Det amerikanske luftfartstilsynet driv aktiv rekruttering av utviklingshemma og psykisk sjuke som del av sin plan om «mangfald og inkludering»

Federal Aviation Administration (FAA), det amerikanske luftfartstilsynet som ligg under USA sitt transportdepartement, regulerer og overvakar alt som har med sivil luftfart å gjere i landet. No skriv tilsynet på si eiga heimeside at personar med ‘alvorlege’ handikapp er det mest under-representerte segmentet i den føderale arbeidsstyrken. Difor driv dei etter eiga utsegn no med aktiv rekruttering av både fysisk og mentalt handikappa personar, inkludert psykisk sjuke. Dette melder nettstaden The Post Millenial. Dei skriv (mi omsetjing):

«Under sitt People With Disabilities-program, seier byrået at dei ‘aktivt rekrutterer, hyrar, fremjar, held på, utviklar og avanserer menneske med handikapp’. FAA rettar seg mot følgjande handikapp som del av sin politikk: ‘Høyrsle, syn, manglande kroppsdelar, delvis lamming, komplett lamming, epilepsi, alvorleg psykisk utviklingshemming, psykiatrisk uførheit og dvergvekst.’

FAA sa til Fox News at dei ‘søkjer kvalifiserte kandidatar frå so mange kjelder som mogleg, der alle må tilfredsstille eit sett rigide kvalifikasjonar som naturlegvis vil variere for kvar stilling’.

Nettsida deira avslører at dei med handikapp eller dei som har veteranstatus òg kan få fortrinnsrett til stillingane og sleppe å konkurrere med andre søkjarar, so lenge leiaren fyller ut det naudsynte papirarbeidet, og med dette altso gjev dei særsbehandling i tilsetjingsprosessen.

Flyindustrien har hamna under søkjelyset frå folk flest i kjølvatnet av ei hending der ei dør på eit fly frå Alaska Airlines vart blåsen av sida på flyet, eit Boeing 737-9 MAX som berre var to månader gammalt, som førde til at det måtte ta ei naudlanding.

I eit innlegg på X spurde tech-mogulen Elon Musk: ‘Ønskjer de å reise med eit fly der dei prioriterer DEI-tilsetjing [DEI = Diversity (mangfald), Equity (utfallslikskap), Inclusion (inkludering)] på kostnaden av tryggleiken dykkar?’ Han la til: ‘Det er det som faktisk skjer.’

‘Folk kjem til å døy på grunn av DEI,’ la Musk til.

Kommentaren frå Musk kom som respons på ein rapport som i 2022 avslørte at Boeing byrja å prioritere Mangfald, Utfallslikskap og Inkludering (DEI) som del av tilsetjingsprosessen sin i 2022.

Alaska Airlines-situasjonen kom like etter ein sjokkerande rapport frå desember [2023], som viste at der var 19 tilfelle der fly nesten krasja med kvarandre på flyplassar dei fyrste ti månadene av 2023.

Dette var det høgste talet sidan 2016. Det stod i rapporten at FAA har streva med å tilsetje fleire lufttrafikk-kontrollørar, og sidan talet flightar per dag har auka, er talet fullt serifiserte lufttrafikk-kontrollørar ned med 1000 menneske i forhold til for ti år sidan.»

Kommenter innlegget