Når utru dødsenglar røper seg

Morfin-Mona sit i bilen og søv med gapande kjeft. Heldigvis er det ikkje ho som køyrer. Ektemannen gjennom 40 år, Arve, er den som trakterer bilen på det krevjande vinterføret langs den tett trafikkerte E16 seint på ettermiddagen laurdag 30.desember 2023. Dei har vore på dagsbesøk hjå den eine dottera i Norheimsund. Ho er åleinemor og bur i eit lite hus i ein bratt bakke, der ho jamleg får besøk av ein plogmann. Meir enn dette vil ho ikkje fortelje foreldra, men ho har i det minste ulasteleg brøytt og salta tilkomstveg.

Mila er lange og Mona søv som ein stein. Dei køyrer inn i den lange Arnanipa-tunnelen like før Indre Arna. Sidan dei bur ute på Kokstad, køyrer han om Espeland og Nesttun, sidan det er kortare enn å fare gjennom Åsane og Fløyfjellstunnelen. Nyttårsaftan skal dei invitere naboane på ein god, gammaldags fyllafest med danseband, sprit og slips rundt hovudet. Kanskje blir det slagsmål òg dersom stemninga er god. Arve smiler for seg i det han stryk neven gjennom det korte, sølvgrå skjegget.

«Mmmmm…!!» kjem det brått frå Mona. Arve kastar ho eit raskt sideblikk, før han snur auga mot tunnelen igjen. Høyrdest dette ut som ein godlyd? Slike lydar har han ikkje høyrt frå kjerringa på minst ti år.

Volvoen med firehjulstrekk køyrer ut av Arnanipa-tunnelen og tek til venstre i rundkøyringa (tek ein til høgre, kjem ein inn på hovudvegen til Åsane). Snart køyrer dei langs fylkesvegen sørover mot Espeland og bydelsgrensa til Fana. Ute er det mørkt, sludd og ikkje eit menneske å sjå nokon stad. Dei held seg klokeleg innandørs og drikk seg truleg gode og skeive sidan det i dag er laurdag.

«Åhhh, hihi, du er so sexy når du drep folk, pus…!!» kjem det brått frå Mona.

Arve hevar augnebryna med ein perpleks grimase i fjeset. Sa ho nettopp det han trudde ho sa? Mona ligg der og smiler so søtt, ho fniser nett som ei førskulejente. Ho er kjent for å snakke i søvne, noko han har høyrt tallause gonger om nettene. Ho er òg kjent for å snorke som eit sagbruk, so han pleier som regel å «evakuere» soverommet om nettene og trekkje inn på gjesterommet.

«Jaaa, lat oss ta 602…!!» mumlar ho. – «Han er so frekk i kjeften…!! Kort prosess…!! Vanleg opplegg, pus…!! Vi har fått ny forsyning av morfiiiin…!!»

Han kastar ho eit storøygd sideblikk som nesten får han til å kome over i feil køyrefelt. Den kyndige sjåføren (som jobba som bussjåfør i 38 år før han pensjonerte seg i 2021), får raskt kontroll over bilen. Kva i all verda drøymer ho om?

«Natti-natt, ubrukelege etar…!!» mumlar Mona i det dei køyrer forbi Sparbutikken og bensinstasjonen på Espeland.

Arve er lettare skremt og skjelven der han sit. Hadde han ikkje visst betre, ville han ha trudd at Mona drøymer at ho tek livet av pasientar. Men det kan då umogleg vere riktig. Ho er då sjukepleiar. Folk drøymer dei raraste ting. Ein gong drøymde han at han var jagarfly-pilot. Ein annan gong drøymde han at han skaut Kong Harald med jaktrifla si. Han avviser denne mumlinga som rare draumar, og Mona vil nok bli ein tanke forvirra når ho vaknar opp.

«Eg elskar deg, pus…!!» mumlar Mona. – «Jaaa, sleik meg…!! Sleik meeeeg…!!»

Denne gongen kvepp Arve slik at han faktisk må stoppe bilen i vegkanten og summe seg. Han har aldri i sitt liv utført munnsex på kona. Slikt var ikkje vanleg i gamle dagar. Ei heller var det vanleg at kjerringar dreiv og saug mannfolka dei var gifte med. Slikt gjorde berre prostituerte, som han møtte mange av då han var eit år til sjøs.

«Åh, Merete, no kjem eg…!!» mumlar Mona, før ho slepper frå seg eit klynk. Ein eim av våt fitte ligg tung i bilen. Arve rynkar på nasen. Ingenting anna luktar slik, og han veit nøyaktig korleis Mona luktar!

Deretter opnar ho auga og ser seg forvirra rundt.

«Kor er vi?» spør ho og reinskar halsen. – «Er vi framme? Her er jo heilt svart.»

«Eg… måtte berre stoppe og kvile auga litt,» sa Arve. – «Eg vart so trøytt.»

«God idé,» sa Mona. – «Skal eg køyre resten av vegen? No er vi jo snart på Nesttun. Eg har teke meg ein blund og føler meg opplagt.»

«Ja. Eg såg at du sov.» Han har eit pokerfjes og ei gravrøyst der han sit. – «Nei, det går heilt fint. Eg greier den siste mila heim til Kokstad.»

«Er du sikker?»

«Ja.»

Seinare sit dei heime i sitt luksuriøse hus og et kveldsmat. Arve sit med rynka panne og smattar på ei brødskive. Brått får Mona ei tekstmelding på mobilen sin. Ho plukkar den opp og smiler so søtt frå øyre til øyre. Faktisk raudnar ho litt, før ho tekstar ivrig tilbake. Dei korte, feite fingrane kjærteiknar skjermen med mistenkjeleg iver.

«Kven var det?» spør Arve med denne nøytrale gravrøyst-stemma.

«Åh, berre ein kollega,» seier Mona. – «Ho er… på byen med nokre venninner.»

«Får håpe dei er godt kledde,» svarer han, grav alvorleg.

Endå litt seinare ligg Mona og snorkar høglytt inne på soverommet medan Arve ligg og stirar i taket inne på gjesterommet. Her er definitivt noko muffens.

Etter å ha kasta seg fram og tilbake i senga, står han til slutt opp. Mobilen til Mona ligg inne i den digre stova på salongbordet. Han kan koden, som er fødselsåret til kona. Mona veit ikkje at han kan koden. Han opnar mobilen og finn fram tekstmeldingane frå denne Merete. Med lesebrillene balanserande på nasen står han der med eit ansikt som vrir seg meir og meir i sjokk, vantru og avsky. Spesielt dei nyaste meldingane bit han seg merke i:

Eg kan ikkje vente til 2.januar, Monalisa [hjarte]

Til det svarer hans eiga kone:

Ikkje eg heller, Merete-pusen [to hjarte]. Oss to på medisinrommet, eg kan knapt vente [kyssefjes, fjes med geipande tunge] Eg saknar tunga di, kjære [heile fire hjarte!]

Merete svarer tilbake:

Eg elskar deg, Monalisa [hjarte]

Mona svarer:

Eg elskar deg eg òg, Merete-pusen [fem føkkings hjarte!]

Arve held seg til munnen medan han står der og skjelv. Det ser ut som Mona og denne Merete er mykje meir enn berre kollegaer! Han bruker sin eigen mobil til å ta bilete av skjermen. Dette må dokumenterast.

**

Nyttårsfesten er godt i gang. Mona sit der brisen og skravlar på innpust og utpust med dei åtte gjestene dei har langs det store, mørkebrune matbordet. Sjampanje og vin er i glasa hjå damene. Mennene har juleøl og akevitt. Dei har fortært ein heil kalkun, og sit no stappmette og vrir på seg. Medan Mona stråler som ei sol sidan ho er festen sitt midtpunkt, sit Arve der og glor stygt på ho med eit ansikt vride i kløktig undertrykt sinne. Når ein mann sit og ser slik på deg, burde alle varselsbjøller ringje.

«Du, Arve, eg må ut og ha ein røyk og trekkje frisk luft,» seier ein av mennene, ein gråhåra krølltopp ved namn Fritz. Dei har vore kompisar sidan 60-talet.

«Eg blir med ut,» seier Arve.

Dei to mannfolka trekkjer ut på verandaen, der ingen kan høyre dei. På stereoen speler ABBA på ganske høgt lydnivå, men stemma til Mona er likevel klart høyrbar. Fritz tenner ein sigarett. Med røyken i den eine neven og ølglaset i den andre ser han tankefullt på Arve.

«Sei meg, er det noko som plagar deg?» spør han. – «Du har knapt sagt eit ord i heile kveld. Er du sliten etter dagsturen til minstejenta i Norheimsund i går?»

«Eg har sove dårleg i natt,» svarer Arve. Fritz tilbyr han ein røyk frå pakken, men han takkar nei.

«Ah, har kjerringa halde deg vaken med snorkinga si igjen?» Fritz flirer, men gliset forsvinn frå ansiktet hans då Arve ser grav alvorleg på han.

«Eg mistenkjer at ho er utru.»

Fritz ser på han med store auge ei lang stund. Sneipen ramlar omtrent ut av kjeften på han.

«Du køddar no, ikkje sant?» spør han. – «Ja, dette må då vere ein spøk. Hehe, kødde slik med ein gammal kompis på nyttårsaftan.»

Arve tek opp mobilen sin og viser Fritz biletet han tok av mobilskjermen til kona sin mobil. Fritz held telefonen på avstand og myser lett i det auga glir over tekstmeldingane. Han blir fleire år eldre i trynet.

«Oi…» mumlar han stille. – «Merete? Kven er det?»

«Ein sjukepleiarkollega på korttidsavdelinga,» seier Arve. – «Meldingane er ikkje til å misforstå.»

«Eg har den same tolkinga av dei. Kva har du tenkt å gjere? Snakkar vi skilsmisse?»

«Skilsmisse blir ein styggdyr affære. Og ingen av oss har råd til å kjøpe den andre ut, so vi må selje huset. Og eine dottera, ho som bur i Norheimsund, slit for tida. Ho gav seg hen til ein neger, som rømde til utlandet so fort graviditeten vart bekrefta. So har vi denne plogmannen som kjem heim til ho…» Han grøssar seg. – «So skilsmisse er ein dårleg idé so lenge vi har denne situasjonen i familien.»

«Hadde kona mi late ein kollega sleikje fitta hennar, hadde eg kontakta advokat med éin gong, Arve.»

«Kanskje eg burde ta meg ein prat med ein advokat. Kjenner du nokon?»

Fritz står der ei lang stund og tenkjer. So svarer han:

«Den eine svigersonen min jobbar faktisk i eit advokatbyrå her i Bergen. Men han er berre advokatfullmektig, som er å rekne som ein ‘lærling’ innan juss. Han kan likevel gje nyttige råd, og han er ikkje so himla dyr. Du kan få nummeret hans.»

«Takk, Fritz. Eg tek ein telefon der på tysdag, so fort kjerringa har køyrt på jobb. På korttidsavdelinga, der ho skal vere heile vakta saman med denne ‘Merete-pusen’.» Han snøftar i forakt. – «Helvetes kvinnfolk. Etter alt eg har gjort for ho opp gjennom åra. Og det verste er ikkje eingong at ho er skap-lesbe. Det verste er at ho fantaserer om å ta livet av pasientane sine! Det var det ho sat og mumla om i søvne i går i bilen!»

«Vel, underbevisstheita er dårleg på halde ting hemmelege.» Fritz klappar han kameratsleg på skuldra. – «Kanskje du burde nemne det for advokaten òg.»

«Ja, for kven i alle dagar drøymer erotiske draumar om mord av pasientar?» Arve ristar blåsande på hovudet.

Inne sit Mona på heidersplassen ved det store matbordet og syng etter ABBA-låta «Happy New Year» saman med resten av bordet. Den gråhåra, utru megga syng høgast og falskast av dei alle.

Dei to mannfolka glor stygt på Mona ute frå verandaen. Hemngudinna Nemesis har no fått eit aldri so lite oppdrag. Ein skal aldri undervurdere vreiden til ein forsmådd ektefelle!

Kommenter innlegget