David Icke hevdar at Alex Jones er kontrollert opposisjon

Den britiske forfattaren og mediepersonlegdommen David Icke (uttala «aik») har gått til frontalåtak på Alex Jones etter at Jones vart sleppt inn igjen på X. Icke kallar Jones ein marionett for Den nye verdsordenen. Dette melder The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

«Då hovudstraumemedie-formidlarar og annonsørar truga med å boikotte X etter at Jones vart sleppt inn igjen, slutta David Icke seg til protestskaren ved å antyde at Jones i hemmelegheit samarbeider med kabalen for å trekkje merksemda vekk frå dei ‘ekte konspirasjonsteoriane’ som Icke snakkar om. [På 1990-talet hevda han at verda var styrt av reptil-liknande romvesen; oms.komm.]

‘De blir lurte, folkens, men dei fleste vil aldri skjøne det,’ la Icke ut på X, og hevda at Jones si gjenoppretting er del av ein eller annan storslegen konspirasjon.

‘Musk kunne enkelt ha gjort dette for lenge sidan, men ritualet måtte utspele seg til å både lovprise Musk, den nye MAM-guden, og å plassere Alex Jones midt på scena som eit symbol på Mainstream Alternative Media saman med Musk, Carlson, Rogan, Tate, Peterson, Brand, Vlaardinkerbroek og resten av dei alle.’

‘Dei kan kvar for seg ha nyttige ting å seie om nokre ‘prikkar’, men dei står som ein kollektiv blokade for dei djupe nivåa av kaninhòlet der deira eigne ‘prikkar’ berre er symptom, ikkje årsaka,’ la konspirasjonseksperten til.»

Med MAM meiner Icke «mainstream alternative media», altso det noko sjølvmotseiande «alternative hovudstraumsmedia». Noko slikt eksisterer ikkje, då er dei i sofall kontrollert opposisjon, som Icke med dette utspelet sterkt antydar at Jones og dei nemnde aktørane er. Han ser ut til å skite i eige reir, og bite handa som gjev han mat, i og med at han i lengre tid har fått fremje synspunkta sine på nettstaden InfoWars og deira videoarkiv banned.video, som begge er eigd av nettopp Alex Jones. Sidan Icke har brukt Jones si gigantiske plattform til å fremje videoane og bøkene sine, meiner enkelte at utspelet hans er temmeleg frekt.

X-brukaren «modernity» skriv som svar på innlegget til Icke:

«Du har vore fast gjest på The @RealAlexJones show, og fått lov til å seie nøyaktig kva du vil i over to tiår. Du har òg ein dedikert kanal på videoplattforma hans. So ifølgje din eigen logikk, er du òg ein ‘MAMMIE’ [kontrollert opposisjon; oms.an.]. Du betaler òg @elonmusk for X Premium fordi du har det blåe merket [verifisert Premium-brukar]. Truleg fordi at du då kan tene pengar på kontoen din og tene til livets opphald her. Ikkje alt er ein konspirasjon.»

Enkelte, slik som «TVP Sean», hevdar at Icke ser ut til å kjefte på Jones fordi han er hemmeleg sjalu på all merksemda hans tidlegare venn Jones fekk etter å ha blitt gjenoppretta på X:

«David, du ser ut til å vere temmeleg forbanna på at Alex er tilbake på Twitter?»

Den same brukaren ber i eit anna innlegg Icke om å slutte å vere slik ein «stor baby»:

«Men i Guds namn, David, slutt å vere slik ein stor baby. Der er rikeleg med rom her inne for meir enn éin alternativmedie-gallionsfigur. Kvifor gratulerer du ikkje ‘vennen’ din Alex i staden for å kaste alle leikane dine ut av barnevogna?»

Modernity.news kjem med følgjande refleksjon:

«Icke sine forsøk på å hengje Musk ut som eit slags vondskapsfullt geni verkar òg ein tanke tvilsamt, utifrå at han nesten heilt sikkert tener pengar gjennom X og betaler for tenesta. Dersom han trur Musk er so ille, kvifor betaler Icke han for eit månadsabonnement? Det er då visseleg det fyrste du ville ha slutta å gjere. Du treng ikkje verifisering på X for å bruke det. Du treng det berre for å tene pengar på kontoen.»

9.desember 2023 heldt Elon Musk ei spørjeundersøking blant X-brukarane om han skulle gjenopprette Alex Jones på X eller ikkje. 70,1% svarte ja, 29,9% svarte nei. Med orda «Folket har tala og soleis skal det bli», sleppte Musk 10.desember dermed Jones tilbake igjen på plattforma han for ei tid tilbake vart utestengt på livstid frå.

Icke sitt utspel kan nesten få meg til å spekulere i om han er kontrollert opposisjon.

Kommenter innlegget