California skal tilby gratis kjønnsskifteoperasjonar til ulovlege innvandrarar

Russia Today (rt.com) melder at den amerikanske delstaten California no skal tilby kjønnsskifteoperasjonar til ulovlege innvandrarar, takka vere lovverk nyleg godkjent av guvernør Gavin Newsom. Prosjektet i det offentlege helsesystemet er venta å koste skattebetalarane oppunder tre milliardar dollar, eller nesten 31 milliardar norske kroner. Dette vil omfatte 700 000 «nye landsmenn» i delstaten.

RT skriv (mi omsetjing):

«California vart den fyrste delstaten i USA til å tilby helseforsikring til alle vaksne uavhengig av immigrasjonsstatus 1.januar, då lovverk underskrive av Newsom sist sommar byrja å gjelde. Rundt rekna 700 000 ulovlege innvandrarar vil no få helsetenester dekt av delstaten sitt skattebetalarfinansierte Medi-Cal forsikringssystem, ifølgje ei pressemelding frå statssenator Maria Elena Durazo i mai.

Blant prosedyrane som blir dekt av Medi-Cal er hormonterapi og kjønnsskiftekirurgi, ifølgje ein rapport denne veka [veke 1; oms.an.] frå The Daily Caller, ein konservativ nyheitsformidlar.

‘Kjønnsbekreftande omsorg er eit dekt Medi-Cal-gode når det er medisinsk naudsynt,’ fastslår ein delstatsmemo sitert av nyheitsformidlaren frå 2022. ‘Søknader om kjønnsbekreftande omsorg burde kome frå spesialistar som har erfaring i å tilby kulturelt kompetent omsorg til transpersonar og kjønnsmangfaldige individ og burde bruke nasjonalt anerkjende retningslinjer.’

Ifølgje Transgender Law Center, burde Medi-Cal dekkje ‘hormonbehandling, kjønnsskiftekirurgi og andre naudsynte prosedyrar’.

Newsom si utviding av Medi-Cal-programmet vil koste kaliforniske skattebetalarar estimerte 3,1 milliardar dollar, ifølgje ein rapport frå Associated Press frå i fjor. Republikanske lovgjevarar kritiserte, sjølv før den kom, at utvidinga ville dekkje kjønnsskiftekirurgi, men kritikken deira har den siste tida blitt latterleggjort.

‘California betaler no for at ulovlege innvandrarar skal skifte kjønn,’ skreiv Colorado-representant Lauren Boebert på X (tidlegare Twitter) på fredag [5.januar 2024]. ‘Der er ingen sluttpoeng i denne tweeten. California er sluttpoenget.’

Newsom har forsvart avgjerda om å leggje 700 000 fleire pasientar til programmet. ‘I California trur vi at alle fortener tilgang til kvalitet, rimeleg helseomsorgsdekning – uavhengig av inntekt eller immigrasjonsstatus,’ sa kontoret hans til ABC News. ‘Gjennom denne utvidinga sikrar vi oss at familiar og samfunn i heile California blir friskare, sterkare og i stand til å få den omsorga dei treng når dei treng den.’

Rundt 300 000 ulovlege innvandrarar vart tekne i å ta seg inn i USA frå Mexico i desember 2023, det høgste registrerte talet på éin månad. Under president Joe Biden sin kontroversielle Catch and Release-politikk [«fang og slepp laus»], blir nesten alle desse migrantane sleppt inn i USA med ordre om å møte opp på rettshøyringar på ein seinare dato. Med eit etterslep på meir enn to millionar saker, er den gjennomsnittlege ventetida på slik ei høyring på 762 dagar per januar.»

Kommenter innlegget