I ein meiningsartikkel som vart publisert i Russia Today 10.desember 2023, skriv den amerikanske journalisten Tony Cox om dei nylege opptøyane i Dublin, der demonstrantar mellom anna sette fyr på bussar og politibilar som ein reaksjon på at ein algerisk innvandrar gjekk til åtak med kniv på tre barn og to vaksne 23.november. I staden for å vedkjenne seg kriminaliteten og den sosiale uroa som kriminelle innvandrarar påfører vestlege land, gjekk dei irske styresmaktene til totalåtak på sine eigne innbyggjarar og framstilte dei som rasistar. Dei ubrukelege leiarane flytta dermed fokuset vekk frå det reelle problemet og laga seg eit imaginært eit.
Cox skriv innleiingsvis (mi omsetjing):
«Det pågåande herskarklasse-raseriutbrotet på grunn av dei nylege Dublin-opptøyane fortel oss mykje om breidda og djupna av den avgrunnen som ligg mellom vestlege regjeringar og deira borgarar. Det som om dei som styrer er opprørte over frekkheita og mangelen på vørdnad til undersåttane sine, som skrik ut over smerta og døden som blir påført dei av dei som visstnok skal leie dei.»
Den mistenkte for knivåtaket har ifølgje Cox verken blitt identifisert eller offisielt pågripen.
«I motsetnad til det irske folket, blir han beskytta av staten deira, og han er visstnok for medteken til å bli avhøyrt av politiet på grunn av skadar han pådrog seg under knivåtaka. Han har blitt skildra som ein 49 år gammal algeriar som vart gjeven irsk statsborgarskap.»
Uheldigvis tabba ein uavhengig journalist seg ut når det gjaldt identiteten til den mistenkte:
«Ein mediekontrovers braut ut nokre dagar etter åtaket då den uavhengige journalisten John McGuirk rapporterte – uriktig – at den mistenkte var ein algerisk innvandrar som hadde budd i Irland, for skattebetalarane si rekning, sidan 2003. McGuirk refererte til ein mann som stod overfor ein utvisingsordre etter ein arrestasjon for fleire år sidan, men som fekk lov til å bli verande i landet, og som seinare fekk eit irsk pass. Tidlegare dette året vart han arrestert for ulovleg bering av kniv og for skade på ein bil. Han vart sleppt laus av retten på grunn av eit mentalhelseproblem, ifølgje mediereportasjar.»
Det McGuirk formidla viste seg å vere feil, sidan politiet seinare avslørte at han hadde identifisert feil algerisk innvandrar. På grunn av detaljane som McGuirk skildra i den no fjerna artikkelen, greidde nett-detektivar å grave opp identiteten hans. Algeriaren (som er uskuldig i knivepisoden) blir difor beskytta av politiet. Samstundes held dei tilbake informasjon om den verkelege mistenkte.
«McGuirk fjerna sin uriktige artikkel frå Internett og la ut ei melding der det stod at kjelda som gav han uriktig identifikasjon var ein høgtståande polititenestemann. Han kryssjekka òg informasjonen med ein høgtståande tenesteperson i det irske rettssystemet før han publiserte artikkelen sin. Medieformidlaren hans, Gript Media, driv no og etterforskar om det feilaktige tipset var ei bevisst sabotasjehandling.»
Etablerte media heiv seg over denne gleppen som ein flokk svoltne ulvar. Dei gjekk til åtak på McGuirk ikkje fordi han hadde formidla uriktig informasjon, men fordi han valde å ikkje halde tilbake «sensitiv informasjon». I eit intervju med Ciara Doherty fekk McGuirk spørsmål om han «nørte opp» under ein «fiendtleg situasjon» ved å rapporterte detaljar om innvandrarbakgrunnen til den mistenkte. På det svarte han: «Din grunnleggjande posisjon er at du, som ein journalist som sit der, burde avgjere kva slags informasjon dei som ser dette programmet skal få, og dersom du avgjer at dei ikkje taklar det, so gjev du det ikkje til dei.»
Cox spekulerer i om maktpersonar i politiet og rettsvesenet gav den uavhengige journalisten feilinformasjon med vilje:
«Det ville vere enkelt å sjå kvifor mektige figurar i den irske regjeringa ville fryde seg over å få slik ei historie feilrapportert av ein opponerande journalist. Diskusjonen har vendt seg over til spreiinga av ‘feilinformasjon’ og oppviglinga av sinte innbyggjarar, heller enn altfor mykje innvandring og dårleg tryggleik for folket.»
Fokuset på denne historia frå Irland skulle etter Cox si meining vere på den øydeleggjande innvandringspolitikken, ikkje at feil kriminelle algeriske innvandrar vart identifisert:
«Ironisk nok speler distraksjonen og feilvendinga av Dublin-historia ikkje eigentleg noka rolle. Faktum er at den farlege innvandraren identifisert av McGuirk hadde fått lov å bli verande i Irland av ei regjering som ikkje prioriterer tryggleiken til sitt eige folk. Han utførde ikkje dette spesifikke overfallet, men han er ein kriminell innvandrar, og viss og når han utfører eit anna brotsverk, vil det bli ein sjølvpåført feil mot det irske folket av deira eiga regjering. Der gjenstår òg det faktum at den verkelege mistenkte er ein algerisk innvandrar, som tydar at han kom frå eit land meir enn 1000 miles unna [1609 kilometer] som ikkje er i krig. Om han var ein legitim flyktning, var ikkje Irland den næraste trygge hamna – ikkje på langt nær.»
Irland og mange andre land i Europa er midt oppi ei innvandringskrise, noko som ikkje berre er ei stor bør for velferdssystemet. I tillegg får ein auka kriminalitet og ei kjensle blant folket av at dei ikkje lenger er trygge i sine eigne heimland. Dette vil ikkje vestlege regjeringar vedkjenne seg.
«Heller enn å skrike ut over knivstikking av barn eller konfrontere dei politiske spørsmåla reist av dette åtaket, driv tenestepersonar i den irske regjeringa og deira mediestenografar og fokuserer indignasjonen sin på dei innbyggjarane som valdeleg kravde endring, og avskreiv dei som ‘reinspikka rasistar’.»
McGuirk vart skulda for å provosere fram opprør i Dublin. Opprøret ville sannsynlegvis ha skjedd likevel:
«Til det omfanget at mobben vart provosert, vart dei provosert av realitetane – den realiteten som er skapt av politikken til dei tonedauve leiarane i landet. Innstrøyminga av innvandrarar – mange av dei illegitime asylsøkjarar som ikkje kjem frå krigssoner – har fått folketalet i Irland til å ese ut til 5,15 millionar, opp 31% dei siste to tiåra. Éin av fem innbyggjarar i Irland er ikkje fødde i Irland. Mange unge menneske har gjeve opp å sjå etter bustader på grunn av bustadskrisa og knusande inflasjon. Draps- og andre kriminalitetsratar har auka skarpt.»
Cox skriv vidare at ei nyleg spørjeundersøking viser at 75% av det irske folket meiner at det blir tekne inn for mange asylsøkjarar. 76% er einige i at det er greitt for folk å bli sinte når innvandrarar blir flytta inn i lokalsamfunnet deira.
«Ikkje alle dei som deltok i opprøret var motiverte av ekte sorg og sinne. Enkelte tok til døme uroa som ei moglegheit til å plyndre. I alle tilfelle får ein sterk majoritet av det irske folket ikkje det dei vil ha frå dei som lagar politikken. Bodskapen deira blir ikkje høyrt når dei brenner ting, akkurat som den vart ignorert då dei heldt fredelege demonstrasjonar. So, kva blir då det neste?
