Arktisk kaldfront vart konstruert for å forårsake forstyrring i samfunnet og maksimal skade på gardar, vegar og infrastruktur

Sjå òg «45 minusgrader er venta i den amerikanske Midtvesten neste veke: Driv ‘nokon’ og køddar med vêret?», publisert 13.januar 2024.

Ei uvanleg kuldebølgje har råka store delar av USA, spesielt Midtvesten. Dette meiner geoengineering-ekspert Dane Wigington kjem som eit resultat av vêrstyring – nokon har provosert fram denne arktiske kaldfronten med vondsinna føremål. Som nettstaden NewsTarget (systersida til Natural News) skriv i ein nyleg artikkel (mi omsetjing):

«For geoengineering-ekspert Dane Wigington og Brighteon-grunnleggjar Mike Adams, er det kalde vêret allereie kjent for folket å vere manipulert. Teknologien eksisterer og ligg allereie på det amerikanske patentkontoret. ‘Dei set merkelappar på desse konstruerte stormane, som å kalle dei ‘arktisk kaldfront’, rett ut av den rekordvarme Mexico-golfen,’ sa Wigington i ein nyleg episode av Health Ranger Report, der han forklarte korleis vêrterrorismen blir utført. ‘Dei pressa denne fuktigheita, manipulerte den austlege sjøfronten, pakka det rundt ei lågtrykksone som spann mot klokka, og nukleerte det kjemisk heile vegen. I det du kjem vidare i denne prosessen, får du overgangssona for isstorm mellom den varme flyten av den fuktige Mexico-golfen og får, til slutt, det som endar opp med å vere ymse former av frose material som fell frå himmelen, som er kjemisk nukleert. Dette frosne materialet fell til og med ved temperaturar over frysepunktet.’

Ifølgje han går meteorologiske institutt ut av sine gode skinn for å forklare ‘fenomenet’, sidan dei rutinemessig viser snø frå 38 grader Fahrenheit [3,3 grader Celsius], stundom 40 grader [4,4 grader Celsius] eller varmare. Han la til at dersom klima-manipulatorane held fram med sine kjemiske is-nukleering-sky-såingsoperasjonar, kjem overflatetemperaturane til å falle, stundom betydeleg, avhengig av kor mykje av dette dei bruker og kor lenge dei bruker det. Dette vil gje dei evna til å framkalle alle farane på bakken som kjem med ekstra is og ekstra snø. […]

Dei to diskuterte òg korleis det manipulerte kaldvêret er i ferd med å råke sjølve brødkorga til USA. ‘Det er Kansas, Oklahoma, Nebraska og delar av Colorado. Matproduksjonen i dette området er massiv. Det er dette som matar store delar av USA,’ peikte Adams på. ‘Når det gjeld kveite, mais, bygg og alle desse tinga som blir dyrka i Midtvesten og Øvre Midtvesten, er der øydeleggjande temperaturar der no.’

Wigington nemnde òg at jordsmonnet er so radikalt kompromittert at det er so godt som sterilt. ‘Når du drep mikrobiomet, gjer du det som var jordsmonn om til daud mold. Desse formene for plutseleg frost blir brukt til å øydeleggje avlingar over heile kloden,’ avslørte han. Han avslørte òg at globalistane sprayar gifter som får lauv til å falle av for tidleg. Der er òg ymse giftige element slik som aluminium, barium, strontium, mangan og polymer-fiber i lufta, so vel som mikroplast-partiklar i flasker med sokalla reint drikkevatn.

Gardar blir òg valde ut som mål ifølgje Wigington og Adams. ‘Bønder i Tyskland bryt for tida ut i massedemonstrasjonar fordi regjeringa tek frå dei diesel-subsidiar som gjer dei konkurransedyktige overfor andre europeiske nasjonar,’ sa Adams. The Health Ranger trekte deretter fram den sjølverklærte vaksine-tsaren Bill Gates som eit døme, sidan han driv og rullar ut luftborne vaksinar. ‘Dei sprayar alle slags ting i lufta no, slik som malathion,’ sa han, og viste til det menneskeskapte insektmiddelet som er vanleg å bruke for å kontrollere mygg og ei rekkje insekt.

Desse klimaåtaka har òg ført til forstyrringar på vegane, sidan mange trafikkulykker skjer på grunn av glatte, snødekte vegar. Dei gjorde laboratorietesting og beviste igjen og igjen at der er overflatemiddel i snøen, avslørte Wigington. ‘For dei som ikkje veit kva det er, er det det som gjer såpe såpete. Det endrar den molekylære overflatespenninga til vassmolekyl,’ utbroderte han. ‘So du endar opp med det som essensielt er såpemetta snø.’ […]

Elles i programmet tok Adams opp meda si rolle i å spreie ordet og gjere folk merksame på at vi burde få panikk sidan vi kanskje ikkje vil overleve det neste tiåret. Ifølgje Wigington må folk forstå at dette er eit eksponentielt reknestykke. Det er ufatteleg ikkje-lineært. ‘Det er det folk må forstå og innsjå, og akseptere at dei ikkje kan sjå bakover på ein graf over kor lenge det tok oss å kome til denne mørke staden og tru at vi har like lang tid til å gå vidare, fordi det har vi ikkje,’ åtvara han. ‘Dette er eit reknestykke som akselererer i vill fart, og klimastyring driv denne prosessen vidare i ei ufatteleg grad.’

Han peikte òg på korleis stoda vår allereie er verre enn verst, fordi vi allereie har gjort dette i over 75 år. ‘Vi er ikkje berre på veg mot den sjette store masseutryddinga, vi står opp til halsen i det, som er eksponentielt verre enn noka tidlegare kjent masseutrydding i Jorda si lange historie,’ la han til.»

Nettstaden GeoEngineeringWatch tek opp problema som Adams og Wigington drøfta. Der finst òg ei norsk utgåve, GeoEngineering Norway, der Jan Winås er redaktør.

Kommenter innlegget