Bondedemonstrasjonar fører den tyske regjeringa nærare kollaps

I Berlin måndag 15.januar 2024 fann det stad ein diger demonstrasjon der bønder, lastebilsjåførar og fabrikkarbeidarar køyrde med køyretøya sine for å demonstrere mot den sitjande regjeringa i Tyskland. Estimat av Berlin-politiet indikerer at godt over 5000 traktorar og lastebilar saman med fleire titals tusen menneske kom til byen. Dette melder ReMix News. Dei skriv (mi omsetjing):

«‘Vi ønskjer å sikre oss at bompengar og dieselprisar ikkje aukar. I tillegg kjempar vi for å få halde på våre noverande subsidiar,’ svarte ein av bøndene, Hubertus Krupp, på spørsmål om kvifor han var til stade.

Alvorlege økonomiske problem, kollapsande budsjett, ukontrollert innvandring og energiprisar, og pågåande koalisjonsdisputtar – dette er den beste måte å oppsummere den noverande stoda til den tyske venstreorienterte regjeringa so langt. Mange av desse aukande pressmomenta har vore drivkraft for ein meir enn ei veke lang demonstrasjon blant bønder, og sjølv når desse demonstrasjonane er over, kjem ikkje desse problema til å forsvinne.

Faktisk kan bondedemonstrasjonen og deira stadige krav på mange måtar markere byrjinga på slutten for den tyske regjeringa.

Offentleg støtte for SPD-Grøne-Frie demokratar-koalisjonen raska saman av sosialdemokrat-kanslaren Olaf Scholz har so godt som kollapsa i løpet av dei siste to åra, der den største vinnaren er anti-innvandrarpartiet Alternativ for Tyskland (AfD), som har fått meir enn dobla støtta si. Den venstreorienterte regjeringa gjer det naturlegvis godt når det gjeld kjønnspropaganda, men når det gjeld meir alvorlege emne slik som industri- og energipolitikk, er dei i ferd med å gå tom for idear. Vanskane til Scholz vart forsterka av den fullstendige kollapsen av det tyske budsjettet etter ei avgjerd i Forfatningsdomstolen i november.

Sjølv medan regjeringa ber bønder å gjere offer, driv kanslaren og ministrane hans og pressar på for tre nye luksushelikopter som vil koste totalt 200 millionar euro [2,28 milliardar kroner].

I ei videomelding laurdag [13.januar 2024] bad den tyske kanslaren om ro og samarbeid. Scholz sa at eit godt kompromiss hadde blitt oppnådd, at bekymringane til bøndene hadde blitt tekne til etterretning, og at nokre av måtehaldskrava retta mot bøndene hadde blitt trekte tilbake. Derimot var demonstrantane ueinige, og har erklært at dei vil halde fram med demonstrasjonane.

I det mange kritiserte som eit forsøk på å avleie merksemda frå den veksande lista av nederlag til den tyske regjeringa, åtvara Cem Özdemir, Dei grøne sin landsbruksminister, om ‘høgreekstreme figurar’ som ønskjer å sjå demokratiet rotne vekk med sine fantasiar om å styrte regjeringa.

Fridemokratane sin finansminister Christian Lindner minte dei demonstrerande bøndene om ansvaret dei har overfor samfunnet: ‘Snu og reis tilbake, de har mist vitet!’.

Saskia Esken, leiaren av Det sosialdemokratiske partiet (SPD), kalla CDU-opposisjonen sin kritikk av den rådande koalisjonen sitt arbeid ‘ekstremt farleg’.

Derimot, trass all retorikken, seier det store fleirtalet av tyskarane, nesten 70%, at dei støttar demonstrasjonane til bøndene. Vidare ønskjer to av tre tyskarar tidlege val og ei ny regjering.

Kjem den tyske regjeringa til å kollapse? Spørjeundersøkingar åleine er éin grunn for Scholz å halde koalisjonen gåande til den bitre enden, sidan alle tre partia er venta å lide alvorlege tap dersom val hadde blitt haldne i dag. Det svakaste punktet held fram å vere FDP, som har blitt tekne på slep av sine koalisjonspartnarar til det punkt at det ikkje lenger greier å oppnå fem prosent på spørjeundersøkingane, noko som er minimumskravet for å kome inn i regjeringa. Partiet heldt nyleg ei avrøysting med medlemmene om kor vidt dei skulle bli verande i koalisjonen eller ikkje, der det blant medlemmene var eit ørlite fleirtal for å halde koalisjonen gåande.

Derimot har regjeringa til Scholz aldri nokosinne vore so svak. Lindner, som leiar FDP, kan på eit punkt bestemme seg for å godta tapa og kollapse koalisjonen. Sjølv om det kan sjå ut som eit usannsynleg scenario, representerer bøndene ei potent politisk kraft, og når det gjeld offentleg syn på den venstre-liberale regjeringa, kan dei vere dropen som får begeret til å renne over.»

Kommenter innlegget