Barack og Michelle «Big Mike» Obama har produsert ein Netflix-film ved namn Leave the World Behind som handlar om eit dataåtak som øydelegg det amerikanske samfunnet. Obama-paret er produsentar gjennom sitt selskap Higher Ground Productions. Enkelte meiner denne filmen er eliten sin måte å kondisjonere menneskeheita til å akseptere eit liknande dataåtak i det verkelege livet, noko nettstaden The People’s Voice har publisert ein artikkel om. Dei skriv (mi omsetjing):
«Obama-ane er tilbake og som vanleg utfører dei Djevelens arbeid. Leave the World Behind er ein ny Netflix-film produsert av Obama-ane om eit større cyber-åtak og ‘samanbrot av global kommunikasjon’ som tilfeldigvis etterlèt verda i ruinar, noko som lèt den globalistiske eliten innføre ein ny verdsorden.
Obama-ane sitt plott er tilfeldigvis det same som den store cyber-åtakskatastrofen som Klaus Schwab sitt World Economic Forum har truga med å sleppe laus på menneskeheita heilt sidan covid-pandemien gjekk over.
Parallellane mellom Obama-ane sin nye film og World Economic Forum sine planar er so slåande at vi rett og slett må konfrontere dei med vondskapen deira, og åtvare potensielle sjåarar at dette er eit verk av mørk, okkult, prediktiv programmering som må unngåast for ein kvar pris. […]
Ingen som leid seg gjennom åtte år av Obama-administrasjonen vil bli overraska å høyre at Obama-ane speler rasekortet i filmen, der dei snik inn eit subplott om at ein ikkje kan stole på kvite.
Frå denne lite flatterande byrjinga blir Obama-filmen berre verre. Ein treng berre å sjå den offisielle traileren for å forstå kva det heile handlar om: prediktiv programmering. […]
Sanninga er at Obama-ane ikkje laga Leave the World Behind for å underhalde oss. Det heile handlar om å plante idear og konsept i våre kollektive hovud. Det handlar om å normalisere nye nivå av tyranni og hysteri ved å presentere dei som ein logisk evolusjon av den noverande konteksten.
Kort fortalt handlar det om prediktiv programmering.
Allan Watts definerte opphavleg ‘prediktiv programmering’ som dette:
‘Prediktiv programmering er ei subtil form for psykologisk kondisjonering frå media si die for å gjere folket kjende med planlagde samfunnsendringar som skal innførast av leiarane våre. Viss og når desse endringane blir gjennomført, vil folket allereie ha gjort seg kjende med dei, og kjem til å akseptere dei som naturleg framgang, altso vil ein få mindre av potensiell folkeleg motstand og oppstyr.’
Watts treffer spikaren på hovudet. Obama-ane tek del i psykologisk krigføring for å kondisjonere folket for planlagde samfunnsendringar som globalist-eliten lenge har truga med.
Hovudstraumsmedia har òg blitt utpeikt til å spreie frykt og programmere massane. Fox News driv allereie og slengjer rundt seg med ord slik som ‘krise’ og ‘kaos’. Desse orda er designa for å inngyte frykt i publikum, men dei er faktisk ei underdriving.
Som vanleg gjev Fox News sitt publikum ein sniktitt på sanninga, men dei går ikkje på nokon måte langt nok.
Det at Kina infiltrerer våre kritiske system er ikkje den ekte naturen til trugselen. Kina er berre toppen av isfjellet. I røynda har den globale eliten, leia av Klaus Schwab og WEF truga i årevis med å sleppe laus eit lammande dataåtak som vil tvinge det vestlege samfunnet ned på kne, så kaos og framkalle det store ‘sjokket’ som er naudsynt for å innføre forvandlinga til Den nye verdsordenen som dei har truga med lenge.
Misforstå oss ikkje, eliten har planar om å sleppe laus kaoset som er naudsynt for å innføre Den nye verdsordenen. Sist veke åtvara det britiske visestatsministeren og WEF-tilknytte, Oliver Dowden, britane om at dei vil bli kasta tilbake til ein ‘analog’ æra når Internett og kraftnettet kollapsar.
Vi, folket, må avvise denne pepringa av prediktiv programmering. Sjølv om det verkelege livet ikkje når dei nivåa av galskap i Obama-ane sin Leave the World Behind, skaper slike filmar presedens i vårt kollektive medvit. Dersom nye restriksjonar blir innført mot folket, vil dei seie ‘i det minste er det ikkje so ille som i Leave the World Behind’.
For å vere tydeleg, so treng ingen av oss å sjå denne hjernevask-seansen forkledd som ein film. Og vi alle treng å forsikre oss om at ingenting av denne globalist-galskapen siv inn i det verkelege livet.»
