Tech-milliardæren og gravejournalisten Steve Kirsch meiner at data relatert til skadane vaksinar påfører menneske blir gøymt vekk med vilje. Det var i eit intervju med Mike Adams i midten av desember at Kirsch kom med denne påstanden. Dette gjeld ikkje berre mRNA-injeksjonar, men alle moderne vaksinar. Med hans eigne ord (henta frå Natural News sin artikkel om intervjuet; mi omsetjing):
«‘Der er enkelte ting du kan gjere, som å appellere til fornufta deira ved å spørje, dersom vaksinane verkeleg fungerer og vi verkeleg reddar liva til folk, kvifor driv dei og gøymer vekk dataa som kan bevise det?’
Han kravde at det måtte bli slutt på personåtak og karakterdrap av vaksineskeptikarar som han sjølv, og la til:
‘Dei prøver å redusere vaksinenøling fordi der er slike som eg som dei skuldar for å spreie feilinformasjon.’
Kirsch, adm.dir. i Vaccine Safety Research Foundation (VSRF), appellerte til autoritetar at dei måtte fokusere på dataa. ‘Vi ber om datagjennomsiktigheit; vi vil at dataa skal offentleggjerast,’ la han vekt på. Kirsch peikte òg på at talet daglege dødsfall blant menneske injisert med Wuhan koronavirus (COVID-19)-vaksinen gjekk opp i staden for ned.
‘Det er meint å gå ned. Det er lova om tyngdekraft. Og når du bryt lova om tyngdekraft, tydar det at du har ei drapsmaskin.’
(Sjå òg «Steve Kirsch sine analysar av covid-‘vaksine’-statistikk viser dramatisk auke av dødsfall over tid», publisert 21.desember 2023.)
I mellomtida kommenterte the Health Ranger [Mike Adams] at konsernmedia kjem med alle slags orsakingar for overtalsdødsfalla forårsaka av vaksinen som har skjedd sidan 2021. Dersom folk tok ein nærare titt på desse orsakingane, gjev dei ikkje meining, la han til. Adams klaga òg over korleis hovudstraums-vitskapsindustrien har gått ut av sine gode skinn for å stengje ned Kirsch sin bodskap, ved sida av å prøve å gå til åtak på han personleg og sensurere han i tillegg. […]
Kirsch heldt fram med å snakke om eit liknande problem, at vaksinar forårsakar autisme. Han sa: ‘Autisme er eit digert, digert problem og det blir verre og verre for kvar dag som går. Og greia er at det har vore kjent kva som er årsakene til alle desse autismetilfella i minst 25 år.’
VSRF-direktøren siterte ein studie gjort av Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Artikkelen gjennomgjekk vaksinar og autisme, og oppdaga eit faresignal. […]
Dr. William Thompson, forskaren som arbeidde med artikkelen, vart instruert om å øydeleggje alle dataa som knytte vaksinar til autisme. Han dekte over det i ti år før han stod fram, og vart til slutt stilna.
‘Han får ikkje lov til å vitne i Kongressen om det,’ sa Kirsch. ‘Og til denne dag har det amerikanske folket blitt fortalt at dei blir gaslighta om at vaksinar ikkje forårsakar autisme.’
Adams hugsa at ein liknande ting skjedde med dr. Andrew Wakefield. Avgjerda hans om å avgjere dei tarmrelaterte biverknadene knytt til vaksinasjon kom til ein høg pris. Han vart fjerna frå helsepersonellregisteret og fekk karrieren og ryktet sitt øydelagt.
Grunnleggjaren av Natural News og Brighteon.com [Mike Adams] trudde fyrst at talet autistiske barn i USA anten var éin av 40 eller éin av 50. Kirsch svarte at på noverande tidspunkt er det offisielle talet éin av 30 – men han trur det er mykje høgare.
Likevel kommenterte Adams at eit skrekkshow er i ferd med å skje, og føderale byrå er fullt klare over samanhengen mellom vaksinasjon og autisme. Derimot dekkjer dei over denne samanhengen for å beskytte ryktet til CDC og Food and Drug Administration (FDA).
Kirsch sa seg einig, og sa at toppforskarar held seg stille om at vaksinar forårsakar autisme i frykt for misse midlar. Når folk finn ut at FDA og CDC driv og pushar skadelege legemiddel som er ansvarlege for autisme-epidemien, kjem dei ganske sikkert til å bli rasande.»
