Den sokalla «amerikanske draumen» brukte å gå ut på at so lenge ein jobbar hardt nok, so vil ein få eit godt liv med tilgang på materielle godar slik som bustad og bil. Om ein skal tru ein artikkel frå nettstaden SputnikGlobe (tidlegare Sputnik.news), er ikkje dette lenger tilfellet for dei fleste amerikanarar. No har fleirtalet av amerikanarar ikkje lenger råd til å kjøpe ny bil. Nettstaden skriv (mi omsetjing):
«To spørjeundersøkingar offentleggjort måndag [15.januar 2024] kjem med urovekkjande innsikt i levekostnadene til amerikanarar og deira generelle tru på det økonomiske systemet i landet.
Den fyrste, basert på Census-data og informasjon frå bilkjøpsappen CoPilot, avslører at dei fleste amerikanarar ikkje er i stand til å handtere kostnaden av ein ny bil.
Ein kom fram til den konklusjonen ved å undersøkje snittkostnaden til ein ny bil, som har stige vesentleg sidan covid-19-pandemien. Problem med forsyningskjeden og mangel på data-chippar stengde ned produksjonen i 2020. Etterspurnader som hopa seg opp gjekk i vêret året etter, noko som fekk prisane til å gå til himmels.
Prisen på ein ny bil har visstnok auka med 30% sidan 2020, sidan bilprodusentar sitt fokus på dyrare køyretøy med luksus-ekstrautstyr òg har spelt ei rolle i den aukande kostnaden. Amerikanarar på bruktbilmarknaden opplever i tillegg prislapp-sjokk sidan snittkostnaden på brukte køyretøy har stige med 38%.
‘Prisane opplevde ein vesentleg bråauke om våren, driven av bestemte forbrukarar i den øvre delen av marknaden, og dei kom seg aldri heilt,’ sa Pat Ryan, adm.dir. i CoPilot. ‘Innan dei fleste merke og segment har bilprisar knapt flytta seg frå dei nivåa som dei starta året på. Når ein òg tek med i reknestykket fleire rentehopp, sat ikkje bilkjøparar igjen med so mange glimrande avtalar.’
I mellomtida avslører ei ny spørjeundersøking at eit overveldande fleirtal av amerikanarar trur at den sokalla ‘amerikanske draumen’ berre er ein myte.
Spørjeundersøkinga spurde deltakarane om setninga ‘dersom du arbeider hardt, vil du kome frampå’ framleis var sann i landet i 2024. Heile 69% av amerikanarane sa at det var den ikkje.
Inkludert i det talet var 18% som sa at den ‘amerikanske draumen’ alltid hadde vore ein myte.
Talet har endra seg vesentleg sidan fyrste gong spørjeundersøkingsselskapet stilte spørsmålet i september 2010. Sjølv om spørjeundersøkinga vart utført i skuggen av bustadkrisa og Den store resesjonen, sa likevel halvparten av amerikanarane på den tida at den amerikanske draumen var ein realitet. Rundt 43% sa at den ikkje var sann, og berre 4% sa at den aldri hadde vore det.
Sidan den tid har mykje av den finansielle uvissa som var vanleg på den tida, blitt eit permanent trekk i den amerikanske økonomien, der sokalla ‘strøjobbar’ – Uber-køyring, matlevering, osb. – erstattar meir tradisjonelle jobbar.
Visse grupper i befolkninga er meir pessimistiske enn andre – berre 21% av både svarte amerikanarar og folk mellom 18 og 29 meiner at den amerikanske draumen er sann. 18% av amerikanarar i hushaldningar som tener mindre enn 50 000 dollar i året [525 000 kroner] seier den er sann.
Men sjølv berre ein tredjedel av amerikanarar som tener meir enn 100 000 dollar i året sa at den amerikanske draumen er ekte. Ei tru på den formeininga var ei mindretalsmeining blant kvar demografiske gruppe som deltok i spørjeundersøkinga, uavhengig av rase, inntekt, utdanning eller politisk tilhøyrsle.
I lys av det negative økonomiske biletet, flyttar verdsmakter i aukande grad innsatsen ved å forkaste den amerikanske dollaren i global handel, og heller søkje utvida samarbeid med land som Russland og Kina.»
