Tjuvbande stel hjul med dyre felgar – If tilrår å melde mistenksam åtferd i nabolaget til politiet (som 100% sikkert henlegg saka)

Nettavisprosjektet til etterretningsoffiser Helge «Lur-oss» Lurås melder 18.desember 2023 at ein «tjuvbande» driv og stel bilhjul på Austlandet. Det ser ut til å vere hjul med dyre felgar dei er ute etter, og forsikringsselskapet If fryktar at ein «hjulbande» herjar no like før jul. Dei stel altso hjul til jul.

iNyheter skriv:

«Denne helgen er alle fire hjul stjålet fra en bil som er blitt jekket opp og satt på klosser. På en annen bil måtte tyvene avbryte tyveriforsøket. Forsikringsselskapet If frykter at en hjulbande herjer nå.

Ifølge If er det stor grunn til å være ekstra på vakt i jule- og nyttårshelgen:

‘Tyveriene skjer rett utenfor boligene til folk mens de sover. Tyvene jobber stille rett ved husveggen. Veldig ubehagelig […]’.»

Dette seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If i ei pressemelding.

I Bærum vart alle fire hjula på ein dyr, lekker BMW stolen natt til laurdag ifølgje lokalavisa Budstikka. Bilen var hekka opp og plassert på treklossar. Same natt skjedde det same med ein annan BMW nokre kilometer unna – men her avbraut banden av ukjende årsaker tjuveriforsøket. Eigaren fann om morgonen bilen jekka opp på klossar, men med dekk og (dyre) felgar intakte.

If-Clementz seier vidare at der har vore mange tjuveri av dyre felgar og hjul i Sør-Noreg, og at hjula som regel blir smugla ut av Noreg. Eit skikkeleg «sossesett» med felgar kan koste rundt 40 000 til 50 000 kroner, noko som truleg berre er småpengar for dei styrtrike kaksane som kjøper desse openberre blikkfanga.

If-Clementz leverer so følgjande gullkorn:

«Dersom du ser aktivitet i nabolaget som ser ut som rekognisering eller forberedelser til tyveri, ta kontakt med politiet. Ikke oppsøk personene for å konfrontere dem. Ta signalement og noter bilnummer, bilmerke og -modell om du kan […].»

Det som skjer om ein vaken, lovlydig borgar følgjer desse tilrådingane, er at politiet ikkje gjer noko som helst. Det har dei ikkje ressursar eller vilje til. Når so tjuveriet er eit faktum og den no hjullause BMW-eigaren går til den lokale politistasjonen og melder forholdet, blir saka henlagt på grunn av manglande ressursar eller opplysingar som kan fange gjerningsmannen/-mennene. Forsikringsselskapet, derimot, utbetaler straks eigendelen på dei stole hjula og røvarbanden slepp fullstendig unna. Politiet slepp å gjere noko, offeret får igjen på forsikringa, og «alle» er fornøgde.

I fyrste omgang ser tjuvbanden ut til å berre bry seg om BMW-felgar, men andre bilar (gjerne like dyre statussymbol som BMW) kan òg bli utsett for hjultjuveri.

«Biler parkert i låst garasje står tryggere,» seier Clementzen. «Parkerer du i oppkjørselen, vurder å installere lyskaster med bevegelsessensor.»

Kommentarfeltet er som vanleg i aktivitet. «Jul i Hagen» skriv:

«Kardemommelovene gjelder ikke lenger, folk må bevæpne seg.»

«Roger Moore» skriv:

«Naive Norge, alle verdens kjeltringer, mordere, voldtektsmenn og terroristers mål nummer en. Myndighetene slipper inn horde etter horde. Skal ikke forundre meg at dette var noen slaviske, vi har tatt imot nesten 100 000 av dem i år. Hurra for naiviteten. Alle på stortinget før de kan ta starte sin jobb må ta ett kurs som heter: ‘How to destroy the safety and good life of the people’. Første ting på listen: ‘Import more people from Africa, the middle east and Balkan’. Nå med ny påskrift som sier Balkan (Ukraine).

Vi ledes av onde drittsekker!»

Som svar til Roger Moore skriv «Eirik Ask»:

«Det rare er at blir polti tipsa om hvor de omlaster, blir ingen tatt…»

Som svar til «Eirik Ask» skriv «kjellM»:

«Legg merke til hønsene på toppen i Politiet. Når korrupsjonen herjer.»

«Anarcho-Capitalist» skriv:

«Hvis folk ikke klarer å utstyre hjulene sine med låsemutter har de ikke gjort sitt for å beskytte egne verdier. En minste minimum av innsats må påkreves for å beskytte i mot tyveri ellers bør det følge kraftig avkorting i erstatningssummen. En låsemutter på hvert hjul, helst to. Selvfølgelig ulik geometri. Det er ingen rimelighet i å la ansvarlige mennesker betale høyere premie pga skjødesløse tullinger.»

Som svar til «Anarcho-Capitalist» skriv «Hans Hansen»:

«dagens dummeste kommentar, vi må ta hensynet til kriminelle. kjøpe dyrt extra utstyr.»

Det beste etter mi meining er om nabolaget går saman om å forsvare sin private eigedom mot tjuvar, slik som var vanleg i gamle dagar. Politiet henlegg alle slike tjuverisaker fordi eigarane får igjen på forsikringa, so røvarbandar kan dermed stele utan å bli straffa, og dermed tene gode pengar på det som ser ut som organisert tjuveri. Hugs at sjølvforsvar av eigen private eigedom ikkje berre er tillate, men tilrådd i våre dagar der den overnasjonale djupstaten prøver å destabilisere vestlege land med ukritisk masseinnvandring. Ingen er trygge når politi og stat får instruksar om å sjå ein annan veg. Dette veit eliten godt – det er ein grunn til at der dukkar opp so mange uerfarne ungdommar i viktige verv for tida. Det blir ikkje justis i eit land der justisministeren passar betre som Instagram-blondine enn som installert «styreleiar» i Justis- og beredskapsdepartementet.

Kommenter innlegget