Ingen skal ete kjøt, for det er skadeleg for klimaet, blir det påstått frå den sjølverklærte globalist-eliten. I røynda bruker dei klimaendringshysteriet som eit verktøy for å kontrollere massane. Nyleg har «dr.» Tedros Adhanom Ghebreyesus, generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon (WHO) åtvara at det noverande matsystemet i verda skader menneske og sjølve planeten. Han snakkar her ikkje om at enkelte kjemiske tilsetjingsstoff i ultraprosessert mat skader helsa til folk, men at tradisjonelt landbruk bidreg til den påstått menneskeskapte klimaendringa. Det at folk et kjøt skal visstnok vere særs problematisk. Vegetarianarar og veganarar har i årevis hevda at kjøt er skadeleg for helsa, men det er berre i særs sjeldne tilfelle at det for enkeltpersonar kan vere farleg å ete kjøt.
Sjå òg «Alfa-gal-allergi: Alvorleg kjøtallergi spreier seg via flåttbit – kan den òg bli utløyst av matvarer og vaksinar?», publisert 11.september 2023.
Natural News skriv følgjande om WHO-leiaren sitt siste utspel (mi omsetjing):
«I ein videotale sa han: ‘Matsystema våre skader helsa til menneske og planeten. Matsystema bidreg til over 30% av drivhusgass-utslepp, og utgjer nesten ein tredjedel av den globale sjukdomsbøra. Å transformere matsystema er difor essensielt i å skifte over til denne sunnare, mangfaldige og meir plantebaserte diettar.’
Etter å ha påstått at åtte millionar menneskeliv kan reddast kvart år med sunnare diettar, gjekk han deretter over til å erklære at WHO har plikta seg til å støtte land i å innføre politikk som har som mål å forbetre dietten til folk og halde tilbake klimaendring. Meir enn 130 land har allereie skrive under på ein deklarasjon om dette, sa han.
Ei ernæringsside av FN med tittelen «For People, Planet and Prosperity: Nutrition at COP28» [«for menneske, planet og velstand: ernæring på COP28»], refererer til innføringa av eit nytt initiativ kjent som «Global Stocktake» [«global varegjennomgang»]. Dette er ein avtale om å gå vekk frå avhengigheit av fossilt drivstoff og gå over til ‘klimamotstandsdyktige matsystem’.
På det nylege COP28-toppmøtet offentleggjorde FNs Mat- og landsbruksorganisasjon (FAO [Food & Agriculture Organization] matretningslinjer for i-land som har som mål å redusere karbonutslepp, og bodskapen deira til rike nasjonar var å ete mindre kjøt.
‘Nasjonar med eit overforbruk av kjøt vil bli rådgjevne om å avgrense inntaket, medan utviklingsland – der underforbruk av kjøt bidreg til ei omfattande ernæringsutfordring – vil måtte forbetre sitt avlsjordbruk, ifølgje FAO,’ rapporterte Bloomberg om retningslinja.
Ein kan forvente at dei som er til stade på FN-klimatoppmøtet og pressar på for at rike nasjonar skal slutte å ete kjøt, vil gå føre med eit godt eksempel. Derimot, på menyen til COP28-toppmøtet var der ei rekkje mattilbod slik som ‘stykke av velsmakande kjøt’, ‘saftig storfekjøt’, wagyu-burgerar, afrikansk gate-grillmat og Philly-ostesteikar, blant andre kjøtbaserte rettar.
Representant Mike Flood (Republikanar, delstaten Nebraska) sa i ei melding: ‘Det at COP28 set kjøt på menyen provar berre at vi treng storfekjøt og alle typar kjøt til å mate verda. Og det er difor eg kjem til å halde fram med å kjempe mot FN og dei globale elitane som prøver å kvele kjøtproduksjon, som berre vil knuse mattryggleiken i verda og gjere slutt på ein urgammal levemåte for millionar av bønder og gardbrukarar rundt om i verda.’»
Ifølgje EAT-Lancet-kommisjonen, eit panel av landsbruks-, klima- og ernæringsekspertar, bør ikkje folk ete meir enn 15,7 kilo kjøt i året – gjennomsnittsamerikanaren et 127 kilo kjøt i året. Til samanlikning et den gjennomsnittlege innbyggjaren i Den demokratiske republikken Kongo berre tre kilo.
Natural News skriv avslutningsvis:
«Som del av kampanjen mot kjøt, har der vore eit særs kraftig press for at folk skal byrje å ete insekt og kunstig ‘kjøt’ sidan desse vala er meir ‘berekraftige’ og ikkje forbruker dei ressursane som tradisjonelt avl gjer. Ifølgje World Economic Forum er etande insekt i stand til å gje kvalitetsprotein, og er betre for miljøet.
Derimot gjenstår spørsmålet om alt dette eigentleg er naudsynt. Kritikarar peiker på at den amerikanske landsbruksindustrien berre utgjer rundt 1,4% av globale utslepp og berre 10% av drivhusgassutslepp, der Kina produserer meir drivhusgassar enn alle andre i-land i verda kombinert.»
