EU-nasjonar hiv millionar av covid-19-«vaksinar» fordi ingen vil ha dei

Dei «trygge og effektive» mRNA-injeksjonane som har kosta millionar av menneske livet på verdsbasis, blir no destruert i milliontal rundt om i heile EU. Ein rapport gjort av POLITICO har sett på data frå 19 EU-land, der 15 av dei kom med direkte tal medan dei resterande fire kom frå reportasjar i lokale media. Til saman mottok dei 19 nasjonane 1,5 milliardar dosar – meir enn tre dosar for kvar einaste person i Europa – sidan covid-19-injeksjonane fyrst vart godkjent i slutten av 2020. Dette rapporterer Natural News. Dei skriv (mi omsetjing):

«Rapporten fann ut at EU-landa har forkasta i gjennomsnitt 0,7 vaksinedosar for kvar medlem av befolkninga, noko som utgjer minst 215 millionar dosar til saman. POLITICO estimerer prisen på desse ubrukte og forkasta dosane til fire milliardar euro (4,4 milliardar dollar) [45 milliardar kroner; oms.an.]. Om denne gjennomsnittlege forkastingsraten blir overført til heile EU, kan det innebere at meir enn 312 millionar vaksinar har blitt øydelagt.

Estland tok fyrsteplassen, og forkasta meir enn éin dose per innbyggjar. Tyskland følgde på ein nær andreplass, og hadde det høgste råvolumet av forkasta dosar. Mengda forkasta vaksinar korresponderer generelt til storleiken på landa, der Tyskland utgjer 83 millionar forkasta dosar og Luxembourg forkasta litt under ein halv million.

Derimot antydar kjelder på innsida at det faktiske talet kan vere høgare, i og med at det tyske føderale helseministeriet (BMG) ikkje kom med ei omfattande reiegjering for andre kvartal av 2023. ‘Dermed kan eit totalt volum av forkasta covid-19-vaksinedosar erverva av Den tyske føderale republikken ikkje bli kvantifisert,’ skreiv BMG til POLITICO i ein e-post i juli [2023]. Ministeriet forklarte vidare at private helsetenester og delstatlege helsestyresmakter ikkje er plikta til å rapportere om vaksinesvinn.

POLITICO baserte firemilliardarsestimatet av dei 215 millionar forkasta vaksinane på vaksineprisane som er rapportert i media, sidan dei faktiske prisane ikkje har blitt offentleggjort. Studien brukte ein gjennomsnittspris på 19,39 euro (21,37 dollar) [218,49 kroner; oms.an.] for land som berre rapporterte det totale talet destruerte vaksinar, utan å presisere kva type vaksine det var.

Derimot har det vist seg utfordrande å avdekkje det nøyaktige talet forkasta vaksinar, sidan fleire statar/regjeringar har vegra seg for å avsløre det fulle omfanget av svinnet. Kort fortalt kan dette talet frå studien vere høgare enn dei estimerte resultata. […]

Tyskland har ein av dei høgaste vaksinasjonsratane i Europa, med 228,68 administrerte dosar per 100 personar. Men situasjonen har teke ei dramatisk vending sidan den tyske befolkninga si viljugheit til å bli injisert med covid-19-boosterane har falle betydeleg.»

Ein artikkel publisert av POLITICO i juni 2023 skreiv at Tyskland på den tida allereie hadde forkasta 83 millionar vaksinedosar til ein omtrentleg kostnad av 1,6 milliardar euro, og at 120 millionar fleire dosar låg ubrukte på lager. Dei ubrukte dosane kom sannsynlegvis til å kastast.

Kommenter innlegget