Pfizer-aksjar raser i verdi – 2024 ser beksvart ut for farmasigiganten

Er det noko som kan klassifiserast som ei naturlov, er det lova om kosmisk gjengjelding: ein får tilbake det ein deler ut. Om ein ikkje blir straffa av rettsvesenet, eller av privatpersonar som tek hemn, so deler universet ut karma i bøtter og spann til dei med svarte hjarte. Zero Hedge melder at Pfizer, som er ansvarleg for eit av dei største folkemorda i nyare tid med sine farlege mRNA-injeksjonar, ser ut til å få eit turbulent 2024. Aksjar i selskapet har rast i verdi etter at farmasikjempa skreiv i ei pressemelding 13.desember 2023 at dei forventa nedgang i inntening i 2024 – ned frå forventa Bloomberg-estimat på 62,9 milliardar dollar til «berre» 58,5 til 61,5 milliardar.

Den forventa innteninga per aksje er forventa å gå ned til mellom $2,05 til $2,25, langt under gjennomsnittsestimatet på $3,21.

Zero Hedge sin skribent «Tyler Durden» kommenterer at dette dystre estimatet kjem av minkande behov for Pfizer sine covid-«vaksinar» og andre relaterte produkt. Folk flest ser ikkje ut til å lenger ville late seg injisere med eksperimentelle legemiddel som skader dei eller tek livet av dei.

Ethan Huff i Natural News skriv (mi omsetjing):

«Akkurat som Moderna, ser sjølve eksistensen til Pfizer ut til å kvile på at covid varer evig. Selskapet håper å håve inn åtte milliardar dollar neste år frå Comirnaty, deira mRNA (modRNA) covid-injeksjon, og sitt antivirale legemiddel Paxlovid. Pfizer forventar òg å tene 3,1 milliardar dollar på salet av Seagen neste år.

Pfizer har òg planar om å reklassifisere rundt ein milliard dollar i royalty-inntekter frå andre inntektskjelder og frådrag inn i innteninga.

‘Produktporteføljen til Pfizer held seg sterk,’ erklærte Pfizer-styreleiar og adm.dir. Albert Bourla.

‘I 2024 er Comirnaty og Paxlovid venta å levere kombinerte inntekter på rundt rekna åtte milliardar dollar, og vår gjenverande portefølje av kombinerte Pfizer- og Seagen-produkt er venta å oppnå årleg operasjonell inntektsvekst i rekkjevidda åtte til ti prosent.’»

Huff skriv vidare:

«Året 2023 var heller ikkje særleg storslått for Pfizer. Folk flest hadde allereie vakna til det faktum at covid-injeksjonane til selskapet er dødelege, og behovet for sprøytene var so godt som forsvunne på byrjinga av året.

Hadde det ikkje vore for sprøytepåbod og andre Big Pharma-manipulasjonar, hadde Pfizer truleg gått konkurs for fleire år sidan. Men takka vere statleg korrupsjon var Pfizer i staden til å kjøpe seg fleire år med obskøn profitt på grunn av lukrative statlege kontraktar og legemiddelpåbod.

‘Vi er akutt klare over at all denne uvissa gjer det vanskeleg å projisere framtidige inntekter til Pfiaer – og det påverkar òg aksjeprisen vår,’ sa Bourla til investorar under ein nyleg konferansesamtale.

Moderna sin askjepris fell òg sidan selskapet går tomme for dødelege legemiddel å tvinge på folket. Ingen vil ha det Moderna tilbyr, og marknaden veit dette. Det kan verke som om dagane til det farmasøytisk-industrielle komplekset er talde.»

Om aksjeverdien kan vere ein indikator på at Pfizer, Moderna og andre farmasikjemper er i ferd med å ende opp med buken i vêret, ser det ut som rettferd omsider er i ferd med å skje. Marknaden har allereie kome med sin dom over slike profitørar og medløparar.

Kommenter innlegget