Det er måndag. Ute er det grått, kaldt og ufyseleg. Ein viss sjukeheim i Bergensområdet står der og ruvar i det bratte terrenget. Inne på HR-leiars kontor har Sandy og advokaten hennar Robert akkurat sett seg ved bordet. Leiaren for korttidsavdelinga er der òg. Både ho og HR-leiaren ser nærast gråteferdige ut der dei sit. Angeren er til å ta og føle på, og dei to veit at dei har dumma seg loddrett ut. Dei to vekslar blikk, og HR-leiar byrjar:
«Jaaaa, Sandy, då har vi gjort ei aldri so lita etterforsking rundt påstandane som Mona og Merete kom med mot deg.» Ho faldar hendene sine. Både ho og avdelingsleiaren har blanke auge. – «Påstandane var 100% oppdikta frå Mona og Merete si side. Det viser seg at du, Sandy, hadde heilt rett då du mistenkte ein agenda frå dei to si side. Vi har gjort undersøkingar fleire år bakover i tid, og dette er eit mønster som diverre har fått utvikle seg. Fleire andre tilsette har blitt usakleg oppsagt på grunn av dei to. Vi legg oss flate både eg og avdelingsleiar.»
«Er det sånn å forstå at arbeidsgjevar fråfell alle skuldingar om manglande tilpassing til arbeidet og manglande fagleg dyktigheit?» spør Robert.
«Absolutt alt,» seier HR-leiaren. – «Sandy er hjarteleg velkomen tilbake på avdelinga so fort ho frisknar til.»
«Kva vil skje med Mona og Merete?» spør Robert.
«Merete har vi kalla inn til drøftingsmøte i morgon,» seier HR-leiaren. – «Der vil ho få avskjed frå stillinga si som sjukepleiar på grunn av grovt pliktbrot.»
«Og Mona?» spør Robert.
«Ja, det var Mona…» seier HR-leiaren. – «Her har avdelingsleiar noko ho vil seie.»
Ho vender seg elegant mot den høge fyrstikkblondina med dei komisk dinglande gulløyreringane og den ganske so ukledelege, svarte dressjakka med gullknappar.
«Sandy, eg skal gje deg eit tilbod du ikkje kan avslå,» seier ho på sitt breie Jæren-mål. – «No når Merete si stilling blir fjerna, har vi midlar til å tilsetje nokon i ei nestleiarstilling. Frå og med måndag 15.januar blir den stillinga di, dersom du vil ha den. Du får leiartillegg og prøvetida di går naturlegvis over i fast stilling.»
Sandy og Robert ser storøygde på den hengslete blondina med dei komiske faktene og ansiktsuttrykka.
«Eg veit ikkje om eg har den formelle kompetansen vil å vere leiar,» seier Sandy.
«Åh, det hadde heller ikkje eg då eg vart leiar!» seier blondina med eit fjollete glis.
«Eg har strengt teke ikkje kompetanse til å drive ei HR-eining heller!» utbryt HR-leiaren og ler so det syng i veggane.
«Kan du berre gje nokon ei nestleiarstilling slik som dette?» spør Sandy ein tanke forvirra.
«Det kan eg gjennom styringsretten,» svarer leiaren. – «Eg vil at du skal vere mi høgre hand i avdelinga. Det jobbar mange tilsette på korttidsavdelinga, og eg har ikkje nubbesjangs til å ha oversikt. Difor har eg diverre stolt på overivrige tystarar og rævsleikjarar. Du må tru eg har gjennomskoda Mona, den falske megga!»
«Det var då litt av eit uttrykk å bruke…» Sandy lener seg forbløffa tilbake på stolen. Ho vender seg mot Robert. – «Høyrest dette greitt ut?»
«Fortel oss litt meir om denne nestleiarstillinga,» seier han. – «Det høyrest for godt ut til å vere sant.»
«Vel, vi har jo vårt stramme budsjett,» seier leiaren. – «Eit søksmål vil få katastrofale følgjer for sjukeheimen. Vi kan risikere å hamne under økonomisk administrasjon av Statsforvaltaren. Spesielt dersom alle dei elleve som har blitt usakleg oppsagt sidan 2016 finn ut av dette. Då risikerer vi massesøksmål, og det inneber kroken på døra for heile sjukeheimen. Då må adm.dir. ta den tunge vegen til skifteretten, og alle våre over 100 tilsette vil misse jobbane sine. Det vil vi unngå.»
«Hmm, eg ser den.» Robert sit der tankefull. – «Men, igjen over til Mona. Merete skal bli avskjediga. Kva skal skje med Mona?»
Avdelingsleiaren og HR-leiaren utvekslar blikk. So overtek HR-leiaren:
«Du, Sandy, nemnde overmedisinering og overdødelegheit på drøftingsmøtet vårt. Vi har undersøkt litt i narkotikarekneskapen. Eg har snakka med HR-leiaren for ein annan sjukeheim. Vår korttidsavdeling bruker elleve gonger so mykje morfin og tjue gonger so mykje Midazolam! Og overdødelegheita… Du må omtrent til sjukehus i Gaza for å finne høgare dødstal.» Ho ristar blåsande på hovudet. – «Vi mistenkjer at Mona og Merete bruker eutanasi for å fjerne pasientar som dei meiner ikkje lenger har eit liv som er verdt å leve. No er Mona åleine på avdelinga, utan sin «samarbeidspartnar». Då er ho langt meir sårbar. So vi held på Mona litt til, fram til vi har fått denne mordagendaen bekrefta. Nokon må… vel, spionere på ho for å finne ut kva slags medisinskfaglege grunngjevingar ho bruker for å pøse på med morfin der kanskje ein eittgrams-Paracet er nok. Alt vi har no, er berre indisium. Dersom ho til dømes gjev ein pasient morfin utan at behovet er der, snakkar vi overmedisinering. Og dersom pasienten deretter døyr, kan vi snakke om overlegg. Då kan vi ikkje berre få avskjediga og avskilta Mona og Merete, vi kan få dei dømt til lovas strengaste straff for mord.»
Sandy og Robert sit der med hakeslepp. Ute ruskar vinden i bygningen. Bølgjene er so frodande og aggressive at der kjem sjøsprøyt på vindauga.
«Skjøner de kva vi ønskjer å oppnå?» spør til slutt avdelingsleiaren.
«Eg trur eg gjer det,» svarer Sandy. – «De vil at eg skal vere informant og ta Mona på fersken, under påskot av å vere den nye nestleiaren. Kva får eg igjen for det?»
«Nestleiarstilling med leiartillegg,» svarer HR-leiaren med eit høfleg smil. – «Då har du fullt stillingsvern og meir til. Då kan ingen nokosinne fabrikkere påstandar om at du er fagleg udyktig eller viser manglande tilpassing til arbeidet. Og når du fyrst har teke steget over i leiarstilling, so vil det opne seg ei heilt ny verd for deg. Kanskje du ein dag blir avdelingsleiar. Og ein vakker dag seksjonsleiar.»
«Kva om Mona finn ut kva eg driv med?» spør Sandy.
«Åh, vi skal gå nøye igjennom den strategien du skal bruke overfor ho,» seier avdelingsleiaren. – «Alt frå korleis du skal ordleggje deg overfor ho, til korleis du skal føre skjult dobbeltkontroll av narkotikarekneskapen og om behovet for morfin og Midazolam faktisk er til stade hjå pasientane. Dette kan nok ta tid. Vi tek ein formidabel sjanse her. Men alternativet er å late Mona halde fram med denne…» Ho krympar seg lett. – «…utsilinga av dei eldre. Det har blitt spådd ei framtidig overbelastning av helsetenestene på grunn av eldrebølgja, men det er jo litt drastisk å ta livet av dei.»
Både ho og HR-leiar ler so det gjallar i veggane. Sandy og Robert sit der grav alvorlege.
«Og kva er alternativet?» spør Robert når latteren omsider stilnar.
«Sluttavtale,» svarer HR-leiaren. – «Då får du kanskje tre månader etterløn, utbetalt på éin gong slik at Staten stikk av med halvparten i skatt. Og forbod mot å søkje framtidige stillingar på denne sjukeheimen. Og absolutt forbod mot å noko sinne snakke med nokon om denne saka. Høyrest det greitt ut?»
«På ingen måte,» svarer Sandy kontant. Eg trur eg må konferere litt med Robert.
«Konferer i veg,» seier HR-leiaren, før ho nærast leikent vinkar med seg avdelingsleiaren ut av kontoret.
«Greitt,» byrjar Sandy so fort dei er åleine. – «Dette høyrest nesten for godt ut til å vere sant. Og eg må liksom vere spion for sjefen min for å felle ein farleg, psykopatisk massemordar? Kva ville du ha gjort?»
«Godteke sluttavtale. Der finst andre sjukeheimar.» Han ser alvorleg på ho. – «Det er mitt råd som din advokat.» Han trekkjer på skuldrene. – «Men du gjer som du vil.»
Under fem minutt seinare skriv Sandy under på sin nye arbeidsavtale som nestleiar, i tillegg til eit eige dokument der ho har absolutt forbod mot å snakke med nokon om innhaldet i dette «forsoningsmøtet».
Dersom fæle Mona hadde vore ein frosk, hadde ho no vore i ei gryte der vatnet blir stadig varmare, heilt til det byrjar å koke rundt ho. Og det, folkens, skal bli litt av eit syn!
