Journalist James O’Keefe, tidlegare leiar av Project Veritas, publiserte nyleg ein video-eksposé der han avslører ein fasilitet i delstaten Arizona som fraktar ulovlege innvandrarar til Phoenix lufthamn, der dei so blir sendt til ymse byar rundt om i nasjonen – dette blir finansiert av amerikanske skattepengar. Dette melder Natural News. Dei skriv (mi omsetjing):
«I videomateriale publisert på X, besøker O’Keefe staden, ein tidlegare skulebygning som har blitt bygt om til ein migrantleir, der arbeidarar behandlar han med stor mistanke og hemmeleghald, og slår dører igjen framfor trynet på han når han prøver å rapportere korleis bussar går frå fasiliteten nøyaktig kvar time, i retning flyplassen. Ein mann som nektar å fortelje namnet sitt, men som vart seinare identifisert som Jesus Moreno, bed han [O’Keefe] gjentekne gonger om å forlate staden, og tilbyr han til og med på eit punkt å gje han pengar for å dra sin veg.
Ein annan mann som arbeider ved fasiliteten, Tomas Robles, kalla O’Keefe ein ‘innanlandsterrorist’ og meldte han til sheriffkontoret.
Under besøket til O’Keefe fortalde ein Raudekross-arbeidar [Røde Kors på bokmål] på staden at han ikkje kan snakke med pressa, men innrømte at leiren var leia av International Rescue Committee (IRC).
IRC er ein globalistisk ikkje-statleg organisasjon (NGO [non-governmental organization]) leia av tidlegare utanriksminister i Storbritannia David Miliband. Dei opererer med eit digert budsjett; i 2021 var det på meir enn éin milliard dollar [over ti milliardar kroner]. Det året viser rekneskapen at dei mottok meir enn 400 millionar dollar i amerikanske skattepengar via statlege legat, inkludert 178 millionar dollar frå Bureau of Population, Refugees and Migration [«Byrå for befolkning, flyktningar og innvandring»]; 123 millionar frå Department of Health and Human Services [det amerikanske helse- og omsorgsdepartementet]; og 114 millionar frå Bureau of Humanitarian Assistance.
Dei fekk òg midlar frå den private sektoren, katolske veldedigheiter og til og med Den europeiske union.
Det hemmelege nettverket av nonprofits og NGO-ar som hjelper ulovlege innvandrarar å ta seg inn i landet, gjer det berre endå meir komplisert å avgjere nøyaktig kor mykje grensekrisa i landet faktisk kostar skattebetalarar.
I mai [2023] utførde House Committe on Oversight and Accountability [«Husets komité for oppsyn og ansvarleggjering»] ei undersøking av Federal Emergency Management Agency [«føderalt byrå for naudhandtering»] sitt Emergency Food and Shelter Program [«naudmat- og -ly-program»; forkorta EFSP], som følgje av rapportar om at dei gav skattebetalarmidlar til NGO-ar som legg til rette for ulovleg innvandring.
Ei pressemelding som erklærte undersøkinga sa: ‘Basert på nyleg rapportering, blir EFSP-midlar kanskje brukt av visse NGO-ar til å balansere utgifter som oppstår i utlandet i forsøk på å forenkle og leggje til rette for ulovleg innvandring til USA. Dersom det er sant, er dette eit grovt misbruk av føderale skattebetalar-dollar.’
Den forklarte òg korleis den amerikanske Raudekrossen har bidrege til ulovleg innvandring i staden for å avgrense den, gjennom å gjere reisene til innvandrarane til den sørlege grensa av USA lettare. […]
Andre NGO-ar har òg blitt impliserte i å støtte ulovleg innvandring til USA. Til dømes har Legar utan grenser delt ut kart og oversiktskart til karavanar med innvandrarar som er undervegs frå Sør- og Sentral-Amerika til den meksikanske grensa mot USA.
I mellomtida gjev FNs Internasjonale organisasjon for migrasjon dei lister over dei ymse kommisjonane og konsulata i heile Mexico som kan hjelpe dei undervegs i reisa. Kart delt ut av Raudekrossen gjev ulovlege innvandrarar råd om korleis dei kan ta seg gjennom massemigrasjonsrutene, inkludert tips om korleis dei trygt kan reise med godstog.
Mange av desse NGO-ane mottek skattepengar, noko som tydar at amerikanarane er dei som i grunnen betaler for denne tilstrøyminga av ulovlege innvandrarar som tydelegvis ikkje bryr seg om å følgje lover og reglar, og som nesten sikkert vil ende opp med å stemme på Demokratane.
I videoen til O’Keefe spurde han ein ulovleg innvandrar ved namn Felipe om han har planar om å stemme under presidentval i USA, og kven som skal få stemma hans.
‘Biden,’ svarte Felipe. ‘fordi han har gjeve oss ei moglegheit.’»
