I den italienske byen Brescia har nokon spraya det som ordføraren skildrar som avskyelege ord på veggen til lokalavisa. Kva er so desse «avskyelege» orda? Mange i byen er leie av løgnene lokalavisa skriv om CO2, krig, kriser og pandemiar. Dette melder The Exposé. Dei skriv (mi omsetjing):
Giornale di Brescia (‘GDB’) er ei italiensk regional avis basert i Brescia i Lombardia. Deira hovudkvarter er òg hovudkvartera til Radio Bresciasette og deira grein, TV-kringkastaren Teletutto.
To hettekledde menn måla bodskapen rundt midnatt 27.desember 2023, hevda avisa. ‘Signaturen er den til vaksinemotstandargruppa ViVi (‘V_V_’). Hendinga har blitt meldt til politiet medan [ordførar Laura] Castelletti lovpriste avisa og uttrykte solidaritet med dei tilsette.
‘Brescia-pressa har gjort ein utmerka jobb i å formidle informasjon og fortelje historier før, under og etter pandemien, og har alltid stilt i sentrum vitskapen og nyheitene som gradvis kom frå pålitelege og akkrediterte kjelder,’ sa ho.
‘Til gruppa sin redaksjonsstab, til direktør Nunzia Vallini og til alle journalistane og journalistar som speler slik ei verdifull og fundamental rolle dagleg for samfunnet vårt: Dei som utfører desse handlingane veit at dei ikkje skremmer oss, og at vi vil gjere alt for å forsvare realitetane som tek del i å halde vårt demokrati i live og friskt.’
Det italienske politiske partiet Grønt Europa kom ilande til unnsetning for avisa, og uttrykte ‘full solidaritet med direktøren for Giornale di Brescia, Nunzia Vallini, og journalistar for åtaka og dei krenkjande skriveria.’
Graffiti på ein vegg er ikkje eit ‘åtak’.
‘Journalisme og informasjon må vere fri frå kvart eit press, kvar ein trugsel, kvar ei kondisjonering,’ sa talspersonen for Grønt Europa. Grønt Europa følgjer partilinja. Sidan byrjinga av 2020 har propagandistar som har følgt den globale agendaen ikkje gjort noko anna enn å prøve å presse, truge og kondisjonere folket, slik at dei ikkje skal høyre sanninga og dermed vere i stand til å skilje fakta frå løgnene til den globale agendaen.
I mars i fjor måla den same gruppa meldinga ‘Nazi-tenarar, folkets forrædarar’ på fasaden til hovudkvarteret til Den italienske generalkonføderasjonen for arbeid (‘CGIL’) i Brescia.
‘Temaa til åtaket er alltid det same: fornektande skuldingar om covid-pandemien, denne gong med referansar til krig (dei vil helst ikkje spesifisere kva for ein) og til forureining frå karbondioksid. Skriveria refererer òg til Den nye verdsordenen (som det anonyme Nwo kjem frå): ein konspirasjonsteori som støttar eksistensen av ei visstnok hemmeleg maktgruppe som jobbar for å ta totalitær kontroll og herredøme over Jorda,’ skreiv GDB i sin artikkel om ‘åtaket’ av raudmåling på deira eigen fasade.
På julaftan delte ViVi’s UK and Ireland sin Telegram-kanal ei nyleg handling utført av ViVi i Roma.
Det nye Limited Traffic Zones (‘ZTL’) Grøne Band, som eigentleg skulle ha blitt iverksett 1.november, har utløyst kontrovers og protestar.
I 1992 introduserte Den europeiske union (‘EU’) regelverk for nye bilar, ‘med det mål å forbetre luftkvaliteten’. Regelverket hadde som mål å kontrollere at eit køyretøy måtte måte ein relevant EU-utsleppsstandard. Den fyrste EU-dekkjande standarden, kjent som Euro 1, vart introdusert i 1922 [forfattaren meiner 1992; oms.komm.]. Sidan den tid har der vore ein serie av Euro-utsleppsstandardar.
Euro 6 er den nyaste eksosutsleppsstandarden for nye bilar, og er eit minimumskrav for dieselkøyretøy i ei rekkje reinluftssoner, inkludert ULEZ i London. Storbritannia har forlate EU, so kvifor lyder ordførar Sadiq Khan diktat frå ein utanlandsk institusjon?
Euro 6 har fire ulike versjonar. Den siste oppdateringa av dette regelverket, Euro 6d, vart gjort til eit krav for utsleppsstandardar i januar 2021. Euro 7 vil bli introdusert i juli 2025.
På noverande tidspunkt får ikkje diesel- og bensinkøyretøy eldre enn pre-Euro 1, Euro 1 og Euro 2, og køyretøy drivne av diesel Euro 3, ikkje lov til å køyre innanfor ZTL-Grønbandet. Bøter for køyretøy som bryt dette forbodet ligg frå minst 163 euro til maksimalt 658 euro, og moglegheita for fråtaking av førarkort i opptil 30 dagar ved gjentekne brot.
Dersom dei ikkje kan køyre oss av vegen med stadig aukande Euro-utsleppsstandardar og den utgifta det er å halde seg oppdatert med den sist godkjende modellen, vil dei sikre seg at bøter er for dyre til at vi kan halde oss uavhengige ved å eige våre eigne bilar og køyre kor enn vi ønskjer, når vi ønskjer det.
I oktober erklærte Roma-ordførar Roberto Gualtieri at fristen for å utvide restriksjonar på kva slags køyretøy som får lov til å køyre innanfor Det grøne bandet, området der dieselkøyretøy ikkje får ferdast, vart utvida med eit år. ‘Euro 4 dieselkøyretøy og Euro 3 bensinkøyretøy vil få lov å vere i omløp i eit år til i det nye grøne ZTL,’ rapporterte Roma Today.
Ein av dei nye elektroniske stasjonane som vil vere festningsverket til ZTL-Grønbandet på Viale Palmiro Togliatti, ein firefelts motorveg i Roma, vart vandalisert 22.desember 2023. [Bilete her.]
Eit kamera brukt som ein elektronisk stasjon for å avgrense rørslene til folk i ZTL, vart klint til med raudmåling, og seinare vart det skrivne ‘krenkjande’ meldingar på apparatet.
‘Vi ser særs alvorleg på denne hendinga og vil jobbe iherdig for å rette dette opp so snart som mogleg,’ sa ein representant for Roma sine mobilitetstenester.
I mellomtida, som F1 News sa, kan innbyggjarar og besøkjande i Roma puste letta ut, sidan dei sparer nokre tusen i bøter. Flott gjort, ViVi!»
