Skjeletta ramlar ut av skapet: NORSK studie viser at covid-«vaksinar» forårsaka utbreidd skade på barn og tenåringar!

Av årsaker vi berre kan gjette oss fram til, har det i norske hovudstraumsmedia vore musestille om alle skadane som covid-19-injeksjonane har påført norske barn. Dei fleste foreldre vil ikkje vedkjenne seg at norske styresmakter i samarbeid med media har loge om dei «trygge og effektive» mRNA-sprøytene. Ein landsdekkjande studie har no etterforska førekomsten av 18 biverknader hjå dobbeltvaksinerte barn og tenåringar i alderen 12 til 19 år, og kan lesast her. Det er mellom anna Folkehelseinstituttet (FHI) som står bak undersøkinga. Forfattarane av studien er Vilde Bergstad Larsen, Nina Gunnes, Jon Michael Gran, Jesper Dahl, Håkon Bøås, Sara Viksmoen Vatle, Jacob Dag Berild, Margrethe Greve-Isdahl, Ketil Størdal, Hanne Løvdal Gulseth, Øystein Karlstad, Paz Lopez-Doriga Ruiz og German Tapia.

Eg kan ikkje hugse å ha sett denne studien omtala i norske hovudstraumsmedia. Amerikanske Natural News og The Epoch Times har derimot omtala studien. Natural News skriv (mi omsetjing):

«‘Vaksinane’ som vart lisensiert i Noreg var Comirnaty (BNT162b2, Pfizer-BioNTech) og Spikevax (mRNA-1273, Moderna). Desse sprøytene vart administrerte til barn i alderen 12-19 so tidleg som april 2021. Sprøytene vart òg administrerte til ‘høgrisiko’-barn før april, men desse barna vart ekskluderte frå studien. Nesten 500 000 barn vart inkludert i studien. […]

Ifølgje studien forårsaka desse unaudsynte, bedragerske vaksinane utbreidd skade på friske tenåringar. Dei mest merkverdige uventa reaksjonane var anafylaksi, myokarditt, perikarditt, oppsvulma lymfeknutar og blindtarmbetennelse.

I ein separat underanalyse oppdaga forskarar at covid-vaksinane òg forårsaka ein auke i epilepsi og krampar hjå barn. Vaksineskaden var meir utbreidd etter andre dosen, noko som antydar at kumulativ toksisitet kan finne stad frå den eine dosen til den neste [at skadar samlar seg opp i tidsrommet mellom fyrste og andre dose; oms.komm.].

Studien ekskluderte barn som hadde lide av nokon som helst av desse helseproblema innan fire år før covid-vaksinen. Dette tydar at vaksineskade hjå sjuke barn ikkje eingong vart registrert i studien. Vaksineskade kan vere meir utbreidd enn det som vart registrert i denne studien, og covid-sprøytene kan ha gjort sjuke barn endå sjukare enn dei brukte å vere. Ei anna avgrensing i studien var utelatinga av alle barn som fekk tre dosar av vaksinen, ehller barn som fekk ein ikkje-mRNA-vaksine. I tillegg vart ingen barn som døydde i studieperioden inkludert i analysen. […]

Forskarane brukte ein sjølvkontrollert tilfelleserie (SCCS [self-controlled case series]-analyse og ein modell kjent som Poisson-regresjon for å sjå etter auke i uventa biverknader mellom dei vaksinerte og uvaksinerte barna. Dei uvaksinerte barna vart brukte som eit referansepunkt i studien.

Forskarane oppdaga at barn vaksinert med ein covid-19-vaksine hadde FEM gonger større risiko for å bli råka av ein anafylaktisk reaksjon (alvorleg allergisk sjokk). Risikoen auka til nesten TI gonger etter ein andre dose av covid-19-vaksinen. Risikovindauget for anafylaktisk sjokk er berre to dagar etter administrasjon av vaksinen. Dette er ein medisinsk standard fastsett av Verdas helseorganisasjon (WHO). Risikoen for anafylaktisk sjokk hjå barn kan vere endå høgare dersom risikovindauget hadde blitt utvida til 14 dagar etter vaksinasjon. Med mRNA-vaksinar kan piggproteinet ikkje oppløyse seg straks; det kan formeire seg og samle seg opp i distale organ (inkludert hjartet) fleire veker etter vaksinasjon. Dette kan forårsake andre uventa biverknader lenge etter WHO sitt standard todagars risikovindauge. […]

Risikovindauget for oppsvulma lymfeknutar var 14 dagar etter vaksinasjon. Vaksinerte barn hadde 2,5 gonger større risiko for å bli råka av oppsvulma lymfeknutar i denne tidsperioden. Dette er ein indikator på framtidig kreftrisiko. Mest sjokkerande: vaksinerte barn hadde SJU gonger større risiko for å bli råka av myokarditt og/eller perikarditt i 28-dagars risikovindauget etter andre dosen av covid-vaksinen. Dette er barnemishandling og medisinsk feilbehandling, noko som utgjer brotsverk mot barn på ein global skala.

I ein supplementær analyse oppdaga forskarane ein auka risiko for akutt blindtarmbetennelse etter både fyrste og andre dosen av covid-vaksinen. Der var òg ein utprega auke av lamming av ansiktsnerven etter vaksinen. Vidare underanalysar oppdaga ein auka risiko for epilepsi og krampar blant 18- og 19-åringar i 28-dagars risikovindauget etter andre dosen.

‘Kunnskap om potensielle uventa biverknader etter vaksinasjon er kritisk viktig for å vege fordelar mot risikoar, og for framtidige vaksinetilrådingar,’ skreiv German Tapia ved Folkehelseinstituttet. ‘Talet observerte utfall og statistisk betydelege assosiasjonar var generelt låg i denne studien, med somme unntak som burde bli vidare overvaka.’»

Kommenter innlegget