Nyheitsjournalistar er sterkt bekymra: Snart kan nyheiter bli presenterte av KI-genererte menneskeskapningar

Britiske Daily Mail skriv om noko folk innan nyheits- og underhaldningsindustrien har frykta i lengre tid: at kunstig intelligens (KI) skal ta over jobbane deira og gjere dei overflødige. Channel 1, ein nyheitskanal i Los Angeles, har tenkt å lansere KI-genererte nyheitsanker frå og med neste år. So tidleg som februar har kanalen tenkt å introdusere KI-ankera på gratis, reklamestøtta streaming-kanalar, slik som Crackle, Tubi eller Pluto. Sistnemnde finst òg her i Noreg.

Desse nyheitene har skremt livet av reporterar og journalistar i USA. Adm.dir. i Ruby Media Group, Kristen Ruby, skreiv på X (mi omsetjing):

«Dersom du trur på konseptet ‘falske nyheiter’, har du ikkje sett noko enno.

I det minste blir nyheitene presentert til deg av menneske.

Når KI-nyheitsanker erstattar menneske-nyheitsanker – vil konseptet falske nyheiter få ei heilt annleis meining.»

Alec Lazenby, reporter for kanadiske BC Today, skreiv på X:

«Dette er særs, særs skremmande. Medan utviklinga av ei fullstendig KI-driven nyheitssending er meir enn imponerande, kan det få enorme konsekvensar for ein allereie utarma nyheitsindustri, og akselerere tapet av høgkvalitets-reporterar og -anker.»

Grunnleggjaren av Channel 1, Adam Mosam, forsikra Daily Mail om at selskapet hans ikkje kjem til å utnytte den kontroversielle teknologien:

«Mosam innrømte at misbruk av KI-genererte nyheiter er uunngåeleg, men Channel 1 har som mål å ‘gå ut i fronten for dette og skape ein ansvarleg bruksmåte av teknologien’. Men offentlegheita ser føre seg ei dystopisk framtid der ‘falske nyheiter’ kjem fullstendig ut av kontroll fordi dataalgoritmar skaper dei.»

Ifølgje Daily Mail har fleire nettpublikasjonar prøvd konseptet KI det siste året, og nesten alle har angra på det i ettertid. Til dømes prøvde massemediaselskapet Gannett ut ei KI-teneste ved namn LedeAI for å generere sportsartiklar frå lokale high schools. Det gjekk ikkje so bra:

«Gannet[t] gav opp sitt KI-eksperiment i august etter ei rekkje artikkelfeil, og medan folket kanskje ikkje er so oppgira over lokalnyheiter om sport på skular, fryktar dei at slike feil kan skje i global skala.»

Sports Illustrated prøvde òg KI – og mislykkast: «Sist månad kom det legendariske tidsskriftet i elden for å ha publisert Ki-genererte tekstar medan dei brukte bilete av falske forfattarar og skapte uekte profilar.»

Arena Group Holdings, som eig Sports Illustrated, gav visstnok adm.dir. Ross Levinsohn sparken på grunn av skuldingane.

Channel 1-eigar Mosam sa til Daily Mail at dei har planar om å vere opne overfor sjåarane om når bilete er originale, og når dei er KI-genererte. Offentlegheita ser ikkje ut til å roe seg nemneverdig av lovnadene hans. Den amerikanske tech- og sosialmediekommentatoren Lance Ulanoff skreiv i eit innlegg: «KI-nyheitsanker er nøyaktig det du ikkje treng i ditt faktabaserte, nyheitsutsvelta liv.»

Direktør Lee Kirton, som ikkje jobbar innan media, sa: «Men nyheitsankera som er fullstendig generert ved hjelp av KI uroar meg vitterleg. Vi lever i ei verd av feilinformasjon, digitalmedie-leseferdigheiter er viktige, sosialmediekanalane flyt allereie over av falske videoar, feilinformasjon og makta vil bruke det… ikkje sjå opp.»

Olga Klofac i Irland skriev: «Det blir allereie vanskelegare å stole på noko som helst på nettet, og det kjem berre til å bli vanskelegare.»

Channel 1-leiar Mosam forsikrar Daily Mail om at kanalen har intensjon om å bruke menneske-anker i meir kritiske reportasjar – underforstått at KI-anker skal ta seg av meir trivielle nyheiter. Desse kunstige ankera kan skiljast frå den ekte vara ved at hendene ikkje er 100% realistiske: ofte er fingrane lenger, og dei har meir enn fem fingrar på ei hand. Medan auga blinkar, ser dei daude og kjenslelause ut. Direktøren for Harvard Writing Center, Jane Rosenzweig, stiller med rette spørsmål ved om desse ikkje-menneskelege vesena vil kunne levere genuint empatiske nyheitshistorier.

Fleire nyheitsressursar har inngått partnarskap med Channel 1, slik som aktørar innan etablerte media og frilans-journalistar. Mosam vil interessant nok ikkje seie nøyaktig kven som har inngått partnarskap med kanalen hans. Han seier derimot at eit av hovudmåla til Channel 1 er å produserte «personaliserte nyheitsstraumar» med ein app som fungerer omtrent slik som TikTok, og «lærer» kva kvar sjåar ønskjer å sjå. TikTok er ikkje akkurat gjevt for ein nyheitskanal å samanlikne seg med, sidan den kinesiskeigde appen er berykta for falske nyheiter og deepfakes av politikarar som spreier feilinformasjon.

Noko KI vil kunne gjere raskt og effektivt, er å omsetje nyheiter til andre språk. Då vil til dømes ein fransk nyheitsopplesar kunne gjerast om til ein engelskspråkleg, der til og med munnrørslene vil matche engelsk.

Både nyheitsanker og skodespelarar har i lengre tid uttrykt sterkt uro over at KI kan skape digitale «dobbeltgjengarar» av dei sjølve, noko den nylege streiken i Screen Actors Guild dreia seg om. Ingen ønskjer at eit KI-vesen skapt i deira bilete skal seie ting dei sjølve aldri ville ha sagt, eller ville stått inne for. Teknologien opnar absolutt opp for det, og misbruk av den er både uunngåeleg og garantert.

Følg nøye med på TV framover. Dersom den søte dama som les nyheiter plutseleg har ein ekstra finger, er det eit teikn på at det er ein KI-kreasjon. Viktigare enn nokosinne blir det no å skilje ikkje berre mellom ekte og falske nyheiter, men òg mellom ekte og falske menneskeskapningar.

Kommenter innlegget