Biolog åtvarar at WHO planlegg å ta kontroll over nasjonane for den neste pandemien – og bekreftar at covid-«vaksinane» har drepe 17 MILLIONAR

InfoWars, nettstaden til Alex Jones, skreiv 6.januar 2024 om biolog Bret Weinstein, som åtvarar at Verdas helseorganisasjon (WHO) førebur «problematiske» nye helsekrisetiltak som kan utslette nasjonal suverenitet og ytringsfridom slik vi kjenner dei. Dei skriv (mi omsetjing):

«I ein episode av The Tucker Carlson Encounter fredag [5.januar 2024], forklarte Weinstein korleis WHO vart teken på senga av ei ‘lita gruppe dissidentar’ som var i stand til å ‘bøye narrativet’ rundt covid-19-pandemien og vaksinar, og dei [WHO] driv no og lagar utkast til ‘modifikasjonar til planane om pandemiberedskap’ som respons for å unngå liknande motbør når ein annan pandemi dukkar opp.

‘Det faktum at dette vesle talet dissidentar var i stand til å bøye narrativet og var i stand til å gjere folk merksame på det massive nivået av skade og [manglande] effektivitet av sprøytene var, på enkelte måtar, det mest overraskande elementet i den historia,’ fastslo Weinstein.

‘Og eg meiner at det verkeleg overraska Pharma og deira partnarar innan sosiale media og stat – og statsstyrte organisasjonar – eg meiner dei trudde at dei eig nok av media til at dei kan selje oss kva enn slags narrativt dei ønskjer. Og eg meiner at overraskande som det er, so forstod dei eigentleg ikkje at podcastar kan vere ei mogleg motkraft av betydning,’ sa han, og la til at WHO ‘er ute etter ein omkamp’ mot menneskeheita.

‘Det eg trur går føre seg, er at Verdas helseorganisasjon no reviderer strukturane som lét dissidentar snu narrativet. Og dei er ute etter ein omkamp, meiner eg.’

‘Det dei vil ha er tiltak som ville ha late dei stilne podcastarane ved å påby ting internasjonalt på ein måte som ville ha hindra framkomsten av ei kontrollgruppe som ville ha late oss sjå skadane tydeleg,’ la han til, og sa at evna deira til å fullstendig gjere slutt på First Amendment [som mellom anna regulerer ytringsfridom; oms.an.] i USA er ‘no under diskusjon på internasjonalt nivå’.

Weinstein forklarte òg korleis statane sine covid-folkehelsekrise-tiltak var den einaste måten for Big Pharma å pushe sine utrygge mRNA-teknologi-injeksjonar, som vart selde som ‘vaksinar’ til folket

‘Fordi dei kalla det ein vaksine, var folk langt meir viljuge til å akseptere den,’ sa han.

‘Det eg har kome fram til å forstå er noko eg kallar pharma sitt spel. Dersom du tenkjer over kva pharma er, har vi tendens til å førestille oss at det er ein industri som jobbar iherdig for å finne legemiddel som vil gjere oss friskare. Det er ikkje kva det er. Faktisk er pharma friskt når folk er sjuke.’

‘… so godt som kvar einaste dag i året er pharma engasjert i å framstille det dei eig som meir nyttig enn det er, tryggare enn det er, og overtale det medisinske etablissementet, tidsskrifta, samfunna, sjukehusa og staten til å dirigere folk i retning av legemiddel som dei elles ikkje ville ha teke,’ heldt han fram. ‘So det er kva opplegget deira er.’

Weinstein siterte òg bomba av ein vitskapleg rapport som InfoWars dekte i september, som viste eit ‘truverdig estimat’ på rundt 17 millionar dødsfall globalt som eit resultat av covid-mRNA-sprøytene.

(Sjå òg «Studie viser at covid-19-injeksjonar so langt har forårsaka heile 17 MILLIONAR dødsfall!», publisert 13.desember 2023.)

‘So eg er ikkje eit mattegeni, men éi av 800 sprøyter gonger milliardar er mange menneske… 17 millionar dødsfall av covid-vaksinen? Berre for å setje det i perspektiv. Eg meiner, det er som dødstalet til ein global krig,’ sa [Tucker] Carlson.

‘Ja, absolutt. Det er ei stor tragedie i historia. So den proporsjonen. Og utruleg nok er det på ingen måte over,’ sa Weinstein.

‘Eg meiner, vi tilrår openbert framleis desse greiene for friske barn. [Dei] Hadde aldri ein sjanse til å dra nytte av den. Kvar risiko for å lide skadar som ikkje berre er alvorlege, men tragiske, på det grunnlag at barn har lange liv framfor seg.’»

Heile intervjuet kan sjåast her.

Kommenter innlegget