Irske leiarar har respondert ved å demonisere kritikarane sine og gjere dissens ulovleg. Til dømes er den irske MMA-legenda Conor McGregor visstnok blant dei mange som blir etterforska for påstått ‘oppvigling til hat’. McGregor la ut på sosiale media at den mistenkte for åtaket utgjorde ein ‘stor fare blant oss i Irland, og skulle aldri ha vore her i fyrste omgang’. Visestatsminister Micheal [sic] Martin fordømte den korrekte kommentaren som ‘absolutt ufyseleg’, noko McGregor responderte på ved å kalle politikaren ‘verdilaus og ryggradslaus’.»
McGregor hevda sidan at irske tenestepersonar prøver å bruke han som ein syndebukk.
Amerikanske styresmakter hadde til samanlikning ein heilt annan reaksjon på dei valdelege og destruktive Black Lives Matter-opptøyane i 2020 etter dødsfallet til George Floyd, ein svart kriminell. Byar stod i brann og dusinvis av menneske vart drepne. Den framtidige visepresidenten Kamala Harris var pådrivar for ein innsamlingskampanje for å kausjonere ut deltakarar i opprøret som hadde blitt arrestert. Politimannen som vart dømt for drapet på Floyd, Derek Chauvin, sonar ein lang fengselsstraff. Nyleg vart han knivstukken 22 gonger av ein medfange som viste seg å vere tidlegare FBI-informant. Ein ny dokumentar avslører at den originale obduksjonen viste at Floyd ikkje døydde av skadane som betjent Chauvin påførde han; han hadde dødelege nivå av fentanyl i blodet. Etter eit møte med FBI endra obdusentane rapporten til å konkludere at Chauvin drap Floyd.
Cox konkluderer:
«Vestlege leiarar ser ut til å basere reaksjonen sin mot sivil uro og valdelege brotsverk på ideologien til gjerningspersonane. Dersom det samsvarer med deira politiske agenda, blir bodskapen forsterka og behandla sympatisk. Dersom det eksponerer galskapen bak destruktiv politikk, må det knusast.»
Dei brukte BLM og Floyd-drapet til å splitte folket og fremje «reformer» som favoriserer kriminelle over lovlydige borgarar, og ikkje-kvite over kvite. Sidan Dublin-opprøret handla om at irane har fått nok av valdelege innvandrarar, måtte dei framstillast som ekstremistar og rasistar. På same måte har meir enn 1100 menneske som deltok i den fredelege 6.januar-demonstrasjonen i Washington, blitt idømt lange fengselsstraffer. Dei hevda at Biden hadde fuska seg til presidentembetet og at Trump var den reelt valde presidenten, og dette måtte djupstaten slå knallhardt ned på. Manifestet til transpersonen Audrey Hale, som skaut og drap tre barn og tre vaksne på ein grunnskule i Tennessee, har enno ikkje blitt offentleggjort. Grunnen til dette er at transkjønnsideologi samsvarer med deira politiske agenda. I det vesle som har leke ut av manifestet, skriv Hale om å myrde ‘all you little crackers’. Cracker er eit skjellsord brukt om kvite, som regel av svarte.
Cox skriv avslutningsvis:
«Undertrykkinga av sanning, lyginga, og det situasjonsbestemte raseriet kan ikkje oppretthaldast for alltid. Leiarar som trykkjer ned i halsane på folk politikk som øydelegg landa deira og skader innbyggjarane, som leiarane visstnok skal representere, kan ikkje i det uendelege lure seg unna eit verkeleg oppgjer rundt alt bedrageriet deira. Kritikarane kan ikkje lenger stilnast heilt, same kor aggressive sensurforsøka er.
Kor berekraftig er det å vere i krig med dykkar eige folk? Kor lange kan ei regjering handle i strid med interessene til borgarane sine, og gjere om til skurkar dei som klagar? Med mindre dei erstattar den innfødde befolkninga raskt nok til å unngå ansvarleggjering, vil leiarane på eitt tidspunkt måtte svare for seg til sine undersåttar.»
