«The Great Taking» legg ut om den planlagde konfiskeringa av alt folk eig i den neste styrte finanskollapsen

Den tidlegare hedgefond-manageren David Webb gav nyleg ut ei bok og ein dokumentar som begge har namnet The Great Taking, som kan omsetjast til «den store fråtakinga». Boka/dokumentaren kastar nytt lys over kva som skjedde under Den store depresjonen tilbake på 1920/30-talet. Både boka og dokumentaren er gratis fordi Webb ønskjer at alle skal forstå kva som blir gjort. Som Matthew Smith skriv på Substack-en Doug Casey’s Take (mi omsetjing): «The Great Taking skildrar oppskrifta på å få systemet til å kollapse, undertrykkje folket og ta alt dei eig.»

Den norske siviløkonomen og forfattaren Hans Eirik Olav skriv om den same boka i artikkelen «Økonomi for Dummies – en planlagt kollaps?», publisert 20.desember 2023. Ein liten elite, som Olav kallar «bank-kabalen», var ikkje berre ansvarlege for krakket i 1029 og Den store depresjonen (1929-45) – dei har i det stille skrive om lovene i vestlege land «slik at dine og mine eiendomsrettigheter, for eksempel til boliger og verdipapirer, er redusert til en bruksrettighet, som […] ved en kollaps betyr at alle våre eiendeler blir tatt i fra oss». Dersom Webb har rett, tydar det at «våre folkevalgte og byråkratene i Finansdepartementet, Justisdepartementet m.fl. ikke bare [har] solgt ut deler av vår infrastruktur (ss. vannkraft/strøm med mer.). Da har de bokstavelig talt ‘solgt hele folket’; alt vi eier og har til en liten gruppe globalister som ønsker total kontroll over oss og livene våre, inklusive våre politikere. Da er vi alle treller, slik Klaus Schwab i WEF så elegant beskriver oss: Eierløse og lykkelige.»

For å parafrasere Matthew Smith, so er heile finanssystemet bevisst konstruert slik at det skal kollapse. Når ein tek opp lån i banken, lyt ein som regel stille noko som sikkerheit som banken kan ta dersom ein ikkje klarer å betale lånet seinare. På engelsk blir det ein stiller til sikkerheit kalla collateral. Sentralbanksystema har i det stille innført konfiskeringsplanar for slik collateral som set alle i risiko når ein finanskollaps skjer. Alt tydar på at ein slik kollaps er på veg. Webb ser føre seg korleis ein slik kollaps vil føre til at alt som folk har stilt som sikkerheit kan konfiskerast. Folk vil misse alt dei eig og har fordi dei sit i gjeld – òg det som ikkje på nokon måte er ein del av deira collateral.

Alle veit at dersom ein ikkje klarer å betale avdrag på ein bustad, so vil banken ta bustaden tilbake igjen – sjølve bustaden er her sikkerheit for lånet som i si tid vart innvilga. Men dersom denne kollapsen skjer, so vil ikkje berre banken ta huset ditt – den vil òg ta bilen din, bøkene dine, gitaren din, CD-spelaren, TV-en, PC-en, kleda dine og kanskje til og med briller, smykke, klokker og mobiltelefon. Du står ribba igjen, kanskje ikkje ein gong med ei skjorte på deg.

I meir enn tjue år har Webb studert finanssystem rundt om i verda og åtvara om den komande kollapsen, «Den store fråtakinga». Gjennom å analysere historiske hendingar slik som gull-konfiskeringa og bankstengingane som fann stad under Den store depresjonen, har han fått innsikt i den «speleboka» som mektige interesser innan bankverksemd nyttar seg av under finansmessig turbulente tider.

Essensen i denne store «fråtakinga» er at ingen lenger har eigedomsrett over eigendelane sine, dei har berre bruksrett. Innan bustadmarknaden skil ein mellom sjølveigar og andelseigar. I burettslag kjøper ein bruksretten til ei leilegheit, medan ein i eit sameige kjøper den fulle eigedomsretten.

Sjølve rota til dette alvorlege uføret meiner Webb kjem av at sentralbankar er kontrollert av private interesser. Den amerikanske sentralbanken – the Fed – har til dømes vore eigd av privatpersonar heilt sidan den vart oppretta i 1913. Året etter braut «tilfeldigvis» Fyrste verdskrig ut, og det er desse mektige interessene som har finansiert begge sider i alle krigar sidan den tid.

Lesaren blir oppfordra til å sjå eller lese Webb sin dokumentar, og trekkje sine eigne konklusjonar.

Kommenter innlegget