Den multinasjonale farmasi- og bioteknologikjempa Pfizer står no overfor fleire søksmål etter at dei ikkje opplyste om ein DNA-sekvens som vart brukt i deira Pfizer-BioNTech-«vaksine» til regulatorane. Dette melder Natural News. Dei skriv (mi omsetjing):
«Testing gjort av eksterne vitskapsfolk avslørte at Pfizer-BioNTech covid-19-vaksinen inneheldt Simian Virus 40 (SV40) DNA-sekvens [simian er relatert til apar; oms.komm.]. Derimot vart offentlegheita aldri informert om tilstadeveringa til DNA-sekvensen.
Regulatorar frå både Canada og Europa har erkjent at Pfizer og BioNTech ikkje sette fokys på sekvensen, som dei burde ha gjort, sjølv om førespurnader frå regulatorane viste den fulle DNA-sekvensen til vaksine-plasmiden.
I mellomtida har Food and Drug Administration (FDA) nekta å avsløre om selskapa informerte dette byrået om sekvensen. FDA insisterer at ingen tryggleiksbekymringar hadde blitt identifisert frå rest-DNA-et som låg tilbake etter SV40-sekvensen, trass at dei ikkje kom med nokon evidens som støtta påstanden.
Ifølgje uavhengige forskarar kan SV40-DNA vere knytt til dei ymse helseproblema som ein observerer hjå dei som tok covid-19-vaksinen, som inkluderer kreft. Derimot meiner andre ekspertar at vidare testing må gjerast for å bevise ei tilknyting.
Public Readiness and Emergency Preparedness Act (PREP Act [«lov om offentleg beredskap og naudssituasjonsberedskap»]) beskyttar i stor grad covid-19-vaksineprodusentar mot søksmål. Men selskap kan framleis bli saksøkte for ‘forsettleg tenesteforsømming’ [engelsk willfull misconduct], som inkluderer handlingar som er utført ‘med vilje for å oppnå eit gale føremål’.
Under ei erklæring av tidlegare helse- og omsorgsminister Alex Azar i 2020, fell covid-19-vaksinar inn under PREP Act. Denne lova har som mål å tillate ein raskare respons på helsekriser og gjev omfattande immunitet til produsentar av vaksinar og behandlingsmetodar, saman med administratorar av legemiddel.
Vernet er framleis i kraft på grunn av utvidingar gjort både av Trump- og Biden-administrasjonane. […]
Der herskar betydeleg usemje om kor vidt DNA-sekvensen er skadeleg for menneske, der somme ekspertar seier at den kan ha forårsaka ei rekkje biverknader, inkludert visse krefttypar, medan andre antydar at inkluderinga av den er harmlaus. […]
Mat Staver, styreleiar i Liberty Counsel, antyda at problemet ligg i ‘forsettleg tenesteforsømming’. Han la til at det er usannsynleg at FDA visste om dette. Og medan PREP Act for det meste har hindra søksmål når det gjeld covid-19-vaksinane, kan fleire nylege utviklingar endre det.
Tilbake i august [2023] dømte ein Michigan-dommar i ei sak om ein mann som måtte amputere beinet sitt etter å ha fått remdesivir, Gilead Sciences sitt legemiddel brukt til å behandle covid-19, at legemiddelprodusentar ikkje var beskytta av PREP Act. Ein påstod at remdesivir var kontaminert med glaspartiklar.
Den andre utviklinga som kan rokke ved immuniteten til Big Pharma, er avsløringa at Pfizer sin covid-vaksine inneheld fragment av SV40-sekvensen. Desse problema kan hjelpe saksøkjarar ‘stikke hòl på den juridiske immuniteten som PREP Act elles tilbyr’.
Staver sa at bortsett frå personskadefirma og organisasjonar, vurderer Liberty Counsel òg å begjære søksmål på grunn av dei nylege utviklingane.
Liberty Counsel har tidlegsre vore involvert i fleire større søksmål knytt til covid-19-vaksinar, inkludert nokre med militærmedlemmer som vart nekta religiøst fritak frå covid-19-vaksinepåbodet i militæret. Firmaet hjelpte til med å få til rettslege ordrar som stoppa militæret frå å dimittere desse medlemmene.
Per dags dato har verken Pfizer eller BioNTech svart på førespurnader om kommentarar.
Warner Mendenhall, ein amerikansk jurist, forklarte at juristar vurderer å velje ei annleis tilnærming. ‘Den siste samtalen som vi har snakka om… er om vi på noverande tidspunkt, i det minste for enkelte menneske, har tilgang til å bevise overfall med intensjon om å skade [engelsk battery]’, sa han.
Informert samtykke krev å ha informasjon, ‘og ingen visste om SV40’, forklarte Mendenhall. Utan denne kunnskapen kunne ikkje dei som fekk vaksine gje skikkeleg samtykke.
‘Og dersom du ikkje har gjeve samtykke, og nokon gjer noko mot deg utan at du blir informert og gjev skikkeleg samtykke, blir dette rekna som battery. So ein har fått ei viss opning for overfallssaker. Og vi sit i diskusjonar akkurat no, og dei som kanskje kan føre fram er det vi kallar massesøksmål for tort og svie. So vi jobbar med den saka,’ forklarte Mendenhall.»
