Eliten prøver å viske ut lockdown-æraen frå det kollektive minnet

Jordan Schachtel skriv på sin Substack The Dossier (mi omsetjing):

«Eg ville helst ikkje brukt Andre verdskrig-analogiar for å diskutere covid-hysteri-æraen, men det tener som den største moderne parallellen når det gjeld ansvarleggjering for alle brotsverka, sabotasjen, og forsømminga utført av dei som styrer i virusnedkjempinga sitt namn.

Sei det er 1946 i Berlin, og du var ein av dei få frittalande tyskarane som greidde å gjere dine dissens-meiningar kjende, medan du sleppte unna vreiden til naziregimet. Du var ein av dei få som kjempa deg gjennom Holocaust og Andre verdskrig med eit reint moralsk rulleblad, og kjempa mot Systemet kvart eit steg av vegen.

Men du var berre ein kopp av mot i ein sjø av feigskap, og mykje verre. Du har akkurat vore vitne til at det store fleirtalet av dine landsmenn anten gjekk i gåsegang med dei vonde fyrane, eller heldt seg stille overfor Det tredje riket sin systematiske utryddingskampanje.

No når denne skrekkelege æraen er over, ønskjer du og dine allierte ansvarleggjering, og de vil ha det no. I kjølvatnet av dei dårlege tidene ser det tyske samfunnet ut til å trekkje seg unna den umoralske skrekken, og massane har ope omfamna ditt verdssyn.

Men ulikt det som faktisk skjedde etter Andre verdskrig, lever du framleis i eit tysk samfunn utan ein avnazifiseringskampanje, fordi krigen ikkje slutta med at din herskarklasse vart nedkjempa. Faktisk har det ikkje vore noka endring i regjeringa i det heile. Strukturen til Bundeskabinett er nær sagt identisk. Dei same folka som styrte under vondskapens og skrekkens tider er der i dag, men dei er ikkje nazistar lenger. Faktisk er dei no imot nazisme, seier dei. Det er tydeleg at dei ikkje ønskjer å snakke om dei tidene.

Korleis har du eigentleg tenkt å halde desse folka ansvarlege?

Strukturelt sett, er det nøyaktig der vi finn oss sjølve i USA i dag. Den sjølvsame herskarklassen som skapte panikk hjå massane og innførde autoritære diktat på grunn av den omdøypte influensaen – som òg som parasittar saug til seg rikdom og framgang frå samfunnet – styrer i dag.

Særs få, dersom nokon i det heile av dei folka i regjeringa i dag held fram med å forsvare politikken dei innførde frå 2020 til 2022. Enkelte av dei står faktisk og gaular og skrik om tema som vi alle har sterke meiningar om, men på ein måte som har som mål å trekkje merksemd vekk frå deira handlingar under denne tida.

Dei var medskuldige, eller verre, dei dreiv og aktivt underminerte rettane våre når det spelte ei rolle, og ei sann etterforsking vil dra desse covid-skjeletta ut av skapet slik at heile verda ser det. Ein ansvarleggjeringsprosess vil ikkje berre implisere slike som Fauci og Pharma, men heile sjølve systemet.

Og det er ikkje berre herskarklassen som ikkje ønskjer covid-ansvarleggjering.

Den stygge sanninga er at eit overveldande fleirtal av våre med-amerikanarar omfamna hysteriet, og mange stilte seg opp med dei som styrer for å utpeikte som mål og demonisere det vesle mindretalet som snakka ut mot den kollektive overreaksjonen mot ‘pandemien’. Dette er ein æra som dei fleste helst ikkje vil ta opp til debatt. For både dei i maktas hallar og mesteparten av befolkninga dreg nytte av å både rekalibrere politikken sin til det noverande fleirtalssynet, og feie denne fleirårige skamma under teppet.

Vi er vitne til at lockdown-æraen blir forsøkt viska ut frå det kollektive minnet, som vil late dei vonde fyrane sleppe unna med det, fordi ingen ser ut til å ville sjå i spegelen.»

Forholda Schachtel skriv om gjeld USA og Tyskland, men kan enkelt overførast til Noreg. Her har vi hatt eit tilsynelatande regjeringsskifte, og dei ansvarlege for covid-skrekken her i landet (Erna Solberg, Bent Høie, Camilla Stoltenberg, Bjørn Guldvog mfl.) er ikkje på nokon måte ansvarleggjorde. Fleire av desse norske covid-tyrannane sit ikkje lenger i dei posisjonane dei sat i under «pandemien», men det er på ingen måte ei trøyst for oss som vil ha dei stilt til ansvar for sine brotsverk. Fleirtalet av det norske folket er diverre framleis uviljuge til å debattere covid-«tiltaka» og «vaksinane», sjølv om stadig fleire fakta ser dagens lys. Det at våre verste landssvikarar sidan Andre verdskrig ikkje berre forblir ustraffa, men blir framstilt som heltar, fører skam til skade og er ei hån mot dei som fekk liva, helsa og karrierane sine øydelagde av koronaprosjektet.

Det kome eit oppgjer, for elles vil dei gjere det igjen.

Kommenter innlegget