NRK skriv 14.desember 2023 at «[p]ersonar som i dag får avslag, kan i framtida likevel få erstatning for seinskadar etter koronavaksine, meiner fagfolk. Årsaka er ny kunnskap om biverknadar [sic]».
Avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker i Norsk pasientskadeerstatning (NPE) seier til NRK:
«Eg trur at me i framtida vil få fleire svar på kva som kan vera biverknader ein kan forklara har samanheng med koronavaksinen. Då får me læra av det. Så får me sjå om me bør gjenopna gamle avslag fordi ny kunnskap tilseier at det likevel er ein samanheng.»
Av dei som har søkt om erstatning for kortvarige eller langvarige biverknader etter å ha teke covid-19-«vaksinar», har dobbelt so mange fått avslag som medhald. Dette kan endre seg dersom der kjem ny forsking. Til det seier Gulaker:
«Då kan det henda tala forandrar seg, men det veit me ikkje no. Det viktigaste me skal vurdera, er om det er mogleg å forklara ut frå medisinsk og biologisk kunnskap at vaksinen kan ha gitt desse typane plager […].»
Statistikk frå NPE per 1.oktober 2023 seier at 1573 personar i Noreg har søkt om erstatning på grunn av biverknader eller seinskadar etter covid-«vaksine». 321 har fått medhald og utbetalt til saman rundt 15 millionar kroner i erstatning. 694 har fått avslag. Resten av søknadene er ubehandla eller trekt tilbake. NRK skriv: «Det er stor forskjell på kor lang tid det tar før ein får svar på erstatningssøknaden. Saker om menstruasjonsforstyrring/bløding i underlivet går raskt, kanskje på berre eit par månadar [sic]. Vanskelege vurderingar tar eitt år eller meir.»
Erstatningssummen varierer kraftig, sidan regelverket fastslår at ein fyrst og fremst skal få dekt tapa og utgiftene ein har hatt på grunn av skadane. Dette rangerer frå nokre tusen kroner til å dekke auka behov for bind i samband med menstruasjonsforstyrringar, til erstatning for tapt framtidig arbeidsinntekt. Dersom det har skjedd dødsfall, til dømes hjå ein ung forsørgjar, «kan erstatningsbeløpet bli svært stort».
Legemiddelverket sjølv skriv 25.september 2023:
«Etter at over 12,5 millioner doser er satt, har Legemiddelverket mottatt 62 313 meldinger om mistenkte bivirkninger. Av disse er 62 087 (99,6%) behandlet. 8052 (13%) er klassifisert som alvorlige og 54 035 (87%) er klassifisert som lite alvorlige.»
I følgje FHI er der per 7.desember 2023 registrert 6152 koronarelaterte dødsfall i Noreg, og 272 dødsfall er kanskje relaterte til koronavaksine ifølgje Legemiddelverket. Om lag 4,35 millionar nordmenn har teke minst éin vaksinedose, 4 millionar har teke to, og 3 millionar har teke tre.
Vaksineskadde som har organisert seg i støtteforeininga VaxVeritas starta av Karl-Erik Hordnes, seier til NRK at det er «[e]in hån å kalla koronavaksinen trygg og effektiv». Dei seier sjølv at dei var med på dugnaden, men at dei no ikkje blir tekne på alvor når dei seier dei har blitt skadde av mRNA-injeksjonane.
«Den manglande oppfølginga frå helsestyresmakter, og manglande anerkjenning gjennom pasientskadeerstatning, er heilt skandale og ei stor ansvarsfråskriving,» seier Hordnes, som sjølv har vore 60% sjukemeldt sidan han tok covid-«vaksinen» for to år sidan.
(Sjå òg «Karl-Erik Hordnes startar arbeidsgruppe for vaksineskadde», publisert 22.mars 2023.)
Biverknader som går igjen i erstatningssaker, er menstruasjonsforstyrringar, hjartemuskelbetennelse (myokarditt) og hjarteposebetennelse (perikarditt). «For tilstandar som ME, MS eller langvarig hovudpine er det ikkje vitskapleg påvist samanheng med koronavaksine», skriv NRK.
Ei sak har fleire sider, og NRK nemner ikkje det faktum at nordmenn vart utsett for eit nådelaust sosialt press frå eit samla hovudstraumsmedia og toppolitiske leiing om å late seg covid-vaksinere. NRK var ein av medieformidlarane (om ikkje sjølve hovudaktøren) som hjelpte til med å spreie propaganda og desinformasjon om «trygge og effektive» vaksinar som skulle vere «løysinga og slutten på pandemien». Spesielt stort var dette presset i helsesektoren, som eg sjølv jobba i som helsefagarbeidar på den tida. Eg vart utstøytt frå personalgruppa og til slutt fjerna gjennom ein absurd hekseprosess av ei personalsak som enda med sluttavtale og forbod mot å søkje stillingar hjå den arbeidsgjevaren i framtida.
Tidlegare (?) etterretningsoffiser Helge Lurås si nettavis iNyheter omtalar saka i ein artikkel publisert same dag som NRK-artikkelen (14.desember 2023). I motsetnad til NRK har iNyheter eit kommentarfelt, der enkelte lesarar påpeiker det faktum at mange nordmenn i 2021 hengde ut uvaksinerte som syndebukkar.
Lesaren «the covid theory» skriv: «Er det noen som burde få erstatning så er det oss – de uvaksinerte. Snakker om å få skylden for alt som er galt på denne jord. Når [det] gjelder de som tok vaksinen for så å bli syke – dere er jammen så dumme at dere fortjener det. Sikkert mange av dere som gikk sammen med mobben og skulle ‘ta’ oss uvaksinere og. Skremmende å se hva som skjedde med majoriteten av befolkningen. Saueflokk. Bæh bæh bæh. Ta de uvakisnerte [sic]. Ta de. Ta de. Forbanna FEIGINGER!»
Lesaren «Freedooooom» skriv: «Det triste faktum, det er at de aller fleste i dette landet gladelig ville hoppet utenfor et stup eller slått i hel sin uvaksinerte nabo om bare TV-boksen ba de om det.»
Faktum er at covid-mRNA-injeksjonane ikkje har blitt testa lenge nok til at ein kunne avdekkje eventuelle langtidsbiverknader, noko «Nick» er inne på:
«Er vel derfor man har en test periode over mange år for å avdekke eventuelle senskader. Presse igjennom nye § i smittevernloven i forkant av en pandemi. Som gir grønt lys for å gi ut en kvasivaksine som ikke er godkjent. Legge lokk på kommisjonen i 60 år som har analysert dette. Kan ikke si annet enn at dette virker høyst merkelig. Disse skadene som er påført en del mennesker er ikke reverserbare. Er vel noen spørsmål som bør stilles og noen som bør holdes ansvarlig for dette.»
Eg tilrår at de les artikkelen «Studie: De uvaksinerte ble syndebukker for mislykkede covid-vaksiner», skrive av Igor Chudov (originalen her), og maskinomsett og publisert 13.desember 2023 på Steigan. Det er ikkje berre vaksinerte som har fått liv og karriere øydelagt på grunn av den vondsinna psykologiske operasjonen som koronaprosjektet har vist seg å vere.
