Like oppunder jul lava snøen ned utanfor ein viss sjukeheim i Bergensområdet. Inne aula det av liv på korttidsavdelinga i sjette etasje. Gråhåra Morfin-Mona og den blonde, langt yngre Midazolam-Merete trippa lett og leikent ut av vaktrommet og nedover den lange korridoren. Dei kalde auga deira skein av drapslyst i det dei låste seg inn på medisinrommet. Mona lukka døra stilt igjen og låste den, medan Merete opna skapet der dei hadde eit imponerande lager av A-preparat, inkludert morfin og Midazolam.
«Kven skal vi ta livet av i dag?» spurde Merete ertent og sensuelt.
«Kanskje han tunghøyrde kødden på 608,» sa Mona. – «Eller den håplaust demente kjerringa på 612. Ein tredje kandidat er han som fall og knekte nakken og er lam frå brystet og ned. Du veit, han på 614 med det skikkeleg stygge trykksåret som stinkar lang veg.»
«Hmmm, kvifor ikkje ta livet av alle tre?» Merete smilte kaldt frå øyre til øyre. – «Vi har jo fått påfyll av morfin og Midazolam no rett før jul…» Perleøyredobbane skein illevarslande, like kvite som snøen utanfor.
«Åhh, det hadde vore herleg!» gliste Mona og gnei seg i hendene.
«Då lagar eg i stand tredobbel tilrådd dose av morfin for alle tre. Då blir det natti-natt på 608, 612 og 614.»
«Gud, du er so sexy når du har tenkt å drepe nokon!»
«Hihi, du skal eigentleg ikkje seie sånt til kollegaene, Monalisa…!» Merete flirte kått medan ho kitla ein finger lett over halsen til kollegaen.
«Ikkje kall meg Monalisa, kjære, eg blir sprengkåt av det…!» Mona strauk hendene sine over den høge, slanke kroppen til Merete. Merete i sin tur kjærteikna den korte, lubne kroppen og dei digre puppane til Mona.
«Eg elskar desse puppane dine…! Skal vi ta ein kjapp ein før vi går mordrunden, Monalisa?»
Mona sleppte frå seg eit obskønt stønn. Dei to gratispene byrja å råkline, Merete kunne ikkje halde hendene vekke frå dei digre, sprengjeferdige brysta. Akkurat då banka det på døra. Eit lett, leikent «banketi-bank». Dei to snudde seg mot døra, so kåte at dei heldt på å eksplodere.
«Ja, kva gjeld det?» spurde Mona biskt. Brystvortene til dei enorme jura var synlege gjennom den kvite uniformsskjorta.
«Øh, 610 klagar over treg mage,» laud den barnlege stemma til ei ungjente. – «Kan han få ei tube Microlax?»
Mona og Merete sukka tungt, før Merete spratt over og låste opp døra. Inn kom 20 år gamle Pia, ei svarthåra jente med temmeleg store puppar (men ikkje på langt nær so store som dei struttande daiene til Mona!). Ho vende dei grøne auga sine mot alle ampullane med morfin, nok til å ta livet av halve bydelen.
«Sit han på do?» spurde Mona surt.
«Øh, ja, han har prøvd å bæsje i over ein time,» sa Pia.
«Slike respektlause ord passar seg ikkje på ei korttidsavdeling,» sa Mona kvalmande høgtideleg. – «Vi seier ikkje ‘bæsje’, vi seier ‘ha avføring’. Hugs at du jobbar med menneske.»
«Øh, han har prøvd å ha avføring i over ein time,» sa Pia.
«Det var betre,» sa Mona med eit falskt smil. So landa ho lett og leikent ei lita tube Microlax i neven på jenta. – «Klokka er forresten snart elleve. Vi et lunsj inne på vaktrommet.»
«Takk, då går eg og gjev 610 Microlax,» sa Pia, før ho snudde seg rundt og gjekk ut. Ein søt, liten fis laud frå ho i det ho lukka døra. Ein lett, leiken «prompeti-promp».
«Feis nettopp pleiemedhjelparen oss i trynet?» spurde Merete med heva augnebryn.
«Ho er veganar,» sa Mona. – «Dei går rundt og fjertar dagen lang.» Ho heldt seg til magen. – «Faen, kor svolten eg er. Skal vi myrde dei etter lunsj i staden, pus?»
«Gjerne for meg, dei spring jo ikkje frå oss, Monalisa…!» flirte Merete og kitla Mona lett og leikent på den eine puppen.
Mona nærast overfall ho og byrja å kline med ho. Dei to mordarfittene stod der og kyssa, strauk og kjærteikna kvarandre heilt til nokon igjen banka på døra. Eit lett, leikent «banketi-bank». Mona trampa foten i golvet og forma ordet «faen» på leppene. Merete treiv bryskt opp døra. Der stod Pia igjen.
«Øh, eg vil berre seie at Microlax-en hadde god effekt,» sa ho. – «610 dr—eg meiner hadde avføring so det dundra.»
«Flott,» sa Mona med sitt falske, falske smil. – «Vel, no stikk vi og et.»
Snart sat fem tilsette inne på vaktrommet og åt. Mona, Merete, Pia og to andre ufaglærte ungjenter. Ute snødde det tett, det gjekk knapt an å sjå den andre enden av den digre bygningen. Dei tre jentene åt alle vegetarkost medan dei to sjukepleiarane sat der og gassa seg med kyllingsalat. Akkurat då sleppte nokon ein liten fis. Mona og Merete såg surt rundt seg.
«Kven var det som feis?» glefste Mona. – «Alvorleg tala, jenter! De sit ikkje og prompar medan vi et!»
«O-orsak, Mona, det var nok eg,» sa Pia med raudnande kjakar. Magen hennar hadde est ein tanke ut. – «Eg er litt plaga med gass.» Like etter sleppte den andre ungjenta ein liten kosefis medan ho heldt seg stønnande til den esande magen.
«Beklagar so mykje,» sa ho stille.
«De veganar-jentene er reine gassbombene,» sa Merete og himla med auga. – «Det er ikkje sunt å ikkje ete kjøt. Alt det kaninfôret kan umogleg vere bra for tarmen.»
Akkurat då feis den tredje jenta so det small. Dei to sjukepleiarane skvatt slik at dei nesten fall av stolane.
«I himmelens namn, Cathrine!» utbraut Mona. – «Fysj! Vi sit jo her og et!»
«E-eg er lei meg, men den berre måtte ut!» sa Cathrine der ho sat med esande mage og vrei på seg. – «Det er betre å sleppe ein fis enn å sprengje ein tarm, som bestemora mi brukte å seie.»
Pia stønna lett i det ho sleppte ein lang, lang brakar som song i veggane. Merete landa gaffelen sin bryskt opp i den halvetne salaten. Mona såg ut som ho hadde bite over ein sitron.
«Veit du, dette er ikkje akseptabelt,» sa ho. – «Eg misser heilt matlysta av all denne fisinga. De er verre enn kyr på beite!»
Den andre jenta, Andrine, sleppte ein serie småfrekke fjertar, samstundes som Pia og Cathrine òg sat der og braka og knatra. Dei utgjorde ein trio av uhyggjeleg samstemt promping.
«Har de teke NEWS-målingar på dykkar pasientar?» spurde Merete – ho såg ut som ho skulle kaste opp.
«612 har litt høgt blodtrykk og puls,» sa Pia. – «Men O2-metninga er *fiiiis* godt inne på 90-talet.»
«606 har låg O2-metning, men har *fiiiiis* lågt blodtrykk,» sa Andrine.
«616 har fint blodtrykk, god O2-metning og *fiiiiiiiis* lite grann feber,» sa Cathrine.
«Godt jobba, jenter,» sa Mona med ein grimase som var meint å vere eit smil. – «Huff, her stinkar det død og forderving. Eg trur vi må opne eit vindauge.»
«Opne vindauget?» spurde Pia. – «Det er jo *fiiiiiis* seks minusgrader ute!»
«Ja, vi sit jo her og fiiiis, eg meiner fryyyys,» sa Andrine i det ein stinkande, ekkel smygar glei lett og leikent ut av ho. – «Oi, fysjameg, den var verkeleg ròten! Eg er so lei meg!»
«I det minste er det bra for *fiiiiiis* miljøet å ete vegansk,» stønna Cathrine.
«Det kan saktens diskuterast om det er so bra for arbeidsmiljøet!» sa Merete stille med store auge.
Akkurat då kom sjefen for korttidsavdelinga inn på vaktrommet. Denne høge, hengslete, ikkje akkurat biletvakre blondina skvatt til medan naseborene vibrerte. Ho såg seg rundt med raske hovudrørsler som fekk gulløyreringane til å dingle komisk.
«Fysj, for ei lukt!» utbraut ho på sitt breie Jæren-mål. – «Har nokon av pasientane dårleg mage?»
«Det er desse veganar-jentene som sit og prompar medan vi prøver å ete,» sa Mona. – «Merete og eg hadde tenkt å ta det opp med deg. All denne fisinga er til skade for arbeidsmiljøet.»
«Ta det opp med verneombodet,» sa sjefen, før ho gjekk og opna eit vindauge. – «Vi må lufte ut, for her stinkar det som om noko har drite seg ut. Tenk kva pårørande kan tru når dei kjem inn på ei korttidsavdeling som luktar som ein gjødselkumme. Dei kan tru vi forsømmer pasientane.»
Mona og Merete veksla eit løyndomsfullt blikk med kvarandre.
Snøfnugga virvla inn i rommet, og dei tre jentene sat der og hutra og feis.
«Huff, for eit vêr,» utbraut sjefen. – «Ser ut som mannen min får meir enn nok å gjere i dag.»
«Er han ute og brøyter?» spurde Merete medan ho vifta seg for nasen.
«Dagen lang,» sa ho med eit resignert sukk. – «Det blir ikkje so mykje på meg for tida. Han snakkar om å kjøpe ein mirakelvibrator til meg til jul. 8000 kostar den.»
Pia sleppte frå seg ein lett, leiken «prompeti-promp». Det same gjorde Andrine og Cathrine; dei indoktrinerte sauehovuda var so lydige at dei venta på tur for å få fise.
«Nei, her stinkar det so mykje at eg knapt får puste,» sa sjefen med eit ansikt vrengt i avsky. Ho vende seg elegant rundt og nærast flykta frå vaktrommet.
«Vel, vi får halde fram der vi slutta,» sa Mona, spygrøn i leten. Pia, Andrine og Cathrine reiste seg. Dei konstant prompande jentene forlét vaktrommet. Ein ròten eim låg igjen etter dei.
«Ja, vi får gå på vår vesle mordrunde, Monalisa,» sa Merete sensuelt i det ho kyssa Mona lett i nakken.
Komisk sprengkåte Mona følgde kollegaen ut av rommet og nedover korridoren. Det var ikkje vanskeleg å høyre kva rom Pia, Andrine og Cathrine var på – dei trong berre å gå etter lydane og lukta. Dei to kasta kvarandre eit mørkt blikk, før dei trippa leikent og ertent inn på medisinrommet. No kom der snart til å vere tre ledige rom på korttidsavdelinga.

Utmerket! Jeg venter på hele novellesamlingen!
LikarLikt av 1 person
Takk 🙂
LikarLikar