Sjå òg «Medskaparen av ‘The Fall of the Cabal’ Janet Ossebaard er forsvunnen», publisert 6.desember 2023.
Allereie i byrjinga av desember meldte David Sörensen på nettstaden sin StopWorldControl at hans gode venninne Janet Ossebaard har vore sakna i fleire veker, og at hennar siste kjende ord til familie og venner var at ho hadde tenkt å ta livet av seg. No ser dette ut til å ha skjedd, som nettstaden 100percentfedup.com rapporterte på sjølvaste julaftan 2023. Dei skriv (mi omsetjing):
«Meldingar om at Janet Ossebaard har blitt funnen død har sirkulert på nettet, men eg [artikkelforfattaren] har venta med å dekkje denne historia fram til den vart bekrefta.
Tragisk ser det ut til å ha blitt konfirmert på dette tidspunktet.
Her er erklæringa:
Siste: Janet Ossebaard, filmskaparen kjent for sin dokumentarserie ‘The Fall of the Cabal’, har blitt bekrefta død av sjølvmord etter å ha vore meldt sakna i fleire veker. […]
Her er fleire detaljar:
Det er med tungt hjarte at eg bekreftar nyheita om Janet Ossebaard sin bortgang. Etter å ha vore meldt sakna i fleire veker, har nylege oppdateringar bekrefta at ho tragisk har døydd gjennom sjølvmord.
Janet Ossebaard var ein prominent figur i alternative media si verd, kjent for dokumentarserien ‘The Fall of the Cabal’. Arbeidet hennar hadde som mål å kaste lys på ymse konspirasjonsteoriar og tilby eit annleis perspektiv på globale hendingar.
Nyheita om hennar død har etterlate ein tomrom i vårt samfunn, og mange sørgjer over tapet av ein pasjonert og dedikert filmskapar. Medan omstenda rundt hennar død visseleg er hjarteskjerande, er det essensielt å hugse ho for arbeidet ho oppnådde og påverknaden ho hadde på dei som følgde innhaldet ho skapte.
Eg lyt ta denne nyheita for god fisk, men mange lurer derimot på om ho har forfalska sin eigen død, eller er under ei form for vitnebeskyttelse… eller om ho vart myrda.
Eg kan ikkje bekrefte (eller nekte for) den spekulasjonen.»
Allereie i slutten av november la X-brukaren «The Keystone Channel» ut eit innlegg der vedkomande avfeia rykte om vitnebeskyttelse, mord eller forfalska død. Personen skildra Ossebaard som ein «høgsensitiv autist» som hadde blitt utmatta og emosjonelt utarma av alt arbeidet ho hadde gjort med dokumentarserien om Kabalen. I tillegg nemner personen finansielle problem gjennom frasen «financially on the ground», «finansielt på bakken».
Dette gjer det meir sannsynleg at Janet Ossebaard tok livet av seg fordi ho ikkje orka meir av all den ekstreme vondskapen ho avdekte i serien sin, som ho laga med kollegaen Cyntha Koeter. Av og til er den enkle, ikkje-konspiratoriske forklaringa den riktige.
