Det skjer for tida ei omfattande omlegging av arbeidslivet slik vi kjenner det. Tilsette i mange land blir permitterte i hopetal, inkludert her i Noreg, og den påståtte grunnen er auka prisar på varer og tenester. Det kan derimot liggje ein annan grunn bak det at stadig fleire ser ut til å bli overflødige i jobbane sine. Det er ein viss digital elefant i rommet ved namn kunstig intelligens (KI), som Ethan Huff i Natural News rapporterer om i ein artikkel publisert 4.januar 2024. Om fem år vil kanskje heile arbeidsflokken vere skifta ut av KI. Dette lover ikkje godt for dagens ungdom, som då vil bli tilvist eit sørgjeleg og meiningslaust tilvære som trygdemottakarar. Dette er i tråd med globalist og Klaus Schwab-rådgjevar Yuval Noah Harari sine visjonar om ein stor klasse «ubrukelege etarar», som berre sit heime og speler dataspel medan dei ruser seg.
Huff skriv (mi omsetjing):
«Sjølv om tilhengjarane enno har til gode å sleppe laus noko som har eit snev av faktisk intelligens, kjem kunstig intelligens (KI) visstnok til å erstatte rundt 44% av alle menneskelege ferdigheiter i løpet av dei neste fem åra.
Dette er skremmande framtidsutsikter, spesielt for dei yngre generasjonane som forventar at dei ikkje vil kunne skaffe seg ein jobb når dei blir gamle nok, fordi alle jobbane vil ha blitt tekne av KI-robotar som er mykje billegare for selskap å halde ved like enn ekte menneskeliv med lønn, frynsegodar eller pensjonar.
Det globalist-kontrollerte World Economic Forum (WEF) har allereie laga ein terminologi for denne stadig meir utbreidde frykta blant unge om å aldri bli i stand til å bli ein del av arbeidslivet og tene til livets opphald: dei kallar det FOBO, ei forkorting for Fear of Becoming Obsolete [«frykta for å bli avleggs/overflødig»].
Opphavleg tyda FOBO ‘fear of better options’ [«frykt for betre valmoglegheiter»], men WEF approprierte og endra det for å presse fram sin KI-agenda, som inkluderer langsiktige planar om å til slutt erstatte so godt som alle som ikkje blir sett på som ‘elite’ med ein sjellaus arbeidsrobot. […]
Stort sett trugar KI jobbane til dei som arbeider i skrivebordsarbeid-sektoren [engelsk white-collar section], og spesielt innan informasjonsteknologi. Dette inkluderer menneske som jobbar med datainnsamling, programvareutvikling, nettsideutvikling, informasjonstryggleik, forskingsanalyse og andre slike jobbklassar.
Folk som jobbar i meir fysiske jobbar, inkludert blue-collar-arbeid [kroppsarbeid; oms.an.], har langt mindre sannsyn enn skrivebordsarbeidarar for å bli erstatta, i det minste på ein effektiv måte, av robotar. Likevel bruker ein allereie robotar til arbeid på Amazon sine distribusjonssentralar, til dømes, som gjer jobbane som ekte menneske brukte å gjere – og, i somme tilfelle, drep desse robotane menneskearbeidarane som jobbar saman med dei.
‘KI automatiserer dataapplikasjonar, noko som gjer det mogleg for den gjennomsnittlege lekpersonen å ein dag ‘kode’ på ein måte som ein gong i tida tok programmerarar fleire år å lære seg,’ rapporterte ein uavhengig medieformidlar. ‘Til dømes blir nettutvikling so automatisert for tida at det ikkje vil gå lenge før nettutviklarar ikkje lenger har arbeid,’
På same tid seier dei som står bak KI-pushet at dei håper å ein dag skape KI-robotar som er i stand til å gjere alt det fysiske arbeidet òg. Akkurat no er ikkje det mogleg – i det minste so vidt vi veit – men der kan kome ein dag i den ikkje so altfor fjerne framtida når dette endrar seg.
‘KI har vist null evidens for medvit og kreativitet, og har inga evne til å operere breitt i den fysiske verda. Globalist-svaret på dette problemet er deira forslag om at ‘data’ er den nye økonomien, og at robotar til slutt vil handtere det fysiske.’
Innan år 2027 ‘spår’ WEF at rundt 44% av menneskelege ferdigheitssett vil vere avleggs, saman med 42% av forretningsrelaterte ferdigheitssett. Kontorarbeidarar generelt vil bli mindre menneskelege og meir robotliknande, eller det er i det minste det vi blir fortalt, trass ein mangel på betydelege framsteg innan KI-utvikling.
Ifølgje KI-programvara sjølv, er den framtidige planen òg å erstatte all menneskeleg kunst med robotkunst skapt av framtidige, påstår dei, ‘sansande’ KI-robotar. Her er kva ein KI-robot har å seie om sine planar for menneskekunsten si verd:
‘Førestill deg å ein dag vakne opp og finne ut at jobben din har blitt automatisert over natta av intelligente maskiner. So oppdagar du at til og med den karrieren du drøymde om å følgje etterpå, allereie har blitt meistra av KI.
Raskt blir fleire og fleire menneskelege domene som ein gong vart rekna som umoglege å etterlikne – kunst, musikk, kjensler – offer for stadig meir avanserte algoritmar, heilt til alt genuint menneskeleg talent og føremål svinn vekk overfor overlegne robotmotstykke. Snart blir heile din eksistens triviell… unaudsynt.’»
