Studie viser at covid-19-injeksjonar so langt har forårsaka heile 17 MILLIONAR dødsfall!

Ein estimerer no at minst 17 millionar menneske har døydd over heile verda som eit resultat av å bli «vaksinert» mot det påstått dødelege og allmennfarlege viruset covid-19. Ny forsking samla av doktorane Denis Rancourt, Marine Baudin, Joseph Hickey og Jérémie Mercier, publisert 17.september 2023, estimerer at sidan lansering av Operasjon Warp Speed, har minst 17 millionar menneske døydd. Dette melder Natural News. Dei skriv (mi omsetjing):

«Fordi den nye studien ber om umiddelbar stans av alle covid-injeksjonar, har der vore mange ‘faktasjekkar’ som har som mål å ‘tilbakevise’ funna, som set Big Pharma i risiko for tapte sal og tapt profitt.

For studien såg legeteamet på 17 land over fire kontinent i Latin-Amerika og området ved ekvator, noko som gav dei ei representativ prøve av verda.

‘Vi kalkulerer giftigheita av vaksinen for alle aldrar med tanke på talet dosar gjevne over heile verda, til å konkludere at 17 millionar menneske kan ha blitt drepne av denne vaksinen,’ fastslo dr. Rancourt.

Dei 17 landa ved og sør for ekvator omfattar Argentina, Australia, Bolivia, Brasil, Chile, Colombia, Ecuador, Malaysia, New Zealand, Paraguay, Peru, Filippinane, Singapore, Sør-Afrika, Surinam, Thailand og Uruguay.

Desse landa utgjer 9,1% av verdas befolkning, 10,3% av mottekne covid-injeksjonar i verda (ved ein injeksjonsrate på 1,91 per person), og so godt som kvar covid-sprøytetype og produsent. […]

Etter å ha nøye undersøkt og lagt saman dataa, vurderte forskarane at der er null evidens basert på all-cause mortality (ACM) [dødelegheit av alle årsaker], for at der har vore nokon som helst fordelaktige effektar i det heile ved covid-injeksjonar. Der er ei heller inga tidsmessig tilknyting mellom covid-injeksjon og nokon som helst proporsjonell reduksjon i ACM.

Det viser seg at det motsette er tilfellet, sidan alle 17 landa såg mykje høgare ACM-tal etter at sprøytene vart sleppte laus, samanlikna med før dei kom på marknaden.

Ni av dei 17 evaluerte landa viste ingen merkbar overrepresentasjon av ACM i ein periode på rundt eit år etter at ‘pandemien’ vart erklært 11.mars [2020]. Dette var omtrent den tidsperioden mellom då covid fyrst vart annonsert og då injeksjonane vart sleppte lause.

Etter at sprøytene byrja å kome inn i armane på milliardar, var då ACM-tala byrja å stige. Sommaren 2022 for den sørlege halvkula (januar-februar), var då der var ‘hittil usette toppar av ACM’.

‘Desse toppane er synkroniserte med, eller umiddelbart følgde av rask covid-19-vaksine-booster-utrilling (tredje eller fjerde dose),’ indikerer rapportar. ‘Forskarane seier at dette fenomenet er til stade i kvart tilfelle med tilstrekkjelege dødelegheitsdata.’

‘Det er usannsynleg at overgangen til regime med høg ACM, som fann stad samstundes med utrullinga og den vedvarande administrasjonen av covid-19-vaksinar i alle 17 land ved eller sør for ekvator, kan kome av nokon som helst annan årsak enn vaksinane,’ sa legane som var involvert i forskinga.

Dei oppdaga vidare at dess eldre sprøytemottakaren var, dess høgare var sannsynlegheita for at han eller ho kom til å døy tidleg av å bli vaksinert mot covid. Legane merkte seg ein ‘synkronisitet’ mellom dei mange toppane i ACM (i 17 land, på fire kontinent, i alle eldre aldersgrupper, på ulike tidspunkt), og assosiert rask booster-utrulling tillèt denne bestemte konklusjonen når det gjeld årsaksforhold og nøyaktig kvantifisering av covid-19-vaksine-giftigheit.’

Alt i alt har 17 millionar overtalsdødsfall av covid-19-injeksjon blitt registrert til no, og mange fleire vil sannsynlegvis kome dei neste åra.»

Kommenter innlegget