Pizza og pedofili: Etsy blir skulda for å leggje til rette for sal av barn og barneporno

Nettstaden Etsy har fått kritikk den siste tida på grunn av underlege annonsar der seljar tilsynelatande krev absurde pengesummar for barnekle og nedlastbare bilete av pizzaer. Etsy kan best skildrast som den amerikanske utgåva av finn.no, bortsett frå at Etsy berre har som teneste kjøp og sal av ymse gjenstandar. Det er absolutt grunn til mistanke når det plutseleg dukkar opp annonsar som i fullt alvor krev fire tusen dollar – nesten 42 000 kroner – for det dei påstår er «pizzafiler», ni tusen dollar (94 000 kroner) for «bilete av pizza», eller heile 35 000 dollar (366 000 kroner) for barnekle. So mystisk er dette at sjølvaste general Mike Flynn no har slått alarm. Dette melder InfoWars.

Det er openbert ikkje «pizzabilete» og «barnekle» desse annonsane sel, men barneporno og ekte, levande barn!

Adan Salazar i InfoWars skriv (mi omsetjing):

«Nettmarknadsplassen Etsy blir no etterforska etter at Internett-brukarar kom over bisart dyre pizza-biletfiler og andre gjenstandar, noko som fekk mange til å mistenkje at sida kunne vere delaktig i å hjelpe ein undergrunnsring som sel barnepornografi.

Nedlastbare krypterte JPEG-filer av pizza som kostar frå tre tusen til 14 000 dollar og barne-onepiecar so dyre som 35 000 dollar, er blant dei tvilsame, overprisa gjenstandane som fanga merksemda til nett-detektivar.»

Eit døme på ein slik annonse kan sjåast her. Salazar skriv vidare:

«Ettersom pizza og ‘ostepizza’ [cheeze pizza] (CP) er terminologi kjent som pedofili-slang for barnepornografi, stilte mange naturlegvis spørsmål ved om innlegga kunne tene som ein listig måte å gjennomføre ulovlege sal av ulovleg materiale.

‘Kven er galne nok til å betale 9000 dollar for å laste ned eit bilete av ein pizza?’ spurde X-brukar @NiQole1776.

Seljaren av desse ‘produkta’ har allereie fjerna annonsen. Alle linkane er daude no… Kvifor? […]

Mange brukarar på sosiale media la merke til at då dei påkalla merksemd rundt nemnde Etsy-annonsar, so vart desse annonsane på nettsida plutseleg fjerna.

Dei originale annonsane er å finne på 4chan og har tydelegvis blitt sletta frå Etsy. Eg [artikkelforfattarne] var nyleg på UK Etsy [den britiske filialen til Etsy; oms.an.] og fann følgjande:

‘Ein vakker og dampande, herleg JPEG av ein pepperoni- og ostepizza. Laga for å erte smakslaukane som hungrar etter ekte vare.»

Dei urovekkjande bileta kan sjåast her. Personen som posta innlegget skriv so at so fort vedkomande la ut dette på X, forsvann annonsen på mystisk vis. Ein annonse som sel onepiece-drakter for barn til over 35 000 dollar kan sjåast her. Ei heil årslønn for ein onepiece? Det er openbert at det ikkje er barnekle denne annonsen averterer.

X-brukaren UltraMJTruth skriv:

«Etsy har onepiecar for småjenter til 35 000. For å vere ærleg er eg ikkje sikker på kva eg skal tru, og der kan vere ei forklaring på desse tinga, men det er særs urovekkjande og nesten alltid relatert til barn og/eller pizza, og ingen etterforskar det.

Eg spelte inn ein skjermvideo i tilfelle dei fjerna den.»

Salazar (artikkelforfattaren) skriv:

«Dei tvilsame Etsy-innlegga – som sannsynlegvis peiker på ein ulovleg barnehandel- eller barnepornografiring, eller ein ulovleg kvitvaskingsoperasjon, fanga merksemda til fleire sosialmediebrukarar – inkludert general Mike Flynn, som bad om ‘ei forklaring på desse mistenkjelege innlegga’.»

General Flynn skriv:

«Hei, @Etsy – eg vil gjerne ha ei forklaring på desse mistenkjelege innlegga, og eg vil framleis ha ei forklaring på kvifor eg ikkje får lov til å selje ‘Child Lives Matter’-produkt medan de godkjenner produkt som fremjar Satan!»

Alex Rosen (som ikkje på nokon måte må forvekslast med den norske komikaren og musikaren Alex Rosén!), har teke dusinvis av pedofile. Han har òg kommentert desse Etsy-bileta:

«Dæven! @NiQole1776 og andre ser ut til å vere i ferd med å eksponere det som ser ut som ein temmeleg stor barneporno-handelring på @Etsy…

Seljarar lagar sider med bilete av pizza og sel dei for tusenvis av dollar. Der ser ut til å vere fleire tilfelle der dette skjer.

I det minste har éin av seljarane avslutta kontoen sin sidan denne historia kom ut.»

Tilbake i 2020 vart møbelforhandlaren Wayfair skulda for å selje «møblar» til mistenkjeleg høge prisar, men som eigentleg kan ha vore barn. X-brukar «The Patriot Voice» skriv:

«Det ser ut som Etsy er den nye Wayfair ☹ ☹ ☹

Kven hugsar ‘Wayfair-skandalen’, der vanlege kvardagsgjenstandar vart selde for absolutt absurde prisar? Som til dømes eit vanleg klesskap var til sals for $12,899 [134 892 kroner] og hadde det same namnet som eit ekte, sakna barn… Den skandalen.

Vel, på Etsy ligg der no bilete av barn med pizza (pedo-kodeord for lita jente), og barne-onepiecar dukkar opp med den same modus operandi. Det er tydeleg at dette peiker på noko særs mørkt og vondsinna.

Akkurat som eliten har brukt ‘moderne kunst’ til å kvitvaske sinnssjuke mengder pengar, skjer det same med desse gjenstandane som tilsynelatande er ubetydelege, men har sprø prislappar festa til seg. Det er slik dei driv menneskehandel med barn under radaren. […]»

Nettstaden Axios avviste Wayfair-skandalen som ein konspirasjonsteori, noko dei gjerne gjer når dei vil hindre meir etterforsking rundt ei sak. Etsy sjølv har ikkje svart på InfoWars sine førespurnader om å kommentere dette.

Kommenter innlegget