Professor Angus Dalgleish: Nedstengingar drap tre gonger fleire enn dei redda

Covid-nedstengingane som vart innført i dei fleste vestlege land i mars 2020 etter ordre frå WHO og den overnasjonale djupstaten, vart påstått å hindre ukontrollert spreiing av smitte i samfunnet. I røynda førde nedstengingane til konkursar, mentale helseproblem og til og med dødsfall (anten på grunn av sjølvmord eller manglande legebesøk som kunne ha avdekt til dømes kreft). Dette bekreftar Angus Dalgleish, professor i onkologi (læra om kreftsjukdommar) ved St George’s University i London. Saman med Nigel Farage i GB News fortalde han at han og kollegaer hadde åtvara om overtalsdødsfall, og at desse kom både som ei følgje av «vaksine»-programmet og sjølve responsen på «pandemien», altso nedstengingane. Dette rapporterer nettstaden The Exposé. Dei skriv (mi omsetjing):

«Professor Dalgleish har sett både dei aldersjusterte og ‘rå-tala’ for overtalsdødsfall i Storbritannia. ‘Eg har sett sjølve rå-tala og dei er temmeleg urovekkjande fordi der er overtalsdødsfall som ikkje berre skjer i den eldre befolkninga, men òg blant dei under 40,’ sa han.

Ein betydeleg faktor, ifølgje professor Dalgleish, var nedstenging. ‘Effekten av nedstenging og alt det gjorde, var med på å forårsake dødsfall av kreft og ymse andre ting på grunn av feildiagnose, feilbehandling, etc.,’ sa han.

Professor Dalgleish har i lengre tid sagt at for kvart eit liv som vart redda på grunn av ordrar om å halde seg heime, døydde meir enn tre gonger so mange som eit resultat av nedstengings-tiltaka. ‘NHS vart ei covid-teneste, so alt vart stengt ned, og vi veit at når det gjeldt kreft, er det å få ein tidleg diagnose absolutt livsviktig for å bli kurert,’ sa han.

‘Når du faktisk ser på desse tala, slik vi har gjort, er dei dei same i Europa, i Australia, og andre stader òg… denne overtalsdødelegheita byrja, og korrelerer med, vaksineprogrammet… so det tydar ikkje at det er assosiert, men kvifor har ingen sett på det?’

‘Eg og andre kollegaer har teke dette opp i det uendelege, og får ingen andre svar enn at ‘alt er forventa’.’

Dersom du kjenner to menneske med ein tilstand, er det særs vanleg, seier han. ‘Det er særs vanskeleg å finne folk som ikkje kjenner nokon som har fått ein uventa biverknad av vaksinen.’

Professor Dalgleish brukte dømet frå det amerikanske influensavaksine-programmet frå 1977. ‘Dei sette i gang eit vaksineprogram fort og gale – 42 millionar menneske vart vaksinerte, og so dukka der opp rapportar om Guillain-Barré-syndrom… som ikkje er uvanleg ved mange vaksinar,’ sa han.

‘I staden for å nekte for det, sendte dei folk ut i felten og dei kom tilbake og sa, ja, det går definitivt. Og veit du kva dei gjorde? Dei snudde seg rundt og sa: ‘Vel, ingen døyr av influensa lenger, lat oss kvitte oss med vaksinen’.’

Professor Dalgleish meiner at det same burde ha skjedd med covid-vaksinen. Dei skulle ha kvitta seg med den for eit par år sidan.

Diskusjonen gjekk over til kreft generelt. ‘Prosentdelen av krefttilfelle som ein prosentdel av befolkninga veks utan tvil i landet vårt,’ sa han. I Storbritannia på noverande tidspunkt kjem éin av to pasientar til å få kreft i løpet av levetida. Mange menneske er no i risikosona for kreft på grunn av livsstilen sin.

‘Ekspertar, betre ekspertar enn eg er på desse felta, sa faktisk at diett og sjukeleg overvekt no er ein større årsak til kreft enn røyking og alt anna samanlagt. So vi har ei plikt til å ikkje ignorere det,’ sa professor Dalgleish.

Intervjuet kan – utruleg nok! – sjåast på YouTube.

Kommenter innlegget