Mordrunde på korttidsavdelinga

Ute er det pissvêr og kuling, gradestokken klatrar seg sovidt over null. Korttidsavdelinga på ein viss sjukeheim i Bergensområdet er full – ingen ledige rom er å oppdrive. Dette medfører mykje ekstraarbeid for sjukepleiarane som trippar kvalmande sjølvhøgtideleg rundt og leikar vakthavande sjukepleiarar – spesielt Morfin-Mona og Midazolam-Merete. No er klokka to torsdag 28.desember 2023, og dei skal gå seinvakt før dei skal tilbake igjen og jobbe dagvakt fredag morgon. So har dei fri i nyttårshelga, som dei skal bruke med sine forsmådde, seksuelt underdanige pyser av nokre ektemenn og bortskjemde, tafatte kjærleiksbarn. Sidan det er andre til stade i damegarderoben, kan dei ikkje kysse, kline og kjærteikne kvarandre. Dei må halde seg til dei kjem på medisinrommet.

Med seg på vakt har dei tre vindfulle veganar-jenter, dei «vanlege mistenkte» Prompe-Pia, Andrine og Cathrine. Sistnemnde har byrja å gumle på hardkokte egg fordi hennar sjokkerte fastlege har konstatert alvorleg proteinmangel (dette er eit rykte som kontrollfriken Mona har snappa opp etter eit kyndig kryssforhøyr av Cathrine, Andrine og Prompe-Pia). Som eit resultat går Cathrine no rundt og slepper leikne, lette egg-smygarar, som er den mest illeluktande kategorien av fisar som eksisterer hjå fysisk friske folk.

Det kjem til å bli ei vindfull, mordarisk vakt, folkens!

Etter å ha motteke rapport frå ein trio av lydige, pliktoppfyllande, vandrande gasskraftverk av nokre søte ungjenter, legg Mona og Merete planar for vakta. Her er det ikkje snakk om diskusjon og idémyldring rundt oppgåvefordelinga, her snakkar vi om ein monolog av ordrar. Seks nye pasientar må gjerast NEWS-målingar på (måle puls, blodtrykk, O2-metning, temperatur med meir), sidan dagvaktene ikkje har hatt tid til dette – heile gjengen vart nærast dumpa på korttidsavdelinga i løpet av eit tidsrom på 45 stressande, hektiske minutt. Ein tjukk perm med anamnesar (sjukehistorikken til pasienten) og journalnotat frå Haukeland ligg som eit tidkrevjande tårn på bordet.

Alle desse målingane kan naturlegvis Mona og Merete ta seg av.

Dei prompande jente-lakeiane blir kommandert ut i «felten» for å ta seg av pasientane. Dei to sjukepleiarane har langt viktigare ting å gjere!

«Høyr her, Merete-pusen,» seier Mona, noko som får kollegaen til å flire søtt. Perleøyredobbane glitrar vakkert, like kvite som dei perfekte tennene. – «No har vi full avdeling, 16 pasientar. Det er minst fem for mykje. Nokon av dei må plutseleg bli sjuke og døy i løpet av natta, slik at vi ikkje får so mange å stelle på dagvakta i morgon.»

«Hmm, skal vi køyre vanleg opplegg, Monalisa?» spør Merete med eit ertent smil.

«Åh, du, altso…!» seier Mona medan ho blir synleg oppglødd. – «Du veit eg blir so kåt av å bli kalla Monalisa…!» Ein kan formeleg høyre kjønnsleppene hennar svulme opp og bli fuktige.

«Du er so søt når du er kåt, Monalisa, Monalisa, Monalisa…!» flirer Merete medan ho leikande uttalar namnet med erotiske tungerørsler.

«Fy faen, pus, eg må ha deg…!!» stønnar Mona og held omtrent på å klatre over bordet til den høge, slanke, langt yngre blondina.

«Hihi, ikkje her inne…!» seier Merete og reiser seg elegant opp. – «Nokon kan sjå oss…!» Ho grip permen med ymse medisinske Haukeland-notat og lokkar ho til seg med fingeren. – «Lat oss gå inn på medisinrommet…!»

Komisk sprengkåte Mona trippar etter Merete, som går med rak rygg, nasen i sky og dei halvstore puppane ståande rett ut. Prompe-Pia, Andrine og Cathrine sine vevre ungjentestemmer og ikkje fullt so vevre fisar høyrest på tre av romma. Kaffimaten skal serverast halv fire, ein time frå no av. Det er diverre ikkje sikkert at alle pasientane vil vere i stand til å forflytte seg frå rommet og ut på kjøkkenet. Med drapslysta skinande i dei kalde rovdyrauga forsvinn Mona og Merete inn på medisinrommet. Den tunge døra smell igjen og blir låst.

«Soooo, Monalisa—» rekk Merete å seie før Mona hiv seg over ho med tunga stikkande ut av den gapande kjeften. Dei to står der og råkliner og gnir seg mot kvarandre. Merete står lett bøygd sidan den korte, småtjukke Mona er minst eit hovud kortare enn ho. Puppane til Mona er derimot fire gonger større enn Merete sine, og blir grunding knadd, kitla og strokne.

Ute høljar regnet ned, vinden pulserer mot vindauget, ein svartkledd mann frå teknisk avdeling står nede og heller strøsand utover vegen nede på plassen. Skyene er svarte som heksegryter. Uvêret herjar med omgjevnadene. Den brunstige rautinga til Mona og dei søte klynkelydane til Merete er det difor ingen som høyrer.

Mona si vesle, feitladne dokkehand forsvinn ned i buksa på Merete. Snart høyrest ivrig gnikking av dei våte, oppsvulma kjønnsleppene. Merete rullar auga tilbake og strekkjer seg med eit euforisk smil i det vakre ansiktet. Sveitten bryt fram i den tomatraude panna på Mona der ho står og fingerpuler kollegaen. Ei lukt av våt fitte ligg blytung i rommet.

(Eg minner her om at du kan støtte det briljante journalistikkarbeidet til Saksyndig ved å vippse til nummeret nedst på sida!)

Merete klynkar som ei lita jente i det ho kjem. Heile den høge, slanke kroppen hennar rykkjer rytmisk til i det Mona trekkjer ut den våte, glatte, glinsande neven sin. Ho sleikjer fingrane sine reine medan ho stønnar av vellyst.

«Du er so vakker når du kjem, pus…!!» seier den ramkåte mordarmegga sensuelt.

«Åh, dette trong eg verkeleg, Monalisa,» sa Merete, mjuk som halvsmelta smør. – «Tusen takk, kjære.» Ho kyssa ho ømt på leppene. So snudde ho seg elegant rundt. – «Eg skal sleikje deg i pausen halv seks. Eg skal gje deg so mange orgasmar at du svimar av.»

Ho opnar medisinskapet og tek ut minst tjue ampullar med morfin. Mona greier ikkje å ta blikket vekk frå den vakre gudinna.

«Vi har nye pasientar på rom 602, 606, 610, 612, 614 og 616,» seier Merete. – «Alle kjem frå Haukeland med frakturar i ymse bein, so alle har framleis venekateter. Det vil gjere elimineringsprosessen langt lettare, for då slepp vi å dikte opp eit påskot for å leggje inn venekateter sjølve.»

«Gud, du er so sexy når du er i mordmodus, pus…!» seier Mona medan ho flirer som ei forelska ungdomsskulejente. Merete smiler søtt til ho og stryk ho over det lett rynkete kinnet. – «Skal vi gå saman frå rom til rom, eller fordele oss?»

«Monalisa, då. Vi går alltid to på kvart rom, slik at ein av oss kan stå vakt ved døra medan den andre utfører ‘lindrande behandling’.»

«Sorry, pus…! Eg gløymde meg…!» Ho bit seg lett i leppene. – «Eg er berre so kåt…!»

Merete smiler so søtt, so søtt:

«Halv seks, Monalisa. Halv seks.»

Væpna med eit heilt brett av morfinampullar trippar dei to sjukepleiarane ut av medisinrommet og oppetter korridoren. Neste stopp: rom 602, som ifølgje journalen inneheld ei 88 år gammal enkjefrue med nyoperert ankelbrot etter eit fall på isen ute i Morvik-området vest for Åsane senter og 15-minuttsbyen Horisont. Merete bankar lett og leikent på døra, eit for Mona uhyre opphissande «banketi-bank».

I senga ligg ei kvithåra, tynn dame med store, blågrå auge. Ho ser truskuldig på dei med eit smil på dei rynkete leppene.

«Neimen, hallo, hallo, hallo, vesle deg!» seier Mona med sitt falske smil og kalde auge. – «Og korleis har vi det i dag?»

«Åh, eg hakkje det så bra, søstar,» seier enkjefrua på velklingande bergensk. – «Eg skled på isen da eg skulle hente posten. Plogmannen hadde ikkje vært der ennu, så det var skøyteis i den bratte bakken der eg bor. Heldigvis så en nabo meg, og ringte efter sykebil.»

«Stakkars, stakkars liten,» seier Mona på babyspråk og stryk enkjefrua lett på den rynkete neven – som høgst passande har innlagt venekateter. – «Du skal få litt morfin for smertene.»

«Morfin?» spør enkjefrua undrande. – «Eg har jo ikkje vondt!»

«Åh, men du vil få kjempe-kjempevondt i den søte, vesle ankelen din dersom du ikkje får smertestillande,» pjattar Mona medan Merete gjev ho ei lita sprøyte med morfin frå den eine ampullen. – «Hugs at du er på ein sykehém. Ingen skal ha vondt på sykehém, veit du.»

«Nei, nei, du vet vel best du som e sykesøstar,» seier enkjefrua. – «Eg e bare så redd for at eg ikkje skal få sovve.»

«Absolutt ingen problem!» seier Mona med eit breitt glis og skumle, oppsperra auge.

Merete flirer stille for seg sjølv medan ho dekkjer til munnen sin.

Snart ligg den gamle dama der med tredobbel morfindose i systemet. Auga går i kryss og lukkar seg sakte. Det er høgst uvisst om dei nokosinne vil opne seg igjen.

«Natti-natt, ubrukelege etar…!» kurrar Mona og viftar leikent med fingrane.

«Greitt, då går vi vidare til—» Merete les i journalen. – «–606. Mann på 87. Fraktur i høgre femur.» Femur er lårbeinet på godt norsk. – «No kan vi byte om på rollene. No kan eg vere den miskunnsame engelen medan du gjev meg sprøyta.»

«Å ja, alt for deg, Merete-pusen…!» stønnar Mona sensuelt. – «Du er so sexy når du tek livet av folk…!»

Og slik går dei to mordrunden nedover korridoren. Tredobbel dose på kvart rom, bortsett frå 612, der pasienten er ein svær, feit nordlending som difor får firedobbel dose. Ikkje fordi han er so svær og feit, men fordi han er nordlending – både Mona og Merete hatar nordlendingar djupt og inderleg, og skal nokon døy fyrst, må det difor vere han.

Dersom ikkje morfinen tek livet av han, har dei alltids ei pute…

Prompe-Pia, Andrine og Cathrine har i god tru dekt på til fjorten pasientar (dei dekte ikkje på til dei to pasientane som hadde beinbrot sidan dei er sengeliggjande). Mona trippar lett og leikent inn på kjøkkenet, ser kor mange dei hadde dekt på til, og klukkler kvalmande sjølvhøgtideleg der ho står med sine enorme, struttande jur.

«Merete og eg har nettopp teke runden og sett til pasientane,» seier ho. – «Alle dei seks nykomne søv diverre tungt. Òg dei fire nye de har dekt på til, jenter.»

«Åh, det var då *fiiiiiis* synd,» seier Pia. – «Dei er nok *fiiiiiiis* trøytte etter opphaldet på Haukeland med operasjon og alt.»

«Skal vi gå inn på *fiiiiiiis* rommet til dei med mat?» spør Andrine med sitt naive ungjenteblikk.

«Åh, de kan ikkje gje dei mat når dei søv,» seier Mona flirande. – «Dei vaknar nok opp til kvelds klokka sju, skal de sjå.»

«Går det bra med dei?» spør Cathrine, før ho slepper ein ufyseleg egg-smygar som får Mona til å nærast brekke seg. – «Har dei *smyyyyyyg* vondt? Skal eg ta meg ein *smyyyyyyg* runde og sjå til dei etter kaffimaten?»

«Huff, nei, det er heilt unaudsynt, Cathrine,» seier Mona og går fleire steg bakover, synleg kvalm og uvel. – «Merete og eg tek oss ein ny runde i seks-tida, etter at vi har kontrollert narkotikarekneskapen halv seks.»

Dei små, brune griseauga hennar skin av forventing til å møte Merete sin dyktige munn og tunge halv seks. Den småfeite gratispa blir mo i knea berre ved tanken.

«Kontrollerte ikkje de *smyyyyyyg* narkotikarekneskapen på tysdag òg?» spør Cathrine undrande. – «Då var de jo på medisinrommet *smyyyyyyg* nesten heile vakta.»

«Kontroll av A-preparat er meget viktig og må gjerast kvar dag, unge dame!» utbryt Mona skarpt og viftar belærande med peikefingeren (som framleis luktar temmeleg intenst av kjønn!). – «No kan de gå og hente dei pasientane som er i stand til å gå, og servere kaffimaten!»

Mona held seg spyferdig for nasen i det ho essensielt evakuerer det stinkande kjøkkenet.

Dei fisande jentene geleidar pasientane inn på kjøkkenet, der dei får kaffi og fyrstekake med ein dæsj piska kremfløyte. Mona og Merete trippar inn på vaktrommet og vidare inn på det vesle kontoret med låsbar dør. Dette er deira vesle «konspirasjonsrom» som dei trekkjer seg tilbake til når dei skal konferere om ting som ingen må høyre.

«Merete-pusen, vi har eit problem,» seier Mona i det ho omfamnar kollegaen. Merete lyttar med ein søt, alvorleg mine i ansiktet. – «Eg trur Cathrine byrjar å fatte mistanke. Ho kommenterte at vi er so ofte på medisinrommet og ‘kontrollerer’ narkotikarekneskapen.»

«Hmm, meiner du vi må—» byrjar Merete og stryk ein finger illevarslande over sin eigen hals.

«Ja, Cathrine må vekk.» Mona nikkar bestemt. – «Ho er for smart til å jobbe på korttidsavdelinga. Dessutan har ho byrja å ete egg, og det stinkar lang veg.»

«Huff, say no more, Monalisa,» seier Merete med avsky i fjeset. – «Lat oss setje oss ned og skrive ein flammande e-post til sjefen.»

«Hehe, den likar eg, pus,» seier Mona i det dei to set seg ned på stolar framfor PC-en. – «Kva skal vi dikte opp denne gongen?»

Merete vender sine vakre, isblå auge tankefullt oppover og til sida. So smiler ho frå den eine perleøyredobben til den andre:

«Kvifor skal vi dikte opp noko nytt? Lat oss berre bruke om igjen påstandane om ho vi fekk fjerna i september 2022. Men berre, liksom, omformulere litt her og der so det ikkje blir ordrett.»

«Åh, du er so smart, pus…!» kurrar Mona sensuelt.

«Eg veit, Monalisa…!» Merete ser ertent og overlegent på ho, før ho opnar e-postprogrammet til sjukeheimen. Snart kjærteiknar dei lange fingrane det svarte tastaturet.

I nær framtid kjem ei ungjentes mistankar og lukta av ròtne egg til å bli nær fortid.

Kommenter innlegget