Sjå òg «Russiske lærebøker blir reviderte: USA fuska under presidentvalet i 2020», publisert 7.januar 2024.
Nettstaden The National Pulse publiserte ein artikkel 2.januar 2024 der ei spørjeundersøking har avdekt at éin av tre amerikanarar, altso 40%, seier at Joe Biden er ein «illegitim» president, altso at han ikkje var den som eigentleg skulle ha blitt president tilbake i 2020/2021. Denne motstanden mot Biden kjem samstundes som Demokratane prøver å få tidlegare legitime president Donald Trump fjerna som valkandidat i ymse delstatar på det feilaktige grunnlaget at han orkestrerte «storminga» av Kongressen 6.januar 2021. Sjølv blant Demokratane trur no 10% at Biden ikkje er lovleg valt, ein oppgang frå 5% i 2022.
Grunnen til den veksande misnøya mot Biden skal visstnok vere korleis administrasjonen hans har handtert den ukontrollerte tilstrøyminga av ulovlege innvandrarar over grensa frå Mexico. Andre årsaker skal vere den elendige økonomien i USA, med ein stadig veksande inflasjon og tilsvarande reduksjon av kjøpekraft hjå amerikanarar flest. Mange sit òg med inntrykk av at Biden misbruker embetet sitt til å gjere seg sjølv og familien rikare. Spesielt unge amerikanarar ser ut til å ha større og større mistru til denne mogleg demente statsleiaren.
Ifølgje Natural News, vart spørjeundersøkinga utført av avisa The Washington Post og Universitetet i Wisconsin i 2023. Det er viktigast å merkje seg at fleire no enn i 2023 trur at Biden ikkje vart demokratisk valt i 2020, og at både Republikanarar, Demokratar og politisk uavhengige uttrykkjer skepsis overfor den sokalla «leiarskapen» til 80-årige Biden.
The National Pulse skriv (mi omsetjing):
«‘Trua på legitimiteten til Biden fall med nesten ti poeng blant vaksne amerikanarar mellom 2022 og 2023, der litt over 60% seier at han er den legitime presidenten i 2023, samanlikna med nesten 70% i 2022 […].’
‘Blant Republikanarar fall trua på legitimiteten til 2020-valet og Bidens siger frå 40% til litt under 30%. Og blant Demokratar seier [nesten] 10% no at Biden er ein illegitim president samanlikna med [omtrentleg] fem prosent i 2022,’ held the Pulse fram. Dei same kjenslene vart òg reflektert blant uavhengig-lente respondentar, der berre 66% trur at presidentskapen til Biden er legitim i 2023, samanlikna med 72% i 2022.
‘Kanskje mest bekymringsverdig for Biden er fråfallet av støtte blant unge amerikanarar. Data frå spørjeundersøkinga avslører at amerikansk ungdom har mindre sannsyn for å tru at Biden er ein legitim president enn eldre amerikanarar.’ […]
Ei separat spørjeundersøking frå 2023 fann òg ut at Biden er ein dårleg leiar og ein president som ein ikkje kan stole på. Spørjeundersøkinga som vart gjort av Center Square and Noble Predictive Insights (NPI) tok prøvar frå meir enn 2500 registrerte røystarar som var anten Republikanarar, Demokratar eller uavhengige frå 31.juli til 3.august 2023.
Den fann ut at 49% av respondentane seier at Biden ikkje er ein sterk leiar. 49% trur òg at Biden ikkje har vurderingsevna til å tene [landet] effektivt, medan 47% seier at han ikkje er påliteleg. 66% av respondentane seier at landet er på veg i feil retning med Biden bak roret, medan 54% av respondentane ikkje er fornøgd med jobben han gjer. […]
Adm.dir. i NPI, Mike Noble, merkte korleis rangeringa av Biden ligg ‘under vassflata både hjå eldre og yngre røystarar’. Han peikte òg ut at fire av ti Demokrat-lenande røystarar og sju av ti uavhengige meiner at landet er på veg i feil retning. Biden-kampanjen satsar hovudsakleg på røystarar som lener i Demokratisk retning, og på uavhengige, for å sikre seg siger i 2024-valet.
Ei tredje spørjeundersøking utført av National Public Radio (NPR) og Marist College mellom 11. og 14.august i fjor, fann i mellomtida ut at 52% av respondentane ikkje er fornøgde med korleis Biden gjer jobben sin som president. Spørjeundersøkinga, som involverte 1220 vaksne, fann òg ut at misfornøgdvurderinga av han er meir tydeleg blant partilinjer.
Eit overveldande fleirtal av respondentar som identifiserte seg som Republikanarar – 91% – er misfornøgde med jobben hans. Den same kjensla såg ein hjå respondentar som identifiserte seg som uavhengige, der 55% uttrykte misnøye med Biden sine prestasjonar.»
