Roberto Speranza, helseministeren i Italia under «pandemien», ser ut til å vere under etterforsking for mord fordi han skjulte dødsfall av mRNA-injeksjonane. 12.desember 2023 publiserte Greg Reese ein video på sin Reese Report med tittelen «Italian Health Minister Gave Orders to Conceal Vaccination Deaths – Now Under Investigation For Murder»: «den italienske helseministeren gav ordre om å skjule vaksinedødsfall – no under etterforsking for mord». Reese er å finne på InfoWars og deira videoarkiv banned.video, som begge er eigd av Alex Jones. Jones vart nyleg sleppt inn igjen på X av den nye eigaren Elon Musk, etter å ha blitt utestengt for livstid frå dåverande Twitter for ein del år sidan. Jones delte Reese sin video på sin gjenoppretta X-konto, og har i skrivande stund hatt ein million visingar.
Den italienske avisa La Verità («sanninga») hadde 23.november 2023 overskrifta «Speranza Indagato per omicidio», «Speranza (blir) etterforska for mord»; biletet av framsida er å sjå i videoen. Nettstaden Vigilant News publiserte ein transkripsjon av det Reese sa under videoen. Dei skriv (mi omsetjing):
«Den tidlegare italienske helseministeren Roberto Speranza er under etterforsking for drap etter e-postar avslørte at han heilt frå byrjinga av vaksinasjonane visste at sprøytene drap folk, og gav ordre til lokale helsestyresmakter om å skjule dødsfall og alvorlege biverknader for å forsikre italienske borgarar om deira tryggleik, og for ikkje å setje vaksinasjonskampanjen i fare […].
Desse oppsiktsvekkjande skuldingane vart rapportert både av tyske og italienske nyheitsnettverk.
Reese kom med ei engelskspråkleg omsetjing av ei tysk nyheitssending om denne historia [uthevingane er Vigilant News sine; oms.komm.]:
‘Det offentlege påtalekontoret i Roma etterforskar Roberto Speranza, helseministeren i den italienske regjeringa då der var covid-tiltak. Han var ansvarleg for vaksinasjonskampanjen. Etterforskinga er eit resultat av klagar relatert til dei sokalla AIFA-e-postane frå Det italienske byrå for medisinar. Tidlegare direktør i AIFA, Nicola Magrini, er òg under etterforsking.
Offentleggjeringa av desse interne e-postane avslører at dei var klare over farane ved covid-vaksinasjon frå byrjinga av. Skuldinga er at den ansvarlege ministeren og leiaren for legemiddelstyresmakta med vilje og forsett eksponerte den uvetande italienske befolkninga for denne risikoen.
Ja, dei oppmuntra italienarar til å bli vaksinerte. Vaksinasjon vart til og med påbode for visse profesjonsgrupper. Som ein konsekvens dukka der opp mange biverknader, inkludert dødelege biverknader. Etterforskingane dreiar seg om mord, alvorleg kroppsskade og meir, på grunn av at Speranza og Magrini tydelegvis gav instruksjonar til lokale helsestyresmakter om å skjule dødsfalla og dei alvorlege biverknadene som skjedde straks etter at vaksinasjonane byrja, for på den måten å ikkje setje vaksinasjonskampanjen i fare – og for å forsikre befolkninga om kor trygge dei var.
Den ansvarlege ministeren og leiaren i AIFA er no forventa å svare for desse handlingane. Ifølgje klagane frå politiforeiningane og finanspolitiet, so vel frå den private organisasjonen ‘Listen to Me, som representerer 4200 menneske som vart skadde av vaksinane i Italian, vart politibetjentar og lærarar offer for påboden covid-vaksinasjon.
Her er den tidlegare helseministeren Roberto Speranza, der han stolt formidlar vaksinasjonsstatistikk i Italia: ‘Vi har no nådd ein massivt betydeleg prosentdel av vaksinerte i Italia, 89,41%. Difor er det på noverande tidspunkt i Italia like over 10% gjenverande uvaksinerte.’
Vel, i dag er Roberto Speranza under etterforsking for løgnene han visstnok fortalde om vaksinane. Blant brotsverka han er skulda for er ideologisk falskheit og mord. Her er dokumentet vi viser dykk i kveld, eksklusivt.’
Reese la til at nyleg stemte Representantanes hus i Filippinane for å utføre ei etterforsking rundt den mystiske auken i uforklarlege dødsfall, 260 000 i 2021 og rundt 67 000 i 2022. Derimot ser det ut til at regjeringa sine undersøkingar knutt til ‘sjokkerande’ uforklarlege dødsfall vart sett tilbake etter at landet opplevde eit kraftig jordskjelv på 7,6 på Richters skala.»
Den tysk- og italienskspråklege nyheitssendinga frå RTV Aktuell som ser ut til å vere kjelda til denne saka, kan sjåast her. Innslaget har engelske undertekstar.
