Katolikkar i fyr og flamme: Nyleg gjenoppdaga 25 år gammal bok om orgasmar vart skriven av ein KARDINAL!

I 1998 skreiv kardinal Victor Manuel Fernández ei bok ved namn Mystical Passion: Spirituality and Sensuality. Boka handlar bokstavleg tala om orgasmar, mellom anna hjå ei 16 år gammal jente, og har sett sinna i kok hjå katolikkar. Dei ser forståeleg nok på boka som blasfemisk og pervertert, i og med at jenta ser ut til å ha sterke seksuelle kjensler for Jesus. Dette melder LifeSiteNews, ei kanadisk nettside med eit katolsk grunnsyn. Dei skriv (mi omsetjing):

«Kapittel 6 av kardinal Victor Manuel Fernández si nyleg gjenoppdukka 1998-bok om orgasmar med tittelen Mystical Passion: Spirituality and Sensuality fortel ei urovekkjande historie som involverer ei 16 år gammal jente og hennar ‘lidenskapsfylde møte’ med Kristus, visstnok fortalt av jenta til Fernández.

‘Eg skal prøve å skildre, med mine fattige ord, ei kjærleikserfaring, eit lidenskapeleg møte med Jesus, fortalt til meg av ein 16 år gammal tenåring,’ står det å lese i kapittel 6 i den nyleg gjenoppdaga boka, der LifeSite[News] mottok ein kopi av teksten.

Der han legg ut det jenta visstnok skal ha sagt, skriv Fernández: ‘Og dersom du er den vakraste, Jesus, kvifor ikkje vurdere deg, kvifor ikkje beundre deg, kvifor ikkje nyte deg? Eg ser at du går nede ved sjøen, alltid ung, alltid frisk. Eg ser at du badar i sjøen, og lèt dropane få privilegium til å røre ved deg. Eg ser deg på stranda, liggjande i sanden, og det er som om noko uendeleg lyser gjennom porene dine. Det er ei menneskehud, men vakker som ingen andre.’

‘Lat meg kjærteikne huda di sakte, Jesus, med all den kapasitet for kjærleik som dette vesle vesenet har. Fordi du, meir enn nokon andre, Jesus, veit korleis du skal late deg bli elska. Huda di treng ikkje å kjærteiknast, den treng ikkje kjærleiken min, fordi hjartet ditt er fullt ut metta med ære og guddomleg kjærleik; men du lèt vesena elske deg og du nyt kjærleiken deira, akkurat som du lét dei hate deg då dei spikra deg opp på krossen,’ fortalde Fernández.

Vidare kjem Fernández med sitat frå den påståtte jenta, der ho beundrar leppene til Kristus, og at ho får lov til å ‘kysse dei sakte’. Fernández fortel ein liknande anekdote om Kristus sine ‘delikate bein, som for meg ser ut til å vere perfekt skulpterte søyler, fulle av styrke og vitalitet.’

Om beina held Fernández fram: ‘Eg kjærteiknar dei, eg kyssar dei, eg ser føre meg korleis dei kviler på beina til Maria og fell fredsælt tilbake.’

Kapittelet sluttar med at Fernández siterer jenta sine ord om at ho har innsett noko, noko som er knytt til den erotiske fantasien om kjærleiken Kristus har for ho, og kjærleiken ho har for Kristus: ‘Eg elskar deg alltid i dei menneska eg føler som mine, og hjå dei eg føretrekkjer å grave ned, på stadene eg elskar og på dei som skremmer meg, i mine mest verdifulle augneblinkar og i dei mørkaste timar. Når du vil, kor du vil, korleis du vil; fordi du er alltid ny, alltid annleis, alltid ny. Eg elskar deg, eg elskar deg.’

Gjenoppdaginga av boka, som fann stad tidleg måndag [8.januar 2024], har skapt furore blant katolikkar, der mange av dei ser på verket som blasfemisk og pervertert.

I tillegg til kapittel 6, har kapitla 7, 8 og 9 spesifikt blitt utpeikt å innehalde spesielt krenkjande materiale, og har høvesvis titlane: ‘Mannlege og kvinnelege orgasmar’, ‘Vegen til orgasme’ og ‘GUD i parets orgasme’.

I ein respons på teksten, bad tidlegare nuncio [paveambassadør; oms.an.] erkebiskop Carlo Maria Viganò Sveitsargarden [paven sine livvakter] om å ‘arrestere desse kjettar-pervoane’.

‘Dei blasfemiske kloakk-oppgulpa til Tucho sin fråstøytande pamflett viser slikt eit nivå av perversjon og framandgjering frå Trua at det krev utstøytinga manu militari [med militærhjelp] av argentinaren og hans medskuldige,’ skreiv han.

‘Sveitsargarden har svore å beskytte Den heilage stolen [bispedømmet Roma, embetet og tenesteapparatet til paven], ikkje den som systematisk øydeleggjer den. Lat dei difor vere trufaste mot eiden sin og arrestere desse kjettar-pervoane!’

Den italienske nyheitsbloggen Messa in Latino skildra teksten som ‘verkeleg skandaløs og tydelegvis blasfemisk’, og Damian Thompson i The Spectator antyda at den markerte ‘den endelege krisa til dette pavedømmet’.»

Kommenter innlegget