WEF-vitskapsfolk lagar no kreftresistente hjernar av aborterte babyar

Eit team av vitskapsfolk i World Economic Forum (WEF) har erklært at dei har lykkast i å lage ein laboratoriedyrka, kreftresistent hjerne ut av aborterte baby-delar. Målet skal visstnok vere å finne ein kur for barnekreft, men med tanke på kven som utfører denne forskinga, og kva slags «kjelder» dei bruker i forskinga, er det grunn til å ane ugler i mosen. Denne nyheita melder nettstaden The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

«Vitskapsfolk ved Prinsesse Máxima senter for pediatrisk onkologi [feltet som har med kreft hjå barn å gjere; oms.an.] i den WEF-kontrollerte nasjonen Nederland, seier at dei dyrka hjernen ut av aborterte foster som var i vekstperioden frå veke 12 og til og med veke 15.

Daily Mail rapporterer: Fram til no, under dyrkingar av andre mini-organ, braut vitskapsfolk ned originalt vev til enkeltceller ved å bruke embryoniske eller pluripotente stamceller for å dyrke og gjenskape spesifikke område av hjernen.

Oppdaginga fekk vitskapsfolk til å vurdere bruk av mini-organet for å modellere hjernekreft og spesifikt fokusere på korleis den utviklar seg hjå barn, med håp om at det fører til ein kur.

‘Desse nye små-organa som kjem frå fostervev kan tilby ny innsikt i kva som formar dei ulike regionane i hjernen, og kva som skaper cellulært mangfald,’ ifølgje dr. Delilah Hendriks, ein gruppeleiar ved Prinsesse Máxima senter for pediatrisk onkologi, post-doktorforskar ved Hubrecht institutt og Oncode-forskar, som var medforfattar av studien.

Anonyme donorar samtykte at vitskapsfolk kunne bruke vevet for berre forskingsføremål.

Forskarane ønskte å finne ut om dei kunne skape eit langvarig, ekspanderande organ med den same cellekompleksiteten som ein finn i menneskehjernen.

Ved å bruke hjernevevet frå foster, kutta teamet vevet opp i småbitar og organiserte dei i ei petriskål, før dei plasserte kulturane i ein orbital-ristar.

I dei fyrste fire til åtte dagane la forskarane merke til fleire 3D-strukturar som danna seg og heldt fram med å vekse, medan dei framleis likna hjernevev i utsjånad.

Teamet oppdaga at ved å dele opp foster-mini-hjernen, ville den gjendanne seg til det dobbelte av originalstorleiken innan 20 til 30 dagar med kultivering.

Denne fulle prosessen heldt fram i åtte månader, der mini-hjernane til slutt voks til 1500 kubikkcentimeter i storleik, då veksten gjekk meir sakte, men framleis kunne oppretthaldast.

Teamet fokuserte so på sitt primærmål om å kjempe mot hjernekreft, og brukte nokre av dei nyleg danna små-organa til å utvikle mini-svulstar.

Teamet brukte CRISPR-Cas9, ein genredigerande teknikk, på eit lite tal celler i små-organa for å introdusere eit kreftgen kalla TP53 for å modellere hjernekreft.

CRISPR-Cas9 er eit verktøy for å lage presise redigeringar i DNA som er oppdaga i bakteriar.

Det tok tre månader før genet hadde fullstendig overteke dei friske cellene, og gjenskapte dei same trekka til typiske kreftceller og viste potensialet for forsking på kreftmedisinar.

Funna deira, publisert i det fagfellevurderte tidsskriftet Cell, avslørte at det kan vere mogleg å bruke små-organa til å leite etter ein kur for kreft, og kan revolusjonere hjerneforsking.

‘Mini-hjernar frå fostervev er eit særs verdifullt nytt verktøy for å studere utviklinga av menneskehjernen,’ sa medforfattar dr. Benedetta Artegiani.

‘Vår nye hjernemodell, laga av vev, lèt oss tileigne oss ei betre forståing av korleis den utviklande hjernen regulerer identiteten til celler. Den kan òg hjelpe oss med å forstå korleis feil i den prosessen kan føre til nerveutviklingssjukdommar slik som microcephali [for lite hovud; oms.an.], so vel som andre sjukdommar som kan kome frå forstyrra utvikling, inkludert hjernekreft hjå barn.’

Nesten 16 000 barn mellom fødselen og 19 år blir diagnostiserte med kreft i USA kvart år, der 4000 blir diagnostiserte med hjerne- og ryggmergssvulstar.

Hjerne- og ryggmergssvulstane utgjer rundt éin av fire tilfelle av barnekreft, og rundt éin av fire barn diagnostiserte med hjernekreft overlever ikkje, ifølgje American Cancer Society.

Av denne grunnen seier Prinsesse Máxima-senteret at dei er bestemte på å finne ei løysing, og trur at det å vellykka utvikle mini-hjernane vil føre vitskapsfolk eitt steg nærare ein kur.

‘Vi jobbar saman med lidenskap og utan grenser kvar dag for å forbetre overlevingsraten og livskvaliteten til barn med kreft. No, og på lang sikt,’ sa Prinsesse Máxima-senteret, og la til: ‘Fordi barn har heile livet framfor seg.’»

Kommenter innlegget