Forfattaren Michael Snyder skriv i bloggen sin The Economic Collapse Blog om det mange bør frykte i våre dagar: Automatisering av jobbar med den konsekvens at folk blir oppsagt fordi det ikkje lenger er bruk for dei. Han stiller med rette spørsmålet kva som vil skje med samfunnet vårt når kunstig intelligens (KI) og robotar tek mesteparten av jobbane frå folk. Tidlegare snakka ein om at innvandrarar tok jobbar frå folk som det visstnok var under dei innfødde si verdigheit å ha, til dømes innan helsesektoren, drosjenæringa og reinhald. No er stoda ein heilt annan. No kjem ikkje trugselen om arbeidsløyse frå andre nasjonar – no er det ikkje-menneskelege aktørar ein må konkurrere mot.
Snyder skriv innleiingsvis (mi omsetjing):
«Dersom du enno ikkje har mist jobben din, burde du vere særs takksam. Kunstig intelligens og robotar tek stadig fleire av jobbane våre for kvar dag som går, og der vil ikkje vere nokon ende på denne høgteknologi-invasjonen. Til slutt kan vi kome til eit punkt der KI og robotar kan gjere bortimot alt langt meir effektivt og langt billegare enn menneske kan. So kva vil skje med det store fleirtalet av befolkninga når det ikkje lenger er behov for arbeidskrafta deira? Vil ein finne ein måte å i det stille ta seg av ‘ubrukelege etarar’ som ein vurderer ‘berre tek opp plass’? I årevis har vi blitt åtvara at KI og robotar kjem til å revolusjonere arbeidsstyrken, og no er den dagen endeleg komen.
Til dømes har Amazon brukt ymse typar enkle robotar til å utføre visse oppgåver i årevis, og no blir høgt sofistikerte menneskeliknande robotar sett i arbeid saman med vanlege menneske-arbeidarar. […]»
Artikkelen som Snyder viser til, publisert på av Business Insider, fortel om ein robot på to bein ved namn Digit, som har byrja å jobbe i eit av lagerbygningane til Amazon. Den (eller han?) er designa av selskapet Agility Robotics, som Amazon har investert i. Digit kostar frå ti til tolv dollar i timen å drive (frå rundt 100 til 120 kroner timen), men selskapet spår at denne kostnaden vil falle til to eller tre dollar (20 i overkant av 30 kroner timen) til pluss tillegg tilknytt programvare.
Snyder skriv:
«Korleis skal vi liksom konkurrere mot det?
Ingen menneske-arbeidar kjem til å arbeide for ‘to til tre dollar i timen’.
Pluss, robotar treng ikkje pausar, dei blir ikkje sjuke, dei klagar ikkje og dei stel ikkje frå selskapet.
So denne trenden kjem berre til å akselerere i åra som kjem.
Til og med no finst der ein McDonald’s-restaurant som nesten berre er driven av robotar.
(Sjå òg «McOppsagt? Kunstig intelligens kan føre til masseoppseiingar av overflødige tilsette i McDonald’s», publisert 18.desember 2023.)
Du trur kanskje at robotar ikkje vil ta jobben frå deg med det fyrste fordi du har ein type jobb som krev eit høgt intelligensnivå.
Vel, dersom du er ein white collar-arbeidar [innan service, leiing, administrasjon; ein relativt godt lønt skrivebordsjobb; oms.komm.], er der ein temmeleg stor risiko for at din noverande jobb ein dag vil bli gjort ‘avleggs’ av kunstig intelligens.
Faktisk spår Goldman Sachs at KI kan ta so mange som 300 millionar fulltidsjobbar i løpet av dei komande åra, og dei fleste vil vere white collar-jobbar. […]
So korleis skal du kunne tene til livets opphald når KI og robotar gjer nesten alt betre og billegare enn du sjølv kan gjere?
Eit vell av jobbar vil gå tapte i åra som ligg framfor oss.
Trist nok er sanninga at den amerikanske økonomien allereie blør jobbar.»
Snyder viser til ein artikkel på Zero Hedge som ligg bak betalingsmur, der ei spørjeundersøking indikerer at den amerikanske økonomien la til 216 000 jobbar sist månad (desember 2023?), men at der samstundes gjekk tapt 683 000 jobbar. Dette er det største fallet i jobbar sidan covid-«pandemien» og dei samfunnsøydeleggjande nedstengingane. Talet fulltidsjobbar skal ha falle med over halvannan million i desember månad åleine, seier den same betalingsmur-artikkelen på Zero Hedge. Over 14 millionar jobbar skal ha gått tapte under covid-æraen.
I lengre tid har Snyder skrive om det han kallar ein «tsunami» av permitteringar og masseoppseiingar – til og med giganten BlackRock førebur seg no på å seie opp tilsette, som denne artikkelen skriv. Hjå dei er det snakk om å seie opp rundt tre prosent av den globale arbeidsstyrken deira, noko som visstnok tilsvarer 600 tilsette. Snyder skriv vidare:
«I mellomtida går konkursar i vêret over heile landet.
Faktisk var talet konkursbegjæringar i USA i 2023 18% høgare enn det var i 2022.»
Dette er det Reuters som rapporterer. Avslutningsvis skriv Snyder:
«Joe Biden vil nekte for det so lenge som han er i stad til, men sanninga er at vi er i ei økonomisk krise akkurat no.
Men det vi opplever i skrivande stund er ikkje eingong verdt å samanlikne med det vi har i vente.
So nyt dei siste smulane av velstand medan du framleis kan, fordi denne ferda vil berre gå i nedoverbakke herifrå.»
