Kjem djupstaten til å myrde Donald Trump i eit attentat?

Ein skribent i The Washington Post samanlikna nyleg det potensielle gjenvalet av Donald Trump som president med ein samfunnsøydeleggjande apokalypse i same gate som eit meteornedslag eller vulkanutbrot. Slike katastrofar må ein førebu seg på etter beste evne, og helst forhindre, blir det antyda. LifeSiteNews-skribent Stephen Kokx stiller med rette spørsmålet om Trump sine fiendar i djupstaten vil gå drastisk til verks for å hindre at han på nytt blir president i USA. Kanskje vil dei til og med gå over lik, slik dei jo har gjort før.

Kokx skriv (mi omsetjing):

«I mange månader no har Donald Trump hatt eit fast grep på den republikanske nominasjonen. Han har aldri vore mindre enn 30% over resten av feltet. Faktisk viser dei fleste spørjeundersøkingar at han ligg på rundt 60%, medan Nikki Haley, Ron DeSantis og Vivek Ramaswamy kvar har oppnådd rundt 15%.

Søksmål begjært av anti-demokratiske liberale med det mål å halde Trump vekke frå røystelokala, har so langt blitt slegne ned av rettssystemet. Og medan den George Soros-støtta New York-advokaten Letitia James sitt søksmål har teke mykje tid, pengar og energi frå den tidlegare presidenten, er sannsynet for at Trump skal ende opp i fengsel som eit resultat, særs lite.»

Når sjølv det å bruke rettssystemet som våpen mot Trump ikkje fungerer, fryktar Kokx at djupstaten vil gå meir drastisk til verks. Dette blir antyda i ein artikkel i Washington Post:

«Robert Kagan, den nykonservative ektemannen til liberal-sionisten Victoria Nuland, sa sopass mykje i ein nyleg artikkel for CIA-talerøyret The Washington Post. Nuland er ein byråkratisk parasitt (det som media kallar ein ‘diplomat’), som for tida tener i Biden-regimet. Hennar primærjobb akkurat no er å sikre at dine og mine skattepengar blir slusa inn i Volodymyr Zelensky sine stadig større lommer.

Artikkelen til Kagan er fleire tusen ord lang. Det er Bevis A for kvifor han høyrer heime på eit sinnssjukehus. Det er eit grovt uhøfleg utbrot om korleis Trump kjem til å innføre eit ‘diktatur’ dersom han nokosinne blir gjenvalt, som, innrømmer Kagan, ser svært sannsynleg ut. Kagan har som teori at dersom Trump vinn presidentskapen, vil han ‘straks bli den mektigaste personen som nokosinne har hatt det embetet’.

Kagan spør deretter illevarslande publikummet sitt – der dei fleste av dei truleg er etterretningsagentar – kva dei har tenkt å gjere for å hindre dette i å skje. ‘Dersom vi trudde at der var 50% sjanse for at ein asteroide treffer Nord-Amerika eit år frå no av, ville vi vere nøgde med å håpe at det ikkje kom til å skje?’ lurer han på. ‘Eller ville vi setje i verk kvart tenkjelege tiltak for å prøve å stoppe den, inkluder mange ting som kanskje ikkje vil fungere, men som med tanke på omfanget av krisa må bli prøvd likevel?’

At Trump blir valt kan resultere i ‘tap av eigedom og kanskje tap av fridom’, held Kagan fram, openbert likesæl til det faktum at dette har skjedd med tradisjonelle katolikkar, konservative og abortmotstandarar under Joe Biden si tid i embetet. USA er ‘nærare det punktet i dag enn vi nokosinne har vore, likevel held vi fram med å drive mot diktatur, der vi framleis håper på ein eller annan intervensjon som vi late oss sleppe unna konsekvensane av vår kollektive feigskap’.

Kagan er driven i kunsten å bedra. Det han kallar ‘diktatur’ er faktisk, som dei liberale sjølv so ofte seier, ‘korleis demokrati ser ut’. Eit gjenval av Trump vil ikkje bli ‘tyranni’, men ein refleksjon av det den populære meininga til folket er på noverande tidspunkt. For å seie det enkelt, dersom folket er leie av Biden sin open grense-politikk, Ukraina-støtte, og skrekkelege rulleblad når det gjeld innanriksaffærar, so har dei rett til å stemme han ut. Å skildre det som ei omfamning av lett kommunisme, er å avleie merksemda frå det kleptokratiet som amerikanarar lever under og har levd under i fleire tiår.

Det mest urovekkjande aspektet i Kagan sine kommentarar er ikkje so mykje hans villeiande karakterisering av kva ein Trump-siger i 2024 kan innebere. Det er hans eige svar på spørsmålet ‘har vi tenkt å gjere noko med det?’. Igjen, Kagan argumenterer for at rettssystemet, konservative media og politiske leiarar slik som Mitch McConnel so langt har hindra Trump i å stige til toppen av republikanar-feltet. Berre etter å ha peikt dette ut seier han: ‘Vi held fram med å drive mot diktatur, der vi framleis håper på ein eller annan intervensjon som vil late oss sleppe unna konsekvensane av vår kollektive feigskap’.

Det verkar som om det han prøver å seie med orda ‘framleis håper på ein eller annan intervensjon’, er å oppmode djupstaten om å utføre attentat på Donald Trump.

At Kagan skulle kome med slikt eit skamlaust forslag i ei av dei mektigaste avisene i landet seier særs mykje om kor USA er for augneblinken. Andre har spekulert over denne moglegheita. Han ber faktisk om det.»

Planlegg djupstaten å myrde Donald Trump slik dei i si tid myrda John F. Kennedy? Tucker Carlson sa til komikar Adam Carolla i august i år at han ser på det som ein reell risiko. Som han sjølv seier:

«Dersom du byrjar med kritikk, for so å gå over til protest, for so å gå over til stemning og til slutt sikting, og ingen av dei fungerer. Kva blir det neste? Sjekk resten av den grafen […]. Vi fer i ein fæla fart mot attentat, openbert… Dei har bestemt – permanente Washington, begge partia har bestemt – at der er noko med Trump som er so trugande for dei, at dei rett og slett ikkje kan ha han [i live].»

Trump sjølv har denne kommentaren til faren for attentat:

«Dei er ville dyr. Dei er folk som er sjuke.»

I eit nyleg, særs populært intervju med Tucker Carlson, sa Alex Jones at attentat er det neste logiske steget, sidan Trump ikkje kan stoppast:

«Djupstaten drep faktisk folk. Og det er deira einaste neste trekk.»

(Sjå òg «Tucker Carlson intervjuar ‘verdas farlegaste mann’, Alex Jones: ‘Djupstaten kjem til å myrde BÅDE Biden og Trump!’», publisert 9.desember 2023.)

Avslutningsvis kjem Kagan med desse kommentarane:

«Der er to måtar å tolke desse spådommane. Den eine måten er å sjå på dei som ingenting meir enn dei informerte meiningane til kommentatorar som er kjende med måten politikk og djupstaten opererer. Ein annan måte er å forstå dei som eit slags programmeringsverktøy meint til å kringkaste kva som kjem til å kome. Naturlegvis vil det synspunktet krevje at ein ser på Carlson, Jones, so vel som Kagan som, i det minste på ein eller annan måte, som ulike vengjer av den same kabalen som påverkar folkeopinionen etter instruksar frå ei lita gruppe av mektige dokkemeistrar. Er det det som skjer her? Kanskje.

Dersom Trump skulle bli myrda i eit attentat, ville America First-rørsla bli utan leiaren sin. Halshogd ville dei virre rundt før dei braut seg opp i ymse faksjonar. Kven vil dette vere til fordel for? Temmeleg openbert etablissementsvengja av Det republikanske partiet, spesielt det militær-industrielle komplekset, som har heia på Nikki Haley i hennar 2024-presidentkampanje.

Dersom Trump på eit eller anna vis kjem seg til valdagen i live – og endar opp med å vinne, gjettar eg at djupstaten aldri vil tilgje han (eller det amerikanske folket) for å setje han tilbake på Det ovale kontoret. På det punktet vil dei vere modige nok til å ta hemn ved å få heile landet til å kollapse med falske flagg, åtak på kraftnettet, og drive og så innanlandskaos som til slutt fører til borgarkrig. […]»

Kommenter innlegget