Ein nyleg avdød patolog, professor dr. Arne Burkhardt, forklarte under ei førelesing korleis han, etter å ha studert prøvar frå vevet til både unge og gamle menn som døydde etter vaksinasjon, oppdaga at piggprotein hadde overteke sædproduserande organ og sjølve sæden. Dette melder InfoWars. Eit utdrag av førelesinga til Burkhardt kan sjåast her. Burkhardt døydde brått og uventa i byrjinga av juni 2023, 79 år gammal.
InfoWars skriv (mi omsetjing):
«‘Her ser du tilfellet der vi viser testiklane,’ sa Burkhardt, og peikte på eit bilete [frå framsyninga], ‘og de kan sjå at hjå denne 28 år gamle mannen, som hadde ein frisk son og som døydde 140 dagar etter injeksjonen, er piggproteinet sterkt uttrykt i det spermatogene organet i testiklane, og de kan sjå at der er nesten ingen sædceller der, men det er eit sterkt uttrykk av piggprotein i det spermatokoniske vevet.’»
Som X-brukaren PeterSweden viser i eit bilete frå førelesinga, er til dømes prostataen full av piggprotein (markert brunt i biletet). InfoWars skriv vidare:
«Dr. Burkharsdt skildra deretter det same vevet hjå den eldre pasienten, og sa: ‘Òg hjå den eldre personen, dette er ein gammal mann, kan de sjå eit sterkt uttrykk i spermatogonia, der er ikkje ei einaste sædcelle her, og eit sterkt uttrykk av piggprotein.’
Kriminalpatologen gjekk deretter over til å åtvare kvinner mot å produsere avkom med vaksinerte menn, og sa: ‘Dersom eg var ei kvinne i fruktbar alder, ville eg ikkje planleggje å bli mor saman med ein person, med ein mann, som har blitt vaksinert.’
(Sjå òg «Desperate amerikanske kvinner leitar på Facebook etter SÆD frå uvaksinerte menn!», publisert 8.november 2023.)
Forskinga fell saman med andre data som viser at eggstokkar hjå kvinner òg blir øydelagt av piggproteinet som er til stade i mRNA-sprøytene, noko som antydar at sprøytene provoserer fram ei fullstendig overhaling av det menneskelege reproduksjonssystemet.
Dr. Burkhardt sine observasjonar demonstrerer korleis covid-vaksinar har ein øydeleggjande effekt på menneskeheita og reproduksjonen til arten vår. I det minste krev oppdagingane hans vidare etterforsking rundt temaet.»
Dr. Burkhardt er ikkje den einaste som meiner covid-«vaksinane» skader fruktbarheita til menneske. Dr. Peter McCullough snakkar i denne videoen om korleis piggprotein øydeleggjer eggceller.
