kan sleppe unna med det. Kristen-sionistkulten kjem til å prøve å slakte ned fleire hundre millionar arabarar medan dei fører krig mot muslimar over heile verda. Transhumanistkulten kjem til å prøve å setje KI [kunstig intelligens] til å styre verda etter å ha programmert den til å produsere woke-terminators som kjem til å utrydde menneskeheita. Og klimakulten er ute etter å skape eit globalt, vitskapleg diktatur som vil forby nettopp dei tinga som gjer menneskesivilisasjonen berekraftig, slik som forbruk av energi, eller produksjon av mat.»

Gjennom sine handlingar avslører dei at dei alle som ein er dødskultar: «På ein eller annan måte er dei alle forkjemparar for eller dyrkarar av døden. Gjennom sine handlingar er dei ute etter massedød av anten millionar eller milliardar av menneske. Og same kven du er, og same kor mykje du opererer med ei kjensle av fornuft og rasjonalitet i ditt eige liv, sjølv om du er ein særs rettskaffen person, eller ein person med mykje medkjensle, sjølv om du er moralsk og etisk sjølv, vil du før eller seinare bli ei målskive for éin eller fleire av desse dødskultane.»

Du vil «bli eit mål når du ikkje tilpassar deg trua til den kulten, og dei vil seie at du ikkje har rett til å eksistere, fordi du ikkje støttar deira kultliknande tru.»

Til dømes hevdar venstreorienterte at konservative ikkje har rett til å ytre seg på Internett. Sionistar hevdar at palestinarar ikkje har rett til å leve. Fascistiske progressive som underviser i kritisk raseteori hevdar at alle kvite er vonde og burde bli undertrykte. Tilhengjarar av covid-19-«vaksinar» vil hevde på innpust og utpust heilt til det siste at mRNA-injeksjonane er «trygge og effektive», sjølv om der no er massiv empirisk evidens som seier det motsette. Og alle som meiner noko anna enn dei sjølve, er «farlege konspirasjonsteoretikarar» som må fråtakast alle moglegheiter til å ytre seg.

So… Korleis kan vi unngå å bli sogne inn i desse giftige, destruktive kultane? Det er ifølgje Adams enkelt:

«Du held deg til kjerneprinsippa som reflekterer måten du ønskjer å bli behandla i verda. Dersom du ønskjer å bli behandla med ei kjensle av fred og privatliv, respekterer du andre menneske sin fred og privatliv. Dersom du ikkje ønskjer å bli bomba til døde, so ikkje bomb andre menneske til døde. Dersom du ikkje ønskjer å bli sensurert, so ikkje sensurer andre. Dersom du ikkje ønskjer å bli myrda, so ikkje myrd andre. Behandl andre slik du sjølv ønskjer å bli behandla, og ikkje krev at dei skal bli med i din spesifikke kult.»

Det alle religionar grunnleggjande har til felles, er at dei alle lærer ein å respektere liv og kvarandre: «Vi må rett og slett vere einige om kjerneprinsippa som eg trur vår guddomlege skapar prenta inn i sjølve veven i kosmos: Liv, medvit, fri vilje og universell medkjensle.

So, dersom du verkeleg ønskjer å kome nærare Gud, slutt med å vere medlem av ein kult som hevdar å ha eit eksklusivt monopol på ein hemmeleg kode for å mane fram Gud, som involverer ritualistiske drap og vald mot andre. Støtt i staden liv og universelle menneskerettar. […] Vi treng ikkje å bli med i ein kult for å kome nærare Gud. Faktisk er det å vere medlem i ein kult utan tvil ein sikker veg til å bli avvist av Gud.»

Kommenter innlegget