Thomas Hicks skriv i ein artikkel publisert på nettstaden Muckraker («møkkrakar»; eigentleg eit nedsetjande ord brukt om gravejournalistar som gjerne er ute etter skandaløse historier) om den berykta Club of Rome, som oppstod i nettopp Roma i 1968 for å diskutere «dei noverande og framtidige dilemmaa til menneskeheita». Club of Rome gjev seg ut for å vere ein uformell organisasjon av intellektuelle og businessleiarar som har som mål å «kritisk diskutere presserande globale problem». Deira mest kjende verk er rapporten The Limits to Growth som kom ut i 1972. Der åtvara dei om at dei dåverande trendane befolkningsvekst og økonomisk ekspansjon ikkje var berekraftig, og ville til sjuande og sist resultere i kollaps av samfunnet med mindre ein iverksette tiltak for å avgrense befolkningsveksten og den økonomiske ekspansjonen.
Hicks skriv (mi omsetjing):
«Rapporten argumentere at verdas befolkning, om den fekk helde fram med å vekse ukontrollert, til slutt ville kollapse på grunn av ein kombinasjon av land- og matmangel, utarma naturressursar og forureining. Rapporten føreslo at for å hindre ein uunngåeleg og ukontrollert befolkningskollaps, burde menneskeheita raskt arbeide mot å oppnå ein ‘tilstand av likevekt’. Denne ‘likevektstilstanden’ ville vere punktet er fødselsraten er lik dødsraten og kapitalinvesteringsraten er lik den tilsvarande raten av avskrivinga av kapital.
Rapporten skriv at:
‘Ein likevektstilstand ville ikkje vere fri for pressformer, sidan ingen samfunn kan vere fri for pressformer. Likevekt vil krevje å gje vekk visse menneskefridommar, slik som å produsere uavgrensa tal barn eller forbruke ukontrollerte mengder av ressursar.’
Det er tydeleg at føremålet til rapporten ikkje var å rett og slett åtvare om potensiell elende dersom eksisterande trendar heldt fram ukontrollert, men òg å pushe ein befolkingskontroll-agenda. Rapporten skriv at
‘å bevisst avgrense vekst vil vere vanskeleg, men ikkje umogleg. Måten å gå fram på er tydeleg, og dei naudsynte stega, sjølv om dei er nye for menneskesamfunnet, ligg godt innanfor menneskelege evner.’
Ein av medforfattarane av The Limits to Growth-rapporten var Dennis Meadows. I eit intervju publisert i 2016 av We Love Earth, sa Dennis
‘Planeten kan støtte noko sånt som ein milliard menneske. Kanskje to milliardar, avhengig av kor mykje fridom og kor mykje materielt forbruk de ønskjer. Dersom de ønskjer meir fridom og meir forbruk, må de ha færre menneske. Og motsett kan de ha meir, eg meiner vi kan til og med ha 8 eller 9 milliardar, truleg, dersom vi har eit særs sterkt diktatur… Men vi ønskjer å ha fridom… so vi kjem til å ha ein milliard menneske. Og vi er no 7, so vi må tilbake der nede. Eg håper at dette kan skje sakte, relativt sakte, og at det kan bli gjort på ein måte som er relativt likeverdig, slik at folk deler erfaringa og vi ikkje får nokre få rike som prøver å tvinge alle andre til å handtere det… Desse er temmeleg pessimistiske forhåpningar, men det er det som ligg føre oss.’
I dag driv FN og pushar ein agenda som ville ha blitt applaudert av forfattarane av The Limits to Growth. I 2015 innførde FNs generalforsamling 2030 Agenda for Sustainable Development [2030-agendaen for berekraftig utvikling]. Agendaen gjev ein ‘blåkopi for fred og velstand for menneske og planeten, no og inn i framtida’. Agenda 2030 skisserer ein blåkopi for verdssosialisme, og fastslår at ‘vi byrjar ei kollektiv reise’ for å byggje ‘ei verd fri for fattigdom, svolt, sjukdom og mangel’.
I hjartet av Agenda 2030 ligg dei 17 måla for berekraftig utvikling [engelsk 17 sustainable development goals; forkorta SDG]. Desse SDG-ane, dersom dei blir implementert vellykka, kan berre resultere i avfolking av menneskeheita. Måla inkluderer: redusere forbruk, avgrense og til slutt gjere slutt på bruken av fossilt drivstoff (livsblodet til dagens menneskelege sivilisasjon), fremje LGBTI som seksuelle orienteringstypar (desse menneska vil mest sannsynleg ikkje ville eller kunne få eigne barn, ei implisitt form for fødselskontroll), og etablere ein verdssosialiststat (sosialisme har drepe fleire menneske dei siste 100 åra enn alle dei store krigane i same tidsrom). FN og assosierte organisasjonar gjev full gass i si implementering av denne agendaen.
Mektige einingar jobbar døgnet rundt for å fjerne fleirtalet av verdas befolkning. Bill Gates finansierer teknologi for å stengje ute sola, World Economic Forum oppmuntrar folk til å ete insekt i staden for kjøt, og trass det faktum at covid-19-nedstengingar drap millionar av menneske rundt om på kloden, ser innføringa av klimanedstengingar ut til å liggje i horisonten.
Dersom åtvaringa til Dennis Meadows er korrekt, so vil du statistisk sett mest sannsynleg bli eit offer for avfolking. Tida er no inne til å fredeleg og kraftfullt opponere mot denne agendaen før det er for seint.»
Intervjuet med Dennis Meadows kan sjåast her.
