Ny bronsestatue av Martin Luther King i Boston sjokkerer med sin obskøne utsjånad

Nettstaden 100percentfedup.com skriv via WLT Report om ein bronsestatue av dr. Martin Luther King Jr., som nyleg vart avduka i Boston. Medan intensjonen bak statuen er å heidre King, har sjølve utsjånaden fått mange til å reagere. Frå visse vinklar kan verket nemleg sjå ut som ein gigantisk kuk. Ja, du las riktig. Eit bilete av statuen kan sjåast her, og skal vere basert på dette berømte biletet av King. Fleire bilete frå andre vinklar kan sjåast her.

Av ukjende årsaker har kunstnaren valt å fjerne hovudet på både King og kona, slik at berre hendene, armane og skuldrene er igjen. Sjølv med beste, ikkje-seksuelle godvilje framstår skulpturen som merkeleg. Ein video av avdukinga kan sjåast her.

Statuen har namnet «The Embrace», omfamninga. Det er særs delte meiningar om «kunstverket». Som X-brukaren «Amazing Polly Isn’t Here to Compromise» skriv (mi omsetjing):

«Dette er det verste offentlege kunststykket eg nokosinne har sett.»

Sjølve nettstaden 100percentfedup.com skriv:

«Er det pornografisk? Meiningar ser ut til å variere avhengig av kva vinkel du ser det i frå. Det er anten ein gigantisk kuk eller hovudet til ein person mellom to bein.»

X-brukaren Spartackus meiner kunstverket ikkje ser ut som ein kuk:

«Ein statue (av ein gigantisk bæsj?) har blitt avduka i Boston. Den skulpturelle komposisjonen blir kalla ‘The Embrace’. Faktisk er den dedikert til Martin Luther King. Sjølv om ein, ved fyrste augnekast (og alle augnekast deretter), ikkje eigentleg kan sjå det…»

X-brukaren «Catless Cat Lady» har ei tredje tolking av kva statuen ser ut som:

«Eg veit at Boston sin nye #MLK-statue blir avduka i dag (som er fantastisk!), men eg kan ikkje riste av meg kjensla at dette synet av ‘The Embrace’ ser ut som to kroppslause armar og hender som omfamnar ei rumpe.»

Frå fugleperspektiv meiner X-brukaren «Three Hawks» at verket ser ut som ein stor G, og viser dermed til Frimurarane.

Sjølve biletet som har inspirert til statuen vart ifølgje Fox News teke i 1964, då King og kona fekk vete at han hadde vunne Nobels fredspris. Den same nyheitskanalen rapporterer òg at statuen, som er 20 fot høg (seks meter) skal vere eit av dei største minnesmerka i landet som er dedikert til rase-utfallslikskap.

Om kunstnaren prøver å subtilt framstille King som ein gigantisk kødd, er uvisst.

Kommenter innlegget