Cyntha Koeter: Janet Ossebaard låg død i campingbilen sin i FEM VEKER før ho vart funnen!

Sjå òg «Medskaparen av ‘Fall of the Cabal’, Janet Ossebaard, er bekrefta død», publisert 25.desember 2023.

Nederlandske Janet Ossebaard og partnaren Cyntha Koeter laga dokumentarseriane Fall of the Cabal og oppfølgjaren The Sequel to The Fall of the Cabal, som begge kan sjåast på nettstaden til David Sörensen, StopWorldControl. Ossebaard vart meldt sakna for ei tid tilbake etter at ho informerte at ho hadde tenkt å ta livet av seg, og vart seinare funnen død. No fortel partnaren Cyntha Koeter kva som skjedde, og kva omstenda var. Informasjonen er henta frå nettstaden The Exposé og Ossebaard og Koeter sin felles Telegram-konto.

Koeter er forsiktig med å røpe detaljar om privatlivet deira, sidan ho meiner at offentlegheita ikkje har interesse av «saftige detaljar» som kan tilfredsstille nysgjerrigheita. Ho informerer derimot at Janet Ossebaard døydde 16.november (mi omsetjing):

«Korleis veit eg at Janet døydde 16.november? Det er særs enkelt: Ho drog i veg i campingbilen den 16., parkerte på ei privat tomt (det er grunnen til at verken eg eller andre kunne finne ho) og tok pillene sine. Neste dag ringde eigaren av tomta politiet for å få fjerna campingbilen. Politiet kom ikkje (!). To veker seinare ringde grunneigaren igjen. Atter ein gong kom ikkje politiet, trass ei melding i systemet deira om at Janet var sakna, i tillegg til nummerskiltet til bilen. Fyrst etter fem veker, då familien leverte ei offisiell sakna-melding OG eigaren igjen ringde 22.desember, la politiet saman to og to og rykte ut. Dei knuste vindauget og der var ho. Ho hadde lege død i fem veker på ein privat eigedom.

Det er det. Det er det eg må hanskast med. Ho kunne ha blitt funnen dagen etter.»

Berre desse detaljane er oppsiktsvekkjande i seg sjølv, at eit menneske kan liggje død i ein campingbil i fem veker utan at politiet undersøkjer saka. Hausa News publiserte òg ein artikkel om dødsfallet til filmskaparen på julaftan:

«Nyheita om hennar bortgang har sendt sjokkbølgjer gjennom fansen hennar og det større samfunnet, og etterlate mange i sjokk og fortviling.»

«Påverknaden til Janet Ossebaard på alternativmedie-scena kan ikkje leggjast nok vekt på. Ho er best kjent for sin banebrytande dokumentarserie ‘The Fall of the Cabal’, som hjelpte til med å tenne den globale Store Oppvakninga. Arbeidet hennar hadde som intensjon å avsløre visstnok verdsomspennande konspirasjonsidear og eksponere det ho vurderte som skjulte fakta. Ho vigde seks år til strevsame studiar, innhaldsutvikling og språkovergåing [?], noko som gav ho ein dedikert følgjargjeng.»

«Trass den emosjonelle og finansielle børa som målet hennar la på ho, jobba Ossebaard ustanseleg med partnaren sin, der ho jobba dag og natt for å nå so mange som mogleg. Dedikasjonen hennar til å vekkje opp massane var fjellstø, og tente ho eit kultfølgje blant dei som følgde arbeidet hennar.

Omstenda rundt Ossebaards død forsterkar tragedien. Ho forlét visstnok huset sitt etter å ha lagt igjen ein lapp som antyda hennar intensjon om å gjere det slutt. Ifølgje kjelder hadde ho lide av alvorleg emosjonell utmatting i fleire månader som eit resultat av det enorme arbeidstempoet sitt, og ei kjensle av å ha blitt tømt for livskraft.»

«Medan den offisielle dødsårsaka framleis er ukjent, antydar rapportar sterkt sjølvmord. Derimot har rykte sirkulert som har spekulert i andre scenario slik som mogleg plassering under vitnebeskyttelsesprogram, eller til og med påstandar om kriminelle handlingar gjort av kabalen – ein påstand driven av det kontroversielle innhaldet i arbeidet hennar. På noverande tidspunkt er desse rykta udokumenterte.

I kjølvatnet av dette tragiske tapet ser vi på Janet Ossebaard sitt ettermæle. Ho var meir enn ein filmskapar; ho var eit symbol på den globale oppvekkingsrørsla. Det at ho ofra seg sjølv for menneskeheita, hennar driv for å eksponere skjulte fakta, og utrøyttelege kamp for å vekkje opp massane vil bli hugsa.»

Kommenter innlegget