Dei som har følgt med på amerikansk politikk den siste tida, har nok lagt merke til den republikanske presidentkandidaten Vivek Ramaswamy, som stiller sine inkompetente, korrupte politiske motstandarar til veggs. Hovudstraumsmedia gjer sitt beste for å sabotere direktesendingar med han, mellom anna med «uforklarlege» tekniske uhell, men alternative kjelder som er til stade på desse debattane gjer til at bodskapen hans likevel når ut.
Hans førebels siste utspel handlar om media si rolle i å spreie feilinformasjon, til dømes den usanne påstanden om at Trump konspirerte saman med Russland under presidentkampanjen tilbake i 2016. Der konfronterte han representantar frå medieformidlarar innan hovudstraumsmedia, og kravde ei orsaking frå deira side. Han vart møtt av stillheit og apati, som The People’s Voice formidlar. Dei skriv (mi omsetjing):
«Han gjekk òg over til å spørje om dei [media] følte seg ansvarlege for å feilrapportere om laboratorieopphavet til covid, og for å fyrst rapportere at Hunder Biden sin berbare PC var russisk desinformasjon.
Under eit kampanjearrangement tysdag [9.januar 2024] spurde Ramaswamy reporterar: ‘Berre ved å rekkje opp handa, kven her inne er viljug til å innrømme at Trump-Russland-konspirasjonsbløffen visseleg vart uriktig rapportert av hovudstraumsmedia? Er der nokon her som er i stand til å innrømme at det var uriktig rapportering?’
Ein reporter svarte ved å seie: ‘Det ville ikkje eigentleg vere passande for oss å svare på spørsmålet ditt.’
‘Kvifor ikkje? Kvifor ville ikkje det vere passande?’ spurde Ramaswamy. ‘Det som eg trur er upassande, er å lyge til folket.’»
Som Benny Johnson på X skriv:
«Vivek snur om på manuset overfor reporterar, etterlèt media LAMMA ved å rett og slett spørje:
‘Laug de om Trump-Russland-konspirasjonen?’
[STILLHEIT]
‘Er Hunter Bidens berbare datamaskin russisk desinformasjon?’
[STILLHEIT]
‘Lak covid frå eit laboratorium i Wuhan?’
[STILLHEIT]»
Johnson legg ved videoen frå arrangementet, som kan sjåast i nemnde link. Vidare skriv The People’s Voice:
«InfoWars rapporterer: På spørsmål om feilrapporteringa til media av fakta teknisk sett kunne klassifiserast som ei ‘løgn’, sa Ramaswamy at han trur ‘folket vart loge til lenge tter at media systematisk framleis forstod at dette var produktet av Steele-dossieret.’
‘Steele-dossieret var eit stykke russisk desinformasjon framskaffa av Hillary Clinton-kampanjen, som tente for den føderale regjeringa som basis for å utstade ein FISA-ransakingsordre for å potensielt kunne infiltrere ein medlem av opposisjonspartiet,’ heldt han fram, og konkluderte at dersom president George W. Bush hadde gjort det same mot John Kerry under 2004-valet, ville det ha vore ein massiv skandale som ville ha blitt gjenstand for riksrett.
Ramaswamy spurde òg om medlemmer av media følte seg ansvarlege for å feilrapportere om laboratorieopphavet til covid, og for at dei fyrst rapporterte at Hunter Bidens berbare datamaskin var russisk desinformasjon.
‘Er nokon er einige i at historia om Hunter Bidens berbare datamaskin, slik det vart rapportert av New York Post, visseleg var sannferdig rapportert og ikkje var russisk desinformasjon, men faktisk var ei berbar datamaskin som reelt vart eigd av Hunter Biden?’ spurde Ramaswamy.
‘Eg meiner, du må jo vere einig. Avisa di rapporterte jo om det,’ sa han til ein reporter frå New York Post.
Han gjekk deretter over til å konstatere at det at media skjulte fakta og dreiv med sensur, utgjorde forstyrring av valet i 2020, og sa at den same konsernsensuren no prøver å vise sitt stygge ansikt i 2024.
‘Med mindre vi er i stand til å ope og transparent erkjenne feila frå fortida, trur eg vi risikerer ei endå farlegare framtid. Og eg ønskjer ikkje å sjå ei gjentaking av det som skjedde i dei 12 til 15 månadene før januar 2021.’
‘Som nokon som har som mål å leie dette landet, og forhåpentlegvis, vågar eg å seie, gjenforeine dette landet, meiner eg det er kritisk viktig, det er livsviktig for framtida til dette landet at vi ikkje gjentek desse same feila, og likevel er det nøyaktig det eg ser spele seg ut i sakte kino, og som gøymer seg i full offentlegheit.’»

[…] Innlegget hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar
[…] Innlegget hentet fra Saksyndig […]
LikarLikar