Storbritannia står i fare for katastrofalt dataåtak når som helst

Ifølgje ein studie gjort av den britiske staten, er datasystem i landet i fare på grunn av ein kronisk mangel på investering, rapporterer Russia Today. Dei skriv (mi omsetjing):

«Storbritannia er sårbart overfor eit ‘katastrofalt’ cyber-åtak som kan lamme store seksjonar av deira mest kritiske infrastruktur, åtvarar ein rapport frå parlamentet.

Rapporten, som vart publisert onsdag [13.desember 2023] av det britiske parlamentet sin Joint Committee on the National Security Strategy (JCNSS), hevdar at regjeringa har mislykkast i å investere tilstrekkjeleg i system som er designa for å hindre dataåtak i stor skala. Den stilte seg òg høgst kritisk til det britiske Home Office – som har ansvar for å hindre cyber-åtak – og sa at den tidlegare Home Secretary [tilsvarer omtrentleg innanriksminister; oms.an.] Suella Braverman hadde forsømt problemet.

Komiteen sa at Braverman viste inga interesse i å hindre ransomware, ein type databrotsverk der data og filer blir stolne og det blir kravd betaling for å gje tilbake filene eller late vere å offentleggjere dei.

‘Klar politisk prioritet blir i staden gjeve til andre problem, slik som ulovleg innvandring og små båtar,’ stod det i rapporten, som la til at eit ‘katastrofalt’ åtak – som den seier kan kome ‘når som helst’ – kan utgjere ein alvorleg ‘trugsel til den fysiske tryggleiken til menneskeliv’.

Den kritiske nasjonale infrastrukturen i Storbritannia, som er heilt naudsynt for at samfunnet skal fungere skikkeleg, og inkluderer energi- og vassforsyning, so vel som helse, transport og telekommunikasjon, er òg i alvorleg fare, åtvara rapporten.

‘I det sannsynlege tilfellet at der skjer eit massivt, katastrofalt ransomware-åtak, vil det å ikkje greie å møte denne utfordringa med rette bli sett på som eit utilgjeveleg strategisk nederlag,’ sa Dame Margaret Beckett, styreleiar i JCNSS, til Sky News onsdag.

National Health Service (NHS) [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] vart òg identifisert som eit mogleg mål, og komiteen sa at det er avhengig av utdaterte datasystem der sjølv ‘enkle oppgraderingar’ er komplisert på grunn av ein historisk mangel på investeringar.

I fjor fekk hackarar ulovleg tak i NHS-pasientdata, noko som forårsaka omfattande problem til tenester, inkludert ambulansetenesta, pasient-tilvisingar, psykiske helsetenester og naudreseptar. NHS vart òg råka av eit liknande ransomware-åtak i 2017.

I tillegg bad komiteen òg om ei oppklaring frå National Cyber Security Centre (NCSC) på bakgrunn av bekymringar for om den demokratiske prosessen i Storbritannia kan bli påverka av eit dataåtak i forkant av eit forventa val neste år.

Som respons på rapporten sa ein talsperson ved Home Office at Storbritannia var ‘godt førebudd for å respondere på cyber-trugslar, og har teke robust handling for å forbetre cyber-forsvaret,’ og la til at Storbritannia i år har sanksjonert mot 18 menneske som dei sa var involvert i å spreie ransomware på nettet.»

Kommenter innlegget