Etterretningsoffiser Helge «Lur-oss» Lurås skriv 9.januar 2024 at nettavisa hans iNyheter har blitt utsett for eit sokalla DDOS-åtak. Nettavisa var som eit resultat utilgjengeleg i tidsrommet 13:00 til 14:20 same dag. Som han sjølv skriv:
«Det er et pågående DDOS-angrep (Distributed Denial of Service-angrep) som har tatt ned siden. […]
DDOS-angrep er en type cyberangrep som har som mål å gjøre en datamaskin, tjeneste eller nettverk utilgjengelig for brukere ved å overvelde det med en stor mengde unormal trafikk. Angrepet oppstår vanligvis ved å koordinere en rekke datamaskiner eller enheter spredt over internett for å sende samtidige forespørsler til målets servere eller ressurser.
Hovedmålet med et DDOS-angrep er å overbelaste målets systemressurser, for eksempel båndbredde, serverkapasitet eller databaselagring, slik at det ikke lenger kan svare på ekte brukeres forespørsler.»
I august 2023 møtte iNyheter liknande tekniske utfordringar. Dei var ikkje i stand til å publisere artiklar mellom torsdag 10. og måndag 14.august. Grunnen til det skal ifølgje offiser Lurås ha vore at nettstaden vart «kasta ut» av publiseringsløysinga deira etter at eit reinseprogram var køyrt. Han hadde dette å melde om hendinga:
«Problemet oppstod da vi ble ‘kastet ut’ av publiseringsløsningen vår etter at et renseprogram var kjørt. Vi opplevde problemer med nettsiden og det var i forsøket på å løse ett problem at et mye alvorligere problem oppstod.»
For å unngå liknande problem i framtida byrja dei å køyre «to helt separate servere parallelt», sjølv om dette førde med seg ekstra kostnader for nettavisa.
Sjå òg «iNyheter hadde nedetid på grunn av tekniske problem», publisert 15.august 2023.
Vel to månader tidlegare vart den pensjonerte psykologen Knut Lindtner si nettavis Derimot òg utsett for eit DDOS-åtak. Dette resulterte i lang nedlastingstid for artiklane på nettstaden. Redaksjonen publiserte 6.juni 2023 ein artikkel med tittelen «Vi blir forsøkt stilnet: Noen oversvømmer Derimot.no sin server i et DDOS-angrep». Kommentarfeltet på Derimot vart i tillegg fylt opp av spam. Redaksjonen meinte at åtaket kom fordi nokon ikkje likar ytringsfridom. Problemet løyste seg etter nokre dagar.
Sjå òg «Derimot har blitt utsett for DDoS-åtak!», publisert 8.juni 2023.
DDOS-åtak skjer òg med utanlandske nettsider. I august 2017 vart sjølvaste Natural News offer for eit DDOS-åtak, som eigar og grunnleggjar Mike Adams skreiv om i denne artikkelen. Åtaket var massivt, velfinansiert og kom frå fleire land samstundes. Det skal ifølgje Adams ha blitt gjort for å stilne debatt rundt vaksinar – og dette var lenge før covid-æraen.
