Roger Daltrey er mest kjent som vokalisten i den britiske rockegruppa The Who, som slo igjennom på 60-talet, og som har hits som «My Generation», «Won’t Get Fooled Again», «Baba O’Riley» og «Who Are You?». Musikken deira vart på 2000-talet brukt som kjenningsmelodi til dei amerikanske dramaseriane CSI, CSI: Miami og CSI: NY. Saman med gitarist og låtskrivar Pete Townshend, bassist John Entwistle (død 2002) og trommeslagar Keith Moon (død 1978) var dei på 60- og 70-talet reelle konkurrentar til grupper som The Beatles og The Rolling Stones.
I eit intervju med The Times 11.januar 2024 uttrykte Roger Daltrey skepsis til Det grøne skiftet, spesifikt det som på engelsk blir kalla rewilding, at ein gjer område i naturen om til villmark igjen. Til dømes er gjeninnføring av ulv og fjellrev sett på som rewilding, sidan desse opphavleg fanst i norsk natur. Dette blir då aktiv rewilding, medan passiv rewilding vil vere å late område gro igjen, slik at det for utanforståande ser ut som grunneigarane har dauda i frå eigedommane. Rewilding kan vere grunnen til at vegetasjon i Noreg ser ut til å vekse fritt og viltert – det ser bokstavleg tala ut som folk har slutta å vedlikehalde til dømes turstiar og vegetasjon langs sidevegar.
Nettstaden Climate Depot publiserte eit utdrag av Daltrey sitt intervju med The Times – heile intervjuet ligg bak betalingsmur. Dei skriv (mi omsetjing):
«Han er rockelegenda i The Who, bandet som var eit av dei største i verda. Han er òg ein øko-skeptikar og Net Zero-kritikar. […]
‘Dette landet [England] fann opp tog og dei endra verda, truleg meir enn Internett gjorde,’ seier han. ‘Og der eg bur i Sussex, er nett som ei middelalder-verd. Vi har nydeleg utsikt og ingen kraftlinjer. Livet har ikkje endra seg særleg mykje der dei siste 400 åra.’
Alt dette høyrest flott ut, men Daltrey har noko anna på hjartet òg.
‘Likar du å nyte utsikta ute på landet i England?’ spør han, og får det til å høyrast ut som ein vag trugsel.
Ja, det gjer eg.
‘Vel, nyt det medan du kan, fordi når dei rewildar det, vil det bli om til [den amerikanske delstaten] Connecticut. Har du nokosinne vore i Connecticut? Det brukte å vere mjølkebondar overalt, og no er det ein skog, ein mørk og skiten skog.’
Rewilding er eit sterkt debattert tema, men Dalrey sin mistanke overfor endring kviler på nokre høgst ukonvensjonelle synspunkt.
‘Olje og kol er organisk,’ seier han. ‘Folk ser ikkje den. Å oppdragere nettet slik at alle kan ha ein elektrisk bil – og dette er ifølgje ein ingeniør-professor ved Cambridge [professor Michael Kelly], so kva kan han vete? – vil krevje noko som tilsvarer å byggje tre HS2-ar [høghastigheitslinjer for tog] kvart år mellom no og 2050.’»